Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. april 2005

Sist oppdatert 06. september 2020

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnesmerke på Ospa - om MTB 345-tragedien



Måndag 28. juli 2003 vart eit minnesmerke om ei krigshending avduka i Solund. Det var på datoen 60 år sidan kapringa av det norske marinefartyet MTB 345 og avrettinga av mannskapet i Bergen kort tid etter. Stortingsrepresentant og leiar i forsvarskomiteen, Marit Nybakk, heldt avdukingstalen.

Minnesmerket er sett saman av tre element; namneliste, informasjon og båtfigur, -  og festa i fjell, attmed staden MTB 345 blei påteken.

Minnesmerket er sett saman av tre element; namneliste, informasjon og båtfigur, - og festa i fjell, attmed staden MTB 345 blei påteken.

Eigar: Odd Reksnes

Datering: 2020

Fotograf: Odd Reksnes

MTB 345

I juli 1943 var den norske motortorpedobåten MTB 345 på tokt i norske farvatn mellom Florø og Bergen. Båten vart oppdaga av tyskarane og påteken 28. juli då han låg gøymd tett inntil ein bergvegg i ei lita vik på øya Ospa i Solund. Mannskapet på sju, seks nordmenn og ein brite, vart ført til Bergen. Der vart dei fyrst avhøyrde av folk frå den tyske Kriegsmarine, men straks etter overlevert til Sipo (det tyske sikkerhetspolitiet), som torturerte dei og avretta alle bakbundne i eit skogholt på Ulven kl. 05.30 om morgonen 30. juli.

Avrettinga skjedde etter Hitlers folkerettsstridige Kommando-Befehl av 18.10.1942 trass i at mannskapet var krigsfangar i uniform. Ugjerninga skulle løynast. Tyskarane la offera i kister med sprengstoff, førte kistene ut på Korsfjorden, søkkte dei på djupt vatn og let sprengladningane gå av.

Meir enn ei isolert krigshending

MTB 345-tragedien var langt meir enn ein isolert krigsepisode knytta til Solund. Hendinga vedkjem Nordsjøtrafikken i krigsåra, motstandsrørsla og sambandet mellom det okkuperte Norge og det frie Norge i Storbritannia. Det er også ei hending der internasjonal folkerett vart sett til sides på det grovaste. Avrettinga vart eitt av tiltalepunkta i rettssaka mot general Nikolaus von Falkenhorst, den øvste militære leiaren for den tyske okkupasjonsmakta i Norge. MTB 345-saka er teken med mange stader i krigslitteraturen.

Minnestein på på Ulven

I 1965 vart det reist ein minnestein over MTB 345-mannskapet på marinestasjonen Ulven i Bergen. På steinen er festa ei støypt bronseplate med relieff av båten, ein informasjonstekst og namna på mannskapet.

løytnant Alv Haldor Andresen, Sandefjord
kvartermeister Hans Thorvald Bærevahr Hansen, Bergen,
matros Jens Klipper, Horten,
kvartermeister Bernhard Kleppe, Bergen,
maskinmann Kjell Øystein Hals, Namsos,
maskinist Agnar Ingolf Bigset, Hareid,
telegrafist, Rennie Hull, Blackpool, UK.

Minnesmerket

Det var Trygve Heggheim, Leikanger, som saman med politikarar og krigshistorisk interesserte personar i Solund tok initiativ til å få sett opp eit minnesmerke i Ospa, på staden der båten vart påteken og mannskapet arrestert. Solund kommunestyre handsama søknaden i møte 4. mars 2003. Dei folkevalde vedtok å vera med på å reisa eit slikt minnesmerke og løyvde 15 000 kroner til føremålet.

MTB-minnesmerket i Solund er laga med utgangspunkt i minnesmerket på Ulven. Det er samansett av tre deler, - silhuett av båten, namna på mannskapet og ein informerande tekst. Delene er montert attmed kvarandre i bergveggen slik at dei dannar ein heilskap. Eit særeige trekk ved MTB 345-minnesmerket i Solund er at ein berre kan koma til det med båt.

Avdukinga

På avdukingsdagen gjekk ein straum av båtar til staden ved Ospa. Minnesmerket vart avduka frå sjøen, og det var stortingsrepresentant Marit Nybakk, leiar av forsvarskomiteen, som hadde det ærefulle oppdraget å stå føre sjølve avdukinga. Ho heldt ein sterk tale der ho synleggjorde kva krigen stod om, - ved å trekkja liner fram til vår tid, og kva vi har å takka MTB-mannskapet for, og alle andre som var med i kamp på liv og død. Marit Nybakk sa:

"Vår takknemlighet overfor dem som ga sitt liv for vår og Europas frihet burde være grenseløs. Vi skylder dem alt.

Når vi på nytt hører trampingen av støvlene fra unge fanatikere i europeiske byer, når tusenvis av uskyldige mennesker ble massakrert på nittitallet i vår egen verdensdel, når hjernevaskede terrorister bruker overfylte passasjerfly som levende bomber - da skal vi huske prisen de vi nå hedrer betalte, for at vi fortsatt er frie og lever i et samfunn basert på demokratiske verdier og mennskeverd.

Ikke minst er det viktig at den oppvoksende slekt får den nødvendige kunnskap om dette kapitlet i vår historie. At de blir minnet om at menneskerettigheter, frihet fra frykt og retten til å mene hva vi vil, ikke er en selvfølge. Og at det fortsatt er mange steder på kloden der undertrykking og vold hører til dagens orden."

kjelder:

Firda. 29.07.2003. Førde.
Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten. Frå Solund i krigsåra 1940-1945. 1987.
Kleppa, Hermund: Andre verdskrigen, minnemarkeringar i Liverpool og Solund. I Kjelda. Nr. 2, 2003. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.
Marit Nybakk: Manus til avdukingstale.
Solund kommune: Saksdokument i formannskapsarkivet.
Trygve Heggheim: Kopi av saksdokument, notat o.a.

PERMANENT IDENTIFIKATOR