Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. desember 2010

Sist oppdatert 13. desember 2018

Kategori

Fylkesbaatane - stoppestaden Blaksæter



Boka "Dampen og kaia" (1998) handlar om båtstoppestadene i Sogn og Fjordane i tida 1858-1998. Forfattaren, Finn B. Førsund, fortel kort om i alt 234 stoppestader. Blaksæter i Stryn har ein omtale på om lag 200 ord. Ei skildring i avisa "Fjordingen" (2009) er utfyllande lesnad. Vi får eit nyansert bilete av livet på bryggja i Blaksetbygda i 1950-åra. Denne artikkelen har tre deler, ein kort presentasjon av bygda Blakset, omtalen i "Dampen og kaia" og stykket i "Fjordingen".

<p>DS &rdquo;Firda&rdquo; legg til kai i Blakset 17. mai 1945. Storparten av mannskapet gjekk vel ein kilometer opp bakkane til ungdomshuset Frendehall. Der fekk dei mat (truleg r&oslash;megraut). Kapteinen heldt tale.&nbsp;</p>

DS ”Firda” legg til kai i Blakset 17. mai 1945. Storparten av mannskapet gjekk vel ein kilometer opp bakkane til ungdomshuset Frendehall. Der fekk dei mat (truleg rømegraut). Kapteinen heldt tale. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1945

Fotograf: Ukjend

Blakset

Blakset ligg på nordsida av Innvikfjorden (del av Nordfjord), 9 km vest for Faleide. Båtstoppestaden i Blakset-bygda har namnet Blaksæter. Bygda høyrde til Innvik kommune til 1965 då Innvik gjekk inn i den nye Stryn kommune. Bygda fekk vegsamband austover hausten 1959.

Om Blaksæter i Dampen og kaia

”Blaksæter finn vi først nemnt i eit ruteoversyn frå 1882. Elles kan nemnast at Anders A. Doksæter var tilsett som ekspeditør i 1905. Rasmus Stensaker vart så tilsett som ekspeditør i 1919. Seinare tok sonen Kolbjørn over. Her var og handel, telefon og post. Ved bryggja var det eigen stall for krøter som skulle sendast med båten.

Det vert fortalt at folk på Blaksæter gjerne møtte opp i god tid før rutebåten kom i rute frå Olden til Bergen, i åttetida om laurdagskvelden om sommaren. I timane før båten kom var dei to butikkan ved bryggja alltid opne. Nokre nytta ventetida til å frette nytt, fortelje historier eller diskutere, der emna kunne svinge frå ljå og bryne til politikk. Tobakksrøyken frå South State, Blue Master og Frisco låg tjukk i butikklokalet medan dette stod på. Dei unge leika eller nytta tida til ymse spel, m.a. krokket, hesteskokasting, kaste på stikka eller fiske ved bryggjekanten.

På Blaksæter vart bryggja teken av isen tre gonger etter 1955. Då kaia vart teken av isen vinteren 1979, var ho nyoppsett. Isen kom då rivande ut fjorden og braut sund halve kaia.”

Artikkelen i Fjordingen

Skildringa i Fjordingen, julenummeret 2009, er skriven av Magne Stensaker. Stensaker fortel om livet på bryggja slik han hugsar det frå barndomsåra og for ein del etter det han har høyrt fortalt. Overskrifta er: ””Dampen” og livet på bryggja i Blakset”

Isproblem

Det vart meg fortalt at nokre vintrar før 1940 var uvanleg kalde. Fjorden låg frosen langt utom Ulvedalsneset. Blaksetbygda var då veglaus [vegutløysing 1959], og ”Dampen” måtte ekspederast ved iskanten/råka. Der kom personar med hest og slede heilt frå Stryn. Det var ikkje alltid ”Dampen” var i rute. Medan dei venta, laga dei bål på isen. 

Rundt 1950 var det og mange kalde vintrar, og tjukk is på fjorden som skapte problem for Fylkesbaatane. Ein gong kom ferja/isbrytaren M/f ”Gudvangen” ekstratur frå Sogn for å bryte råk for dei store båtane som kom frå Bergen. Eg såg ei ferje for første gong. Dei mindre båtane til FSF [Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane] som gjekk ut frå Måløy, låg i timevis og stanga i isen. M/S ”Maaløy” kom ofte på akterover inn råka. Hekken på desse båtane braut isen under seg som ein isbrytar.

[Gravferd]

Ei hending som eg hugsar godt frå gutedagane var ei uvanleg gravferd. Blakset-bygda var på den tid utan kyrkje og utan gravplass [fekk kyrkje 1983]. Isen låg tjukk på fjorden, men råkene gjorde at det var uforsvarleg å ta seg over til Innvik. Onsdag kom M/s ”Hornelen” i rute frå Bergen. Båten baska seg inn til Blakset. Han var mange timar etter ruta. Gravfølgjet gjekk om bord i båten som gjekk ekstratur. På grunn av is og gamle råker gjekk båten ut til Utvik og inn att langs stranda til Innvik. Det vart kveld før vi kom til Innvik kyrkje. Eg hugsar at det var heilt mørkt ved grava. Fylkesbaatane sin båt venta til gravferda og middagen på Innvik Pensjonat var over. Då førde M/S ”Hornelen” oss over til Blakset att. Eg trur at Fylkesbaatane gjorde desse turane gratis.

Skodde på fjorden

Når vi høyrde ”Dampen” tuta i skodda, var det ein regel at ekspeditøren banka på eit tomt oljefat eller bensinfat. Dei gamle dampbåtane gjekk stilt, så i dei dagar utan radar var bankelydane nyttige for navigeringa inn til bryggja. Mange strikungar og ungdom nytta høvet til å gå om bord i ”Dampen”. Dette var for oss ei lita reise ut i verda. Vi såg offiserar i uniform, stuert, byssegut og av og til turistar. Vi høyrde framande lydar, ”rare” dialektar og vi kjende nye lukter. Vi ”lurde” oss rundt i nesten heile båten, og såg det meste om bord. Når det kom tre slag i skipsklokka, var det full fart på land att.

Postkontor om bord

I dei fleste av desse båtane var det eige postkontor og eigen postmann. Blaksetbygda hadde i desse åra to butikkar, men ingen av dei selde vekeblad. Ungdommen brukte å gå om bord i ”Dampen” for å kjøpe lesestoff. Vekeblada og magasina hang freistande på ei snor i det vesle postkontoret om bord. Dei ”modigaste” av dei halv-vaksne ungdommane våga å kjøpa ”Cocktail”. Biletbladet var godt skjult under jakka ved ilandstigning men rykte gjekk fort. Ein del kjærastebrev og andre brev som ein skulle halde skjult for postmannen i bygda, vart lagde i brevkasse om bord i ”Dampen”.

Søndag føremiddag kom m/s ”Maaløy” til Blakset med mellom anna post. På godversøndagar var det folksamt på bryggja og seinare ved posthuset. Postkontoret i Blakset, nær bryggja, var og ope ein times tid søndag føremiddag for å ”dele ut” aviser og brev.

Frakt av livdyr [Olm stut]

I mange år rundt 1950 hadde bygda eigen ”stamstut”. Stuten vart olm og måtte sendast til slakteriet. Denne stuten var uvanleg stor og sterk. Han hadde brote ned mange båsar i bygda, til og mend ein spesiallaga bås av armert betong.

6-7 mann var med for å ”leie” stuten til bryggja. Dei brukte nasering med stang, grime med to tau og eitt tau for kvar fot. På bryggja fekk oksen så vidt plass i ei stor kasse. Då kassa og stuten svinga over rekka på ms Hornelen, vart stuten heilt vill og redd sjølvsagt. Vi strikane var om bord og stod ved lukekarmen for å sjå. Vinsjføraren fekk kassa og stuten så vidt ned for lukekanten før stuten velta kassa. Stuten datt på ryggen ned på det harde dekket. Naseringen vart sleten ut og stuten blødde. Men stuten kom seg på beina att, bura og gjekk laus på alt han såg. Matrosane som skulle ta imot han, kom som rakettar opp leideren til hovuddekket. Ingen våga seg nedatt i lasterommet.

Men etter nokre minuttar kom ein av matrosane som hadde frivakt. Han snakka indresogning, og vi strikane kalla han for Larris. Matrosen gjekk åleine ned i lasterommet, roa den olme oksen og fekk han på plass og festa. Dette gjorde sterkt inntrykk på alle som såg på. Vi fekk seinare vite at denne indresogningen vart brukt til å roe/få tak i ville oksar på stutebeite. Han hadde hypnotiske evner vart det fortalt.

Eigen stall ved bryggja

Like ved bryggja var det festa fleire jarnringar i fjellet. I godvêr vart dyra festa der. Men der var og sett opp eigen stall med fleire båsar. Dyr som kulle sendast eller kom med ”Dampen”, vart i dårleg vêr plasserte i stallen. I ”staljane” som vi sa, var det nesten alltid mykje møk og det lukta vondt. Onsdag og laurdags-kveldane møtte folk opp i god tid før dampen kom i rute frå Olden. Om sommaren vart ventetida nytta til å så mangt, både av unge og gamle, mellom anna krokettspel, hesteskokasting, kasting på stikka, vektløfting, fisking frå bryggja og vanleg leiking. Vi strikungane sykla om sommaren og rende på kjelke og spark om vinteren. Etter at Dampen hadde lagt frå bryggja var det ofte kjekt for unggutane å få følgje jentene heimatt.

Livet i butikkane ved bryggja

I Blakset kom Dampen i rute frå Olden til Bergen i ”passande tid” om kvelden onsdag og laurdag. I timane før Dampen kom var dei to butikkane nær bryggja alltid opne. Stensaker & Søn og Roset & Co. Mannfolka brukte ventetida til å handle, foretelje historier eller diskutere. I dei røyklagde butikkane diskuterte dei alt frå ljå og bryning til politikk. For oss ungane var det spennande å høyre på – ”øyra stod på stilke”. Kolonialbutikkane på Blakset selde so mangt i dei dagar, mellom ann sirup frå tynner, glasruter og enkle sigarettar til ”smårøykarane”. Eg hugsar godt sigarettmerka South State, Frisco og Blue Master. Gamle-karane snakka ofte om ”Trisa” om bord – og lo godt. Vi ungane forstod ikkje heilt kva karane spøkte med. Men vi forstod at ”Trisa” måtte vera eit ”sabba” kvinnfolk”.

Varer

Varer som kom med Dampen var for det meste kolonialvarer, mjøl i sekkar, litt kraftfôr – trur eg, og av og til ein kartong eller to med ”polvarer”. Av varer som vart sende med Dampen kan eg hugse: frukt i trekassar og presseple i sekkar, smør, mjølk (som stod ute under dekk), einepålar og einestaur, tynneband, slakt og livdyr, litt småvilt, salta skinn, blåbær i tynner og av og til rognebær (til ”polet”).

På buda [lagerbygning, ved sjøen] til den eine kjøpmannen stod det om hausten ofte fleire tynner med blåbær. Dei nesten fulle tynnene stod opne. Det var til stor freisting for oss strikane. Nokre nevar med blåbær gjekk nok i munnen på oss av og til. Eg kan ikkje hugse at nokon fekk kjeft for dette, men eg reknar med at kjøpmannen lett såg kven som var blå kring ”truten”.
Eg kan ikkje hugse at dei kombinerte laste- og passasjerbåtane vart nytta til så mange byturar. Derimot var det vanleg å reise med Dampen tur/retur Stryn. Taterane som kom til bygda nytta som regel Dampen til og frå Blaksæter.

Julebåten

Det var stor stas når vi såg det lysande juletreet på styrehustaket på den siste Dampen før jul, og ei lita historie til slutt: Til vanleg reiste bygdefolket på 2. klasse når dei skulle til byen. Ein nordfjording kosta på seg ei dyr reise på 1. klasse. Han vart resten av livet kalla 1. klasse. 

kjelder: