Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Askvoll i vikingtida



Askvoll ligg sentralt til i skipsleia og området ikring var åstad for fleire sjøslag i vikingtida. Det kan sagalitteraturen fortelje meir om.

Vilnes på Atløy med Alden i bakgrunnen.

Vilnes på Atløy med Alden i bakgrunnen.

Eigar: Sigvald Vårdal.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Sigvald Vårdal.

Slaget på Stavenesvåg

Ved helleristningane på Staveneset ligg også ei rekkje gravrøyser. Desse kan vere frå vikingtida, då det i følgje sagaen skal ha stått eit slag på Stavenesvågen litt lengre ute. Etter Snorre sine kongesoger var det Håkon jarl, Harald Hårfagre sin allierte, og Atle jarl som kjempa om dominansen i det området som seinare blei Sogn og Fjordane. I dette slaget fall Håkon jarl (Grjotgardsson), og Atle jarl vart skadd slik at han døydde seinare på Atløy. I følgje skalden Øyvind Skaldespille kom det til harde kampar:
"Og vågen vart vidt ikring blanda raud med blod av menn, dei gjæve, som stupte om Grjotgards-sonen i store stridsgny ved Stavenes."

Bilete av Alden og den nordlege delen av Atløy set frå Staveneset.

Kongsgard på Atløy

Atle jarl skal ha vorte gravlagd på Atløy etter slaget, og dette kan vere opphavet til namnet på øya. Den seinare kong Eirik Blodøks skal ha hatt kongsgard her, og etter Egilssoga skal skalden Egil Skallagrimson ein gong ha kome hit i gjestebod mens kongen blota. Det vart drukke mykje øl, og Egil tok til å kveda spottande kvad. Han kom i krangel med ein av kongens menn, Atløy-Bård, som prøvde å ha gift i ølet hans, men Egil drap han med sverdet sitt. Egil måtte då rømme, men han fekk ikkje tak i båt. Han sumde då over til ei mindre øy med spydet, sverdet og hjelmen på ryggen.

Kart over Atløy i vest og Askvoll i aust.

Vikingar i bakhald

Kan hende var det Sauesundet Egil Skallagrimson sumde over for å gøyme seg. Dette tronge sundet var i alle høve åstad for eit anna sjøslag seinare i vikingtida. I Snorre sine kongesoger blir det fortalt om då Olav den heilage la seg i bakhald i Saudungssund, for å gå til åtak på Håkon jarl. Dei la eitt skip på kvar side av sundet, med eit digert tau mellom. Då jarlen kom inn sundet med langskipet sitt, trudde han at dette var to handelsskip, og let karane sine ro fram mellom dei. Då drog kong Olav og mennene hans opp tauet midt under kjølen på langskipet og vatt det opp med vindespelet. Straks tauet tok tak i langskipet, gjekk det i vêret med akterenden og stupte fram på nasen, så sjøen stod inn framme med stamnen og kvelvde det. Kong Olav plukka opp Håkon jarl og nokre av mennene, mens andre vart drepne eller drukna. Jarlen måtte sverje på at han aldri meir skulle kjempe mot kongen, og at han skulle fare frå landet. Han fekk så att skipet sitt, og dei fór kvar sin veg.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Grøneng, Aud Elsa: Bygdesoger frå Herland. I: Sogehefte for Askvoll kommune nr. 13 2000. Askvoll 2000.
Losnegård, Gaute og Rolf, og Rivedal, Henning: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.
Sturluson, Snorre: Kongesoger. Oslo 1990.

PERMANENT IDENTIFIKATOR