Sjølv om det var ei massiv vegutbyggjing i etterkrigstida, gjekk det likevel seint å få vegutløysing til alle bygdene i fylket. På 1970-talet var framleis mange bygder utan vegsamband. I Sogn var det særleg sørsida av Sognefjorden som såg minst til vegkronene. Fresvik var eitt av desse veglause…
Vegutløysing for Årdal har vore eit mykje omdiskutert tema. Årdal fekk heilårsveg til Valdres i 1964, men spørsmålet om vegsamband til fylket stod enno att å løysa. Spørsmålet var om vegen skulle gå til Lærdal eller til Luster.
Stortingsvedtaket frå 1975 stadfesta at stamvegen mellom Bergen og Oslo skulle gå over Filefjell og Lærdal. Første byggjesteg var Hordaland grense-Aurland. Mellom 1980 til 1993 vart det til saman bygd rundt 40 km ny veg, inkludert 18456 m tunnel. Med i stamvegprosjektet var og vegutløysing til…
Måndag 8. april 1940 hadde avisa Sogn og Fjordane (Leikanger) ei notis om Fylkesbaatane sine avgangar frå Bergen til Sogn i tida 8. til 14. april. «Kommandøren» skulle gå frå byen måndag, klokka 21.30, og tysdag 9. april var det «Alden» sin tur. Slik vart det ikkje. «Kommandøren» gjekk frå Bergen…
I 1905 vart Norge eit heilt fritt og sjølvstendig land. Unionen med Sverige vart oppløyst ved Stortinget sitt vedtak 7. juni. Denne artikkelen handlar om 1905 i Aurland kommune.
«no [år 2000] er det fylt stein over gamle «Nesøy», som dermed enda sine dagar som ein del av ein molo». Dette er siste orda i kapitlet om MS «Nesøy» i boka 101 Fjordabåtar. Fartøya til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-2000. Tjue år seinate, år 2020, ligg «gamle «Nesøy» framleis i molo på…
Rett nedom det gamle posthuset i Høyanger står ein minnestein over fem som sette livet til i krigsåra 1940-1945. To sat i tysk fangenskap, tre var sjøfolk i utanriksfart. Minnesteinen vart avduka 7. juni 1947.
Sogn og Fjordane har to minnesteinar fylket sjølv har medverka til å få reist. Ein står i Holmen i Balestrand, reist i 1911 til minne om ein prest og ein fylkesmann som var med og skipa Fylkesbaatane. Det var på nære nippet at steinen vart flytta same sommaren han var komen opp, - på grunn av to…
Bjarne Handal, Høyanger/Oslo, fortel om minne frå oppveksten i Høyanger (avisa Ytre Sogn juli 2010). Mange minne knyter seg til Høyanger som dampskipstoppestad. Det var stas for gutane å få hjelpa til med lasting og lossing. Bjarne fekk jamvel styra dampvinsjen. Kulturhistorisk Leksikon har fått…
Boka "Dampen og kaia" (1998) handlar om båtstoppestadene i Sogn og Fjordane i tida 1858-1998. Forfattaren, Finn B. Førsund, fortel kort om i alt 234 stoppestader. Blaksæter i Stryn har ein omtale på om lag 200 ord. Ei skildring i avisa "Fjordingen" (2009) er utfyllande lesnad. Vi får eit nyansert…
”Den Udvikling vor Dampskibsfart har havt her i Amtet, skyldes for en ikke uvæsentlig Del Kommandør Lous.” Desse orda stod i florøavisa Nordre Bergenhus Amtstidende då Hugo Fredrik Baldvin Lous døydde 16. mars 1899. Kommandør Lous var administrerande direktør i Nordre Bergenhus Amts Dampskibe frå…