Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kristianhus Båtmotormuseum



På Vikøyri ved Sognefjorden like ved elva Vikja ligg Kristianhus Motormuseum. Museet vart opna i 1997. Dette er eit museum fyrst og fremst for båtmotorar, men nokre båtar og utstyr knytta til båt og sjø finst og.

Kristianhus Motormuseum ligg heilt nede ved Sognefjorden. I bygget er det og turistkontor. Museet er bygt opp kring båtmotorar samla av Kristian Otterskred. I tillegg til motorar er det og nokre båtar og utstyr.

Kristianhus Motormuseum ligg heilt nede ved Sognefjorden. I bygget er det og turistkontor. Museet er bygt opp kring båtmotorar samla av Kristian Otterskred. I tillegg til motorar er det og nokre båtar og utstyr.

Eigar: Arne Inge Sæbø.

Datering: 1999.

Fotograf: Arne Inge Sæbø.

Mannen bak

Dette museet er livsverket til Kristian Otterskred frå Arnafjorden. Otterskred er fødd i 1938. Han har vore tilsett i Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Ved sidan av har han drive eit gardsbruk på Nese i Arnafjorden.
Otterskred byrja samla båtmotorar i 1976, og etter den tid har det vorte over 240 motorar. Eg såg det gjekk gale. Dei gamle båtmotorane gjekk på skrothaugen. Rokkar, rosemåla kister og bondekulturen har dei alltid teke vare på. Dei gamle båtmotorane tok ingen vare på, fortalde Kristian i eit intervju i 1991. Kristianhus Motormuseum bygt av Vik kommune.

Historie

For folk langs kyst og fjord, var båtane det viktigaste framkomstmiddelet i mange tiår. Motoren gjorde livet lettare og sikrare for alle. Båtmotorane var såleis eit viktig element for busetnaden langs fjordane og kysten. Museet gjev eit godt bilete av utviklinga frå dei fyrste motorane til dei meir moderne. Ikkje minst får ein eit inntrykk av mangfaldet av båtmotorprodusentar. I Noreg har det vore 152 fabrikantar, og museet har motorar frå over 40 norske produsentar. I 2000 er det att berre to fabrikkar, det er Bergen Diesel og Sabb. Ein fabrikk i Mandal produserer og motorar på bestilling.
I tillegg til sjølve motorane, har Kristian Otterskred og andre arbeidd med å skaffa opplysningar om motorane.

Mange gamle motorar

Den eldste motoren i samlinga er ein dampmaskin frå 1905. Andre gamle motorar er ein Heinmotor frå 1914 og ei Gedionmotor frå 1915. Begge desse motorane var laga på lisens i Noreg. Elles er godbitane mange, som ein bensinmotor på to tonn frå 1917, motoren er på 20 hestekrefter. Denne motoren har ikkje vore i båt, men vart nytta til å grava torv med på Mongstad.
Dei siste åra har Kristian Otterskred fått inn få motorar. Interessa for gamle båtmotorar har skote fart. No er det mange, både privatpersonar og foreiningar, som samlar på motorar. Særleg vart interessa vekt etter at Kristian og motorane hans vart presenterte i fjernsynsprogrammet Norge Rundt i 1990. Dei fire minuttane på TV førte til stor interesse for gamle båtmotorar.

Gamle båtar

Kristian Otterskred har og fleire gamle båtar, og eit par har fått plass i museet. I samlinga er det ein sognabåt bygd på Geithus av Ellend Geithus. Det er ein seksæring som er over 100 år gamal. Båten er intakt med segl. Kristian har og fått tak i ein fantabåt frå Stavanger. Det er ein open båt med både motor og segl. Om bord på denne levde ein heil familie.

Smal nisje

Kristianhus Motormuseum var lite besøkt dei tre fyrste åra etter opninga i 1997. Museet hadde desse åra dårleg økonomi. Noko skuldast dette at eit museum bygt opp kring gamle båtmotorar berre trekkjer til seg ei lita gruppe spesielt interesserte personar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kristianhus Motormuseum. Informasjonsbrosjyre. Vik 1998.
Avisartiklar om Kristian Otterskred og museet. Vik Lokalhistoriske Arkiv. Vik i Sogn.
Munnleg informasjon frå:
Kristian Otterskred, f. 1938, Vik i Sogn.

PERMANENT IDENTIFIKATOR