Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Den svarte fredagen - luftslaget over Førdefjorden 9. februar 1945



Fredag 9. februar 1945 rasa eit stort luftslag mellom allierte fly og tyske fly- og sjøstridskrefter over Førdefjorden og området rundt. Dette skal ha vore det hardaste luftslaget i Noreg under siste krigen. Utgangen for dei allierte var nærmast å rekne som ein katastrofe og dagen kom til å gå inn i historia under namnet "Den svarte fredagen".

På Slettehaugen i Frammarsvika hadde dei "panoramautsikt" til krigsskodeplassen. Kristoffer, Andreas og Jakob, alle Slettehaug, ser den tyske hjelpekryssaren Z33 er sett mot land ved Jørneset (like over dei på biletet.). Dei har nett sett dei fyrste flya og undrast på kva som no vil skje.

På Slettehaugen i Frammarsvika hadde dei "panoramautsikt" til krigsskodeplassen. Kristoffer, Andreas og Jakob, alle Slettehaug, ser den tyske hjelpekryssaren Z33 er sett mot land ved Jørneset (like over dei på biletet.). Dei har nett sett dei fyrste flya og undrast på kva som no vil skje.

Eigar: Naustdal Fotosamling

Datering: 1945.

Fotograf: Ukjend.

Bakgrunnen for hendingane

På slutten av krigen vart fleire av dei tyske sjøstridseiningane i Noreg trekte attende til Austersjøen, t.d. "4. Zerstörenflotilje" med hjelpekryssarane Z31, Z33, Z34 og Z38.
Z33 låg på verkstad då den fekk ordre om å gå til Tyskland. Kryssaren vart såleis etter dei andre, og på veg søretter langs kysten støytte han på grunn i Brufjorden. Tyske slepebåtar drog kryssaren av og slepte han inn i Førdefjorden. Under dei bratte fjella på sørsida av fjorden ville det vere trygt for allierte fly, meinte tyskarane.

Ein ulik kamp

Dei tyske båtane i Førdefjorden vart oppdaga av britiske speidarfly. Meldingane frå speidarflya skapte travel aktivitet på flybasane i Skottland. Fire allierte flyskvadronar gjekk på vengane, - ein engelsk, ein australsk, ein kanadisk og ein new-zealandsk -, og stemnde mot Førdefjorden.
Tyske fly frå Herdla gjekk til motåtak. Dei allierte flya vart også tekne under eld av dei tyske krigsskipa i fjorden.

Dei allierte flya hadde vanskeleg for å kome seg posisjon over den tronge fjorden. Flymannskapa på dei tyske flya kom frå fronten ved Kirkenes og hadde stor kamperfaring. Det utvikla seg såleis til ein luftkamp som spreidde seg til luftrommet over fleire bygder i Sunnfjord. Det vart ein ulik kamp som for dei allierte vart den reine katastrofen, "Den svarte fredagen" som dagen kom til å verte kalla.
På om lag eit kvarter var kampane over. I alt vart ti allierte og fire tyske fly skotne ned, og eit tysk fly havarerte på veg attende til Herdla. Fjorten av dei allierte og tre av dei tyske flymannskapa omkom, dessutan eit ukjent tal av dei tyske sjøfolka.

Med unnatak av ein mann vart merkeleg nok ingen sivile skadde eller drepne. Martinus T. Furevik frå Førde døydde på sjukehuset i Høyanger knapt fire veker seinare. Han gjekk ut til eit tysk fly som hadde naudlanda på isen i fjorden og pådrog seg ein skade slik at han måtte på sjukehus.

Minnesteinar

På 40-års dagen for freden, 8. mai 1985, vart det ved flyplassen på Bringeland avduka ein minnebauta over dei allierte flygarane som omkom. Sju år seinare, i 1992, vart det også avduka ein minnestein på flybasen Dallachy i Skottland, der dei fleste allierte flya som var med i kampane var stasjonerte.

Museum

På Slettehaugen i Naustdal hadde dei "panoramautsikt" over krigsskodeplassen. Her er ein gammal låve frå slutten av 1800-talet bygd om til museum for hendinga. Den 16. juli 2000 sto generalmajor Gunnar Rolland føre den høgtidelege opninga av Luftkampmuseet på Slettehaug. To av dei allierte flygarane som var med i kampane, var med under opningssermonien. Over tre hundre menneske var til stades, som skal vere den største folkemengda som nokon sinne har vore samla på garden.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Den svarte fredagen. Luftslaget over Førdefjorden 9. februar 1945. Førde, udatert.
Avisa Firda. Fleire stykke 1992 -1988. Førde.
Kleiveland, Geir: Naustdal Bygdebok Allmennsoge Band III. Naustdal 1999.
K-posten nr. 3, 2000. Informasjonsavis for Naustdal kommune.
Runde, Harald Jarl: Bendik på Bønå og "Den svarte fredagen. I Sogeskrift for Naustdal 1997. Førde 1997.
Torp Nilsen, Erik: Svart fredag og strålande søndag. I - Luftkampmuseet Jul i Sunnfjord 2000. Førde 2000.
Luftkampmuseet på Slettehaug, Naustdal.
Opplysningar frå:
Halvor Sperbund, Bergen.
Jakob Slettehaug, f.1921, Naustdal.
Sælensminde, Ole Bjørn: Herdla fra fredelig bygd til krigsskueplass. Herdla 1996.

PERMANENT IDENTIFIKATOR