Kulturhistorisk leksikon

Slag (9)

  • Askvoll i vikingtida

    Askvoll ligg sentralt til i skipsleia og området ikring var åstad for fleire sjøslag i vikingtida. Det kan sagalitteraturen fortelje meir om.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll
  • Minnesmerke på Ospa - om MTB 345-tragedien

    Måndag 28. juli 2003 vart eit minnesmerke om ei krigshending avduka i Solund. Det var på datoen 60 år sidan kapringa av det norske marinefartyet MTB 345 og avrettinga av mannskapet i Bergen kort tid etter. Stortingsrepresentant og leiar i forsvarskomiteen, Marit Nybakk, heldt avdukingstalen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Sletta krigsgrav i Honningsvåg - minne om bombedrama

    Onsdag 22. juli 1942 vart ein ''ukjent sjømand'' gravlagd på kyrkjegarden i Honningsvåg. Han var ein av mannskapet på fem som omkom då russiske fly bomba hamna i Honningsvåg søndag 19. juli. Heile mannskapet var frå Sogn og Fjordane. Båten var frå Måløy. Denne særeigne krigsgrava finst ikkje meir. Ho vart sletta i 1978.

  • Om angrepet på ds «Havda» hausten 1944

    Under 2. verdskrigen vart fem passasjerskip i rute på kysten av Sogn og Fjordane angripne av allierte stridskrefter; «Ryfylke», «Sanct Svithun», «Framnæs», «Gula» og «Havda». DS «Havda» vart påteken i Vilnesfjorden i desember 1944. Seks menneske miste livet. Eitt av flya kom borti masta på «Havda» og styrta. Begge flygarane omkom.

  • Den svarte fredagen - luftslaget over Førdefjorden 9. februar 1945

    Fredag 9. februar 1945 rasa eit stort luftslag mellom allierte fly og tyske fly- og sjøstridskrefter over Førdefjorden og området rundt. Dette skal ha vore det hardaste luftslaget i Noreg under siste krigen. Utgangen for dei allierte var nærmast å rekne som ein katastrofe og dagen kom til å gå inn i historia under namnet "Den svarte fredagen".

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Naustdal
  • Kong Sverre - Stadnamn og Fimreiteslaget II

    Fredag 15. juni 1184 utkjempa kong Sverre og kong Magnus Erlingsson sjøslaget ved Fimreite. I 1937 skreiv lærar Vilhelm Flugeim eit stykke om gamle bautasteinar på Nornes og fleire stadnamn. Han knyter to av stadnamna til Fimreiteslaget. I denne artikkelen drøftar språkforskar og stadnamnkjennar Per Arvid Ølmheim tre av stadnamna hjå Flugeim.

  • Kong Sverre - Stadnamn og Fimreiteslaget I

    Fredag 15. juni 1184 utkjempa kong Sverre og kong Magnus Erlingsson sjøslaget ved Fimreite. Over 2000 menn skal ha mista livet. I 1937 skreiv lærar Vilhelm Flugeim (1859-1942) eit stykke om fleire gamle stadnamn på Nornes og om dei gamle bautasteinane som stod der. Han knyter to av stadnamna til Fimreiteslaget. Denne artikkelen attgjev Flugeim sitt stykke. Språkforskar og stadnamnkjennar Per Arvid Ølmheim har drøfta tre av stadnamna hjå Flugeim i ein eigen artikkel.

  • Olav den heilage - Bakhaldsangrepet i Sauesund

    Snorre fortel at Olav Haraldsson (den heilage) reiste frå England til Noreg hausten 1015 for å vinna kongsmakta i landet og halda fram med misjonsarbeidet for kristendommen som Haakon den gode og Olav Tryggvason hadde byrja. Skipa hans kom ut av kurs og nådde land i Selje. Herifrå siglde dei sørover gjennom Ulvesundet og møtte Håkon jarl Eiriksson i det tronge sundet Sauesund ved Atløy i Askvoll. Denne artikkelen inneheld Snorre si forteljing om hendinga i Sauesund og ei kort innleiing om Olav den heilage og Snorre.

  • Krigsdrama ved Staveneset

    Staveneset var ein nøkkelstad under andre verdskrigen. Engelske agentar overvaka skipstrafikken og fekk hjelp hjå dei fastbuande, noko som skapte dramatiske omstende.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Askvoll