«Skulpturen skal egge fantasien – enhver skal finne sin båt, og glede seg ved linjenes spill mot den dramatiske bakgrunnen. Hvor finne man vakrere kulisser? Med Vårherre som regissør skifter de de fra lys til mørke gjennom dagens gang, fra vår til sommer, fra høst til vinter, evig skiftende.»…
«Kongen på tur innover Sogn i dag. Med skogselskapets representanter». Det var Høyanger Avis si overskrift på oppslag i avisa 27. mai 1936. Fylkesbaatane sitt flaggskip, DS «Nordfjord 1», gjekk ekstratur med HM Kong Haakon VII og Det Norske Skogselskap sine «fremtredende representanter» og andre…
«Meteors’s første turisttur» melde avisa Nordfjord 17. juni 1921. Det var Bergenske Dampskibsselskab (BDS) sitt turistskip SY «Meteor» sitt første cruise England – Norge med anløp i Sogn og Nordfjord. Fylkestinget sat samla i Loen då «Meteor» var på vitjing. Det blei ordna med besøk om bord, og…
«Og no har «Lærdal» lagt opp for godt. Kvar er det han ligg? Er det på Laksevåg eller i Dokken? Der får han ikkje lov å liggje. Han høyrer ikkje heime der. Han vantrivst. Vil ikkje Heibergske samlingar i Sogn ha han, så la nordfjordingane få han.» Året var 1938. Folkehøgskulestyrar Martin…
Sommaren 1925 byrja Den Norske Amerikalinje (NAL) med cruisefart. Etter ankomst Bergen i slutten av juli sette DS «Stavangerfjord» kursen nordover til Nordkapp. På tilbaketuren var «Atlanterhavets dronning» innom fleire fjordar på Vestlandet. Cruiset var særs vellukka, «som et triumftog» blei det…
Laurdag 22. mai 2010 var det slektstreff i Lunden på Slinde, så og seia på dagen 100 år etter at Kristi og John Lidal kom hit som nye eigarar. Slektstreff er litt av kvart. På Slinde handla det om fire generasjonar Lidal på garden Lunden, – gardssoge og folk i tida 1910-2010.
Ein viktig del av kystforsvaret er kontroll av trafikken på sjøen, på land og i lufta, og varsling av fiendtleg aktivitet. I det norske Luftforsvaret er kontroll og varsling eiga tenestegrein, men omgrepet kan også nyttast om all militær kontroll av trafikken på sjø og land. I krigsåra 1940-45…
År 1873 fanst det to dampskip i Bergen med namnet «Vøringen». Det eine var eit jerndampskip, bygd 1861 i Hull. Det andre var eit tredampskip, bygd 1872 i Bergen. For å skilja dei, vart det av og til i annonser og omtale brukt høvesvis jerndampskipet «Vøringen» og tredampskipet «Vøringen». Det var…
Styvi er ein av dei fire grendene eller hovudgardane i Nærøyfjorden, og består sjølv av to gardsbruk og vårstølen Holmo. I tillegg har garden stølsrett på Hjølmo og Vassete i Dyrdal, på motsett side av fjorden. Før Nærøyfjordområdet fekk verdsarvstatus, vart det oppretta eit eige…
Ei lita grønsteinsøks frå steinalderen kan vere teikn på at det har vore busetting langt tilbake i tid i bygda Dyrdal ved Nærøyfjorden. Andre funn, som ei gravrøys på garden Drægo og eit felt med tre gravrøyser på garden Dyrdal frå yngre jernalder, tyder på det same. Grenda er kjend for det…
Bygda Frønningen ligg mellom Revsnes og innløpet til Aurlandsfjorden, og høyrer til Lærdal kommune. Bygda grensar mot Kaupanger og Fresvik langs fjorden, og mot Aurland og Lærdal statsallmenning på land. Aust-søraust for bygda ligg fjellet Bleia, med ei høgd på over 1700 moh. Bleia naturreservat…
Dei store fossane inst i Nærøydalen, Sivlefossen og Stalheimsfossen er kjende attraksjonar og døme på større elvar som tidlegare rann mot Voss. Dette skuldast at Nærøydalselvi gjennom lange tider har greve ut dalen og såleis endra fallretninga for fleire av sideelvane som no renn mot Sogn.
Nærøyfjorden kan skilte med så mange som 25 større og mindre fossar. Av desse reknast Kjelfossen som den viktigaste, men fleire andre er òg verdt å nemne.
Garden Skjerpi ligg på austsida av Nærøydalen kring 4 km frå Nærøyfjorden. Det var berre eitt bruk på garden like fram til 1870-åra, men då vart garden delt i tre bruk. Garden har høge fjell i søraust, og sola er bort frå byrjinga av oktober til langt ut i mars månad. Gjennom gardsområdet…
Garden Solbjørgo ligg på vestsida av Nærøydalen, vest for gardane Hemri og Skjerpi, høgt oppi fjellsida kring 600 moh. Sjølve gardstunet ligg rett ovanfor eit stupbratt berg. Stølen ligg ovanfor og vest for garden kring 1000 moh. Stien opp til Solbjørgo går i sikk sakk opp den bratte fjellsida,…
Flåm er ein av dei mest populære turiststadene i Sogn og Fjordane fylke. Ikkje minst på grunn av Flåmsbana, som slyngjer seg oppover Flåmsdalen til Myrdal. Nede ved kaien ligg jernbanestasjonen og like ved finn ein det berømte Fretheim hotell. Her byrja ein med hotelldrift kring 1890, etter at…
Ved Beitelen deler Aurlandsfjorden seg i to fjordarmar. Den austlege fjordarmen er breiast og vert rekna som eit framhald av Aurlandsfjorden, medan den vestlege er smal og vert rekna som ein sidearm. Det er denne sidearmen som er Nærøyfjorden, ein stor turistattraksjon med stupbratte fjell og…
År 1883 hadde Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (Nordre Bergenhus Amts Dampskibe (1858-1919) fire store skip og to små. Den 2. desember var dei fire store samla i Bergen. Dei låg ved sida av kvarandre, var ”dekorerede med Flag” og om kvelden ”oplyst med Lamper”. Anledningen var ”Dampskibenes 25…
I 1921 la Fylkestinget fram ein jernbaneplan som føreslo jernbaneutbygging i store delar av fylket. Det kom lite ut av planane. Flåmsbana var og er den einaste jernbanestrekninga i fylket.
Då Bergensbana vart lagt over Myrdal og Finse etter eit stortingsvedtak i 1883, gjekk fylkestinget i Sogn og Fjordane inn for at det skulle byggjast ei sidebane til Sognefjorden gjennom Flåmsdalen. 10. juli 1908 vedtok Stortinget å byggja jernbanelina frå Myrdal til Flåm, men vedtaket vart ikkje…
Kaupanger har vore ein viktig historisk plass i Sogn. Staden står nemnd i sagalitteraturen og har vore marknadsplass, kyrkjestad, tingstad og sete for futar og fylkesmenn. Kontakten med omverda skjedde med båt, men det gjekk og ein veg som knytte Kaupanger og Sogndal saman.
På veg inn Aurlandsfjorden informerer ekspressbåten Bergen-Flåm passasjerane om fossefall, høgdegarden Stigen og, om bygda Undredal, kjend for geitostproduksjon og den minste stavkyrkja i landet. Båten legg av og til kursen tett oppunder land ved Undredal og saktar på farten. Men turistane får…
Året 1814 – eit merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss og union med Sverige. -…
1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, stortingsval og union med Sverige.…
1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med…