Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Vegutløysing for Fresvik



Sjølv om det var ei massiv vegutbyggjing i etterkrigstida, gjekk det likevel seint å få vegutløysing til alle bygdene i fylket. På 1970-talet var framleis mange bygder utan vegsamband. I Sogn var det særleg sørsida av Sognefjorden som såg minst til vegkronene. Fresvik var eitt av desse veglause samfunna.

Veg mellom Vangsnes og Feios vart ferdig opparbeidd i perioden 1966-1971.

Veg mellom Vangsnes og Feios vart ferdig opparbeidd i perioden 1966-1971.

Eigar: Jostein Tveit.

Datering: 1940-1960.

Fotograf: Ukjend.

Vegkrav

I 1959 vart riksveganlegget Vangsnes-Feios (7,2 km) påbyrja. Arbeidet stoppa etter nokre få kilometer. I 1968 starta arbeidet opp att og det vart fullført i 1971. Folk i Fresvik kravde då at riksvegen vart forlenga dei 10 kilometrane som mangla på vegsamband mellom Feios og Fresvik. Det skulle visa seg at det ikkje var så enkelt å få bygd desse få kilometrane. Ikkje berre vart det ein hard kamp om vegmidlar, men det var og strid om korleis Fresvik skulle få vegutløysing, anten langs fjorden til Feios, eller over Fresvikåsen til Simlenes med ferjesamband.

Folkemøte og heftige debattar

Dei fleste i Fresvik ville ha veg frå Fresvik langs fjorden til Feios, slik at dei vart knyta til riksvegnettet til Vik og til Vangsnes med ferje til Hella. Vegvesenet gjekk inn for å leggja vegen frå Fresvik, over Fresvikåsen til Simlenes i Aurlandsfjorden, med ferjesamband til Gudvangen og Kaupanger. Det vart ein lang tur for å komma til eige kommunesenter. Fresvik var den gongen ein del av Leikanger kommune.

Alternativet over Simlenes ville bli billegare enn veg langs fjorden, og vegen kunne byggjast raskare. Alle i Fresvik engasjerte seg i vegsaka. Vegstriden opprørte folk og splitta bygda. Ei aksjonsnemnd arbeidde hardt for å få veg langs fjorden til Feios. Dei la saka fram for stortingsrepresentantar frå fylket, men saka såg ut til å gå i stå.

Simlenes gav dårlegare samband

Veg over Fresvikåsen til Simlenes med ferje kom med på fylket sin prioriteringsplan. Etter planen ville det ikkje bli utsikter til veg dei første 15 åra. Det skapte sterk harme i bygda. Eit innlegg iSogningensa det slik: ".. Vegutløysing må me få om Feios til Vik. Ein veg over Skardet til Simlenes, er inga løysing. Det vil ikkje betra tilhøvi her, med vegutløysing den vegen vert me dårlegare stilt kommunikasjonsmessig ved at me misser skipsanløp i Fresvik. Veg til Simlenes vil seinka arbeidet med veg til Feios. (..) Nei, her har me venta på veg i generasjonar, då kan me ikkje ta til takke med ein bastard av ein veg som i praksis vil flytta kaien vår 16 km frå bygdi."

Politisk svik

Ordføraren i Leikanger kommune, gjekk i 1969 inn for å søkja om statstilskot til vegen over Fresvikåsen. Ordføraren hevda at det ikkje nytta å søkja om vegmidlar til Fresvik-Feios. Samferdselsdepartementet hadde ikkje godkjent vidareføring av riksvegen frå Feios. Årsaka var at det ikkje var mogleg å gi vegutløysing for riksveg med mindre det budde 750 menneske på staden. I Fresvik budde det berre 300. Dei måtte difor søkja om fylkesvegmidlar, og med knappe budsjett, ville det ta lang tid før vegen kom. Kommunen og vegstyresmaktene heldt difor på alternativet med veg til Simlenes og ferjesamband. Dei 6 kilometrane til Simlenes var kostnadsrekna til 1,2 mill. kroner, medan Feios-alternativet ville kosta det mangedoble.

Siger for Fresvik

Men presset frå folk i Fresvik gav til slutt resultat. Sommaren 1970 var samferdselskomiteen på synfaring i fylket. Bygdefolket fekk lagt fram vegspørsmålet, og 1. mars 1971 vedtok fylkesutvalet vegutløysing for Fresvik mot Feios. Statstilskotet skulle gå frå løyvingane til distriktsutbyggjingsføremål. Staten gav dispensasjon frå regelen om at løyvingane frå fylke skulle gå i takt med statstilskotet dei første tre åra. Til vanleg dekka stat og fylket 50 % kvar.

Anlegget starta opp

Vegen mellom Vangsnes og Feios opna 9. juni 1971. Den 4. november 1971 vart det stilt 2 mill. kroner til rådvelde slik at fylkesveganlegget Fresvik-Feios kunne starta opp. Den 10. november byrja arbeidet, og frå 1972 var arbeidet i full gang. Heile veglina var 10,2 km, inkludert ein tunnel på 1,4 km. Køyrebreidda var 3 m. Vegen kosta rundt 15 mill. kroner.

Ramnabergtunnelen

Arbeidet med Ramnabergtunnelen byrja midt i mai 1974. Tunnelen er 1490 m. Gjennomslaget var 21. juli 1975. Journalist John Moberg i avisaSogn og Fjordane, fekk æra av å tenna lunta i den siste salva, og det vaia flagg på flaggstengene i bygda.

Vegopning og stor glede

Laurdag 11. september 1976 var det offisiell opning av vegen. 300 menneske fekk no vegutløysing. Vegarbeidet hadde teke 5 år. Det var no slutt med å heisa bilane om bord på båten for å komma seg ut av bygda.

Distriktsutvikling i fokus

På 1970-talet var det sterk fokus på distrikstutvikling, og vegutløysing var såleis sett på som eit viktig verkemiddel for å halda oppe busetnaden. Transportøkonomisk institutt (TØI) laga fleire rapportar om Fresvik og korleis ulike sider av samfunnet ville bli eller vart påverka av vegutløysing. Liknande undersøkingar vart gjort mange andre stader, mellom anna i Fjærland. Ikkje uventa var konklusjonen at vegsamband betydde mykje, men ikkje alt.

Fråflytting?

I november 1970 budde det 341 menneske i Fresvik. Då vegen kom var talet 300. Bygda hadde hatt fråflytting, som mange andre utkantbygder og veglause samfunn. Rapportane frå TØI fortel ganske enkelt at vegutløysing fører med seg større valfridom når det gjeld reising, og større høve til å velja arbeid i nabokommunane. Samstundes gav nye transporttilhøve positive utslag for jordbruket og den næringsverksemda som alt fanst. Men vegen treng ikkje stogga fråflyttinga i eit samfunn. Det er mange faktorar som spelar inn. Folketalet i Fresvik i 2005 var berre 257.

Som ei fylgje av vegen vart Fresvik Produkt som produserer isolasjonslement etablert i Fresvik. Denne bedrifta er i dag ei hjørnesteinsbedrift i Fresvik og har medverka til å halda oppe folketalet.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Moberg, John: 1490 meter: Ravnabergtunnelen. I Vegstubben, s. 4-5, nr. 2 og 3-1975.
Seim, Lars Håkon: Fylkesveganlegget Fresvik-Feios. I Vegstubben, s. 4-6, nr. 1-1973.
Bolkesjø, Torjus: Vegutløsning, tilgjengelighet og reiseaktivitet. TØI 1981. Bolkesjø, Torjus: Vegutløsning og befolkningsutvikling. TØI 1981.
Sæbø. A.I.: Veg ut av bygdi. I Pridalo, nr. 3-2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR