Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegutløysing for Årdal



Vegutløysing for Årdal har vore eit mykje omdiskutert tema. Årdal fekk heilårsveg til Valdres i 1964, men spørsmålet om vegsamband til fylket stod enno att å løysa. Spørsmålet var om vegen skulle gå til Lærdal eller til Luster.

Arbeidet med vegstrekninga Naddvik-Fodnes tok til 18. september 1989. Strekninga er 16 km og har to tunnelar. Timreskredtunnelen er 1 km og Bermålstunnelen er 1,6 km. Ovanfor går vegen forbi husmannsplassen Sagi.

Arbeidet med vegstrekninga Naddvik-Fodnes tok til 18. september 1989. Strekninga er 16 km og har to tunnelar. Timreskredtunnelen er 1 km og Bermålstunnelen er 1,6 km. Ovanfor går vegen forbi husmannsplassen Sagi.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Oddvar Nattvik.

Vegutløysing til Valdres

Heilt frå slutten av 1800-talet var det eit ønske om veg mellom Årdal og Valdres. I 1934 fekk Årdal vegsamband til Tyin, og i 1964 fekk dei heilårsamband over fjellet til Oppland. Samstundes fremja kommunen ønske om vegsamband både til Luster via Turtagrø og mellom Årdalstangen og Lærdal. I kommunen sin vegplan av 1948 var prioriteringa heilt klår. Først heilårsveg til Valdres, dernest vegsamband med Luster, og som siste prioritering sette dei opp veg til Lærdal.

Fjellvegen til Luster

Veg over fjellet til Turtagrø stod på kommunen sin vegplan som veganlegget Åbøle-Turtagrø. Også Luster kommune hadde interesse for eit vegsamband med Årdal. Sambandet mellom dei to bygdene hadde vore sterkt i mange år. Mange lustringar arbeidde på "Verket", og kommunen hevda at jordbruksbygda Luster og industrisamfunnet Årdal var viktige for kvarandre. Luster ville fungera som eit oppland for Årdal, og Årdal som eit senter for Luster.

Telegram til Stortinget

Under Fylkestinget i mai 1960 sende fylkesmannen og ordførarane i begge kommunane eit telegram til Skog-, vassdrags- og industrikomiteen i Stortinget, der dei peika på at det ville vera ein fordel å halda fram med anleggsvegen til Turtagrø både for grunneigarane og for turistnæringa. A/S Årdal og Sunndal verk hadde tidlegare bygd ein anleggsveg i samband med byggjinga av ei kraftline til Fortun. Vegsambandet vart vurdert, men ikkje funne godt nok. Vegen var ein høgfjellsveg som ville skapa vanskar om vinteren. Dåverande vegsjef Alf Torp var svært skeptisk til fleire høgfjellsvegar i fylket, vegar som ville vera opne berre nokre få sommarmånader.

Fjordlina til Luster

Samstundes arbeidde årdølene for eit fjordsamband til Luster. I 1946 fremja fylkestinget Årdalstangen-Seimsdal som hovudveg. Anlegget vart ført opp som hovudveg nummer to i vegplanen av 1948. Dette vart gjort etter press frå Årdal kommune og private. Føresetnaden var at det vart industrireising i Årdal og bustadbyggjing i Seimsdalen. Men tanken var og at vegen skulle gå inn i ei framtidig hovudrute mellom Årdal og Skjolden. Eit ekstraordinært Fylkesting sette i 1956 ned eit utval som sette opp ein prioriteringsplan for riksvegutbyggjinga i fylket i perioden 1979-1985. Arbeidet vart ferdig i 1967. Her var veganlegget Seimsdal-Urnes sett opp i andre 5-årsbolken (1975-79) med 19 mill. i løyving og fullføring i tredje 5-årsbolken med 11 mill. Samla kostnad var 30 mill. kroner. Fleire peika på at det var eit rettkome krav at den største industrikommunen i fylket fekk veg til eige fylke.

Årdal snur

Men saka fekk ei heilt anna vending. Årdal kommune endra haldning og gjekk i staden inn for vegutløysing til Lærdal. Sjukehuset i Lærdal var då vedteke og var nok ei årsak til at Årdal endra haldning. I 1968 vart anlegget Årdalstangen-Naddvik sett opp som fylkesveganlegg. I 1971 hevda Stortinget sin samferdselskomite at vegutløysing for Årdal til eige fylke, var ei forsømt oppgåve som måtte gjevast høg prioritet. Det hadde då vorte eit viktig mål for styresmaktene å korta inn og leggja ned ferjestrekningar. I 1948 hadde Årdal fått ferjesamband til Lærdal/Kaupanger, men ferjeturen var svært lang. Ferja brukte ein time og eitt kvarter, og var med unnatak av ferja mellom Lærdal og Gudvangen, det lengste ferjesambandet i fylket.

Årdal-Naddvik

I prioriteringsplanen for riksvegutbyggjinga for 1970-1985 opna Fylkestinget for å byggja veg frå Årdalstangen til Naddvik, med start i andre 5-årsbolken. Årdal kommune ville prioritera vegen som forskotsveg, og bad Fylkestinget om å gje vegen status som fylkesveg. Kommunen forskotterte 3,75 mill. til rådvelde i åra 1969, 1970, 1971. Vegarbeidet byrja i 1975, men i staden for fylkesveg vart vegen første etappe på riksveganlegget Årdal-Lærdal. Strekninga er 9 km og var ferdig i 1982. Fylkestinget gjekk inn for å byggja ei førebels ferjekai på Naddvik, men Stortinget strauk løyvinga då det enno ikkje var avgjort vegtraseen vidare til Lærdal.

Fjordlina til Lærdal

Under revisjonen av vegplanen i 1986-1989 vart det føreslege to vegliner vidare til Lærdal: anten direkte veg frå Naddvik til Lærdal via ein 10,2 km lang tunnel, eller veg til Fodnes, eit nytt ferjesamband mellom Fodnes og Mannheller og tunnel frå Fodnes til Lærdal. Politikarane samla seg om det siste alternativet. Også vegetaten gjekk inn for dette alternativet. Vegparsellen Naddvik-Fodnes fekk si første løyving i 1988. I 1993 var vegen ferdig. Vegsambandet vart finansiert med ordinære riksvegmidlar og hadde ein prislapp på 157 mill. kroner. I 1995 var vegen ferdig til Lærdal. Då opna og ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Det nye sambandet reduserte køyretida mellom Årdal og Lærdal med 90 minutt. Sambandet mellom Årdal-Lærdal-Sogndal knyta saman 14 000 personar.

Finansiering av vegsambandet Årdal-Lærdal-Kaupanger

I 1990 vart bompengeselskapet A/S Vegsambandet Årdal-Lærdal-Kaupanger skipa for å arbeida med delfinansieringa stamvegsambandet Lærdal-Kaupanger. Kostnadsoverslaget var på 299 mill. (1992-kroner), og gjaldt ikkje vegen mellom Årdal og Fodnes. Norsk Hydro sa seg villeg til å yta 77 mill. kroner. Lærdal og Aurland kommune ytte 6 mill. kroner og staten løyvde 62. mill. kroner over det ordinære vegbudsjettet. 154 mill. kroner vart tekne opp i lånemidlar. Desse skulle tilbakebetalast innan 16 år. Bompengane vart inkluderte i ferjebilletten på ferjesambandet Mannheller-Fodnes. Den reelle kostnaden på vegsambandet vart 358 mill. kroner (1995-kr.), og lånet vart auka til 197 mill. kroner.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Fylkestingsforhandlingane 1967. Leikanger 1967.
Bygdebok for Årdal. Natur og næringsliv (red. Dr. Philos Søren Ve), band I, Årdal Sogelag 1971.
Fylkestingsforhandlingane 1973. Leikanger 1973.
Sogn og Fjordane Fylkesting 1974. Leikanger 1974.
Handeland, Olav: Veganlegget Naddvik-Fodnes. I Vegstubben, s. 8-10, nr. 1-1993.
Handeland, Olav: Historisk vegopning. I Vegstubben, s. 16-19, nr. 5 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR