Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. august 2010

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Fylkesbaatane - Å køyre dampvinsj



Bjarne Handal, Høyanger/Oslo, fortel om minne frå oppveksten i Høyanger (avisa Ytre Sogn juli 2010). Mange minne knyter seg til Høyanger som dampskipstoppestad. Det var stas for gutane å få hjelpa til med lasting og lossing. Bjarne fekk jamvel styra dampvinsjen. Kulturhistorisk Leksikon har fått løyve til å saksa historia om første gongen han fekk prøva seg.

<p>DS &laquo;Gudvangen&raquo;, passasjer/lasteb&aring;t, bygd 1903, modernisert 1925, skadd under krigen 1940-1945, reparert og i rute juli 1945 &ndash; 1952. </p>

DS «Gudvangen», passasjer/lastebåt, bygd 1903, modernisert 1925, skadd under krigen 1940-1945, reparert og i rute juli 1945 – 1952.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: Kring 1930

Fotograf: Ukjent (i boka Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane gjennom 100 år.1958)

Hjelpte til med lossing og lasting

Torsdag var den store lossedagen på kommunekaia i Høyanger. Langruta D6 [sjå merknad] hadde med last til korresponderande lokalruter langs sørsida frå Bjordal til Vik. Då var det ofte ekstra jobb å få med lossing frå akterrommet på [dampskipet] ”Gudvangen”, [sjå merknad], som var fylt til toppen med ting som var bestilt frå grossistar i Bergen. Sidan eg etter kvart vart spesialist i å køyre dampvinsjen, sat eg ofte der mens Petter og andre smaug seg som apekattar ned den tronge ”lukecasingen” i lasterommet akter for å ”huke på” det som skulle lossast i Høyanger.

Merknad: DS ”Gudvangen”, bygd 1903, vart skadd under krigen, vart reparert og gjekk i rute i åra 1945-1952.
Merknad: I rutehefta hadde rutene Bergen-Sogn bokstaven D pluss eit tal. Sommaren 1950 kom det t.d. båt til Høyanger i rute frå Bergen med ankomst torsdag kl. 14.30 og avgang 16.00.
 

Fekk lov

Eg må her fortelje om fyrste gongen eg skulle køyre dampvinsj. Eg hadde tidlegare ofte studert korleis dette skulle gjerast mange gonger. Sidan det alltid var dei yngre dekksgutane om bord som hadde denne jobben, følte eg etter litt tvil at dette kunne eg og klare, så eg spurde båtsmannen om å få lov til å prøve meg.

Framgangsmåte

Enkelt forklart går ein fram på dette viset:
Ved å opne steamkrana fekk ein vinsjen til å heise opp, og skulle ein fire lasta ned, så måtte ein dra til seg reverseringshendelen samtidig som ein opna for steamen. Då gjekk vinsjen andre vegen, og lasta senka seg ned i rommet, eller på kaia. Var ein ”følsam” med steamen kunne ein få lasta til å løfte seg eller senke seg nett så sakte eller fort ein ville.

Kassar og sekker i segl

Vel, eg sette meg ved vinsjen. Dekksguten vart sendt ned i rommet for å hjelpe matrosane som sleit med mykje last som skulle heisast på land. Fyrste hivet var ”segl” med diverse tyngre kassar. Eg minnes at det var fleire 40-kilos trekassar med margarin frå margarinfabrikken Norge pluss forskjellige tyngre kartongar med sjokolade, ost eller liknande. I tillegg låg det og lettare kaffisekker eller papirsekker med ”puffet ris” på toppen.

God start

Då kommandoen om å ”stramme opp” hivet kom, opna eg sakte på steamkrana, og fekk løfta lasta slik at den kunne styrast klar av lukekarmen ned frå lasterommet. Deretter ”full steam”, og der dukka det tunge seglet med mykje last klar av lukekarmen opp over dekk. Båtsmannen tok tak i lasta, støtta den, og let den sakte og fint svinga ut over skutesida, ca tre meter over kaia. Eg merka sjølv at dette var eit tungt hiv, for der eg sat på vinsjekrakken kunne eg merka at ”Gudvangen” la seg litt over, i det lasta svinga innover kaia.

Gløymde å stenge støtte-steamen

Då eg skulle fire hivet sakte ned på den ventande og nyinnkjøpte 4-hjulstralla til ekspedisjonen, gjorde eg den verste, og einaste feilen eg har gjort i mi vinsje-karriere [hadde seinare sommarjobb som dekksgut på DS ”Gudvangen”]. Sidan lasta var så tung, og dette var fyrste gongen eg styrte vinsjen, hadde eg gløymt å stenge krana for for støtte-steam, før eg skulle fire ned lasta. Då eg så drog til meg vinsjehendelen for å sette lasta forsiktig ned på tralla, så gjekk dette alt for fort! Ja, heile hivet mest datt ned på nykjerra med gummihjul med eit brak! Eg køyrde i forfjamselsen vinsjehendelen attende – framleis med mykje støttesteam, og dei få kassane som ikkje hadde falle ut over kaien, vart no med hivet oppover mot toppen av lastebommen ein gong til. 

Full kontroll

Då endeleg fekk eg kontroll over situasjonen, og stengt ned på steamen. Leverte deretter lasta perfekt sakte og forsiktig ned til dei som stod på kaia. Heldigvis, ingen vart skada, og det var heller ingen som banna eller brukte ukvemsord. Båtsmannen bøygde seg berre over lukekarmen og ropa ned til dei som var i lasterommet: ”Ikkje legg så mykje last i hiva, karar!”

Godkjent

Eg vart dermed godkjent, sikkert under tvil, som vinsjførar, og det av fagfolk! Denne feilen gjorde eg aldri meir i heile mi vinsjekarriere. Eg vart heller ikkje mobba av dei som sto på kaia då eg ein times tid seinare gjekk i land. Dei var kanskje litt sjokka, kan eg tenke meg, og mangla ord.”

Om Bjarne Handal

Bjarne Handal, fødd i Leirvik i Sogn 1935, kom til Høyanger med familien 1937/1938. Far hans var fabrikkarbeidar. Bjarne gjekk folkeskule (grunnskule) og realskule i Høyanger, og vidare Skiensfjordens tekniske fagskole (STF) (2 år, praktisk/teoretisk linje) 1952-1954. Seinare tok ha tilleggsutdanning i England, USA, Frankrike og Sverige.

Etter teknisk fagskule var Handal til sjøs ei tid. Han kom tilbake til Høyanger 1955/1957 og var med på anleggsarbeid av kraftverket K2 i Dalen (røyrgate og turbinmontasje). Etter 1957 arbeidde han mest i Oslo innafor VVS-bransjen. Handal har også hatt eige einmannsfirma og utført arbeid i offshore-bransjen både i inn- og utland.

Bjarne Handal har alltid vore interessert i veteranbåtar. I 1954 gjekk han tilleggskurs ved STF og tok dampskipssertifikat, 3. klasse.

kjelder:

Førsund, Finn B.: Dampen og kaia. Selja forlag 1998.