Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. juli 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Kong Sverre - Stadnamn og Fimreiteslaget II



Fredag 15. juni 1184 utkjempa kong Sverre og kong Magnus Erlingsson sjøslaget ved Fimreite. I 1937 skreiv lærar Vilhelm Flugeim eit stykke om gamle bautasteinar på Nornes og fleire stadnamn. Han knyter to av stadnamna til Fimreiteslaget. I denne artikkelen drøftar språkforskar og stadnamnkjennar Per Arvid Ølmheim tre av stadnamna hjå Flugeim.

Nornesnset ligg som ei halvøy ytst i Norafjorden med garden Nornes på vestsida og Fimreite på austsida. Eit lågt eid går frå det som no er offentleg badeplass over til Naglatun. Tre kraftlinestolpar står på det høgaste punktet. På neset her (inne i fjorden) stod det tidlegare ei notturke.

Nornesnset ligg som ei halvøy ytst i Norafjorden med garden Nornes på vestsida og Fimreite på austsida. Eit lågt eid går frå det som no er offentleg badeplass over til Naglatun. Tre kraftlinestolpar står på det høgaste punktet. På neset her (inne i fjorden) stod det tidlegare ei notturke.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Historisk sus - eller nostalgi?

Lærar Vilhelm Flugeim, eigenleg Vilhelm Kristian Nagelsen Flugeim (1859-1942), har i eit stykke han skreiv i 1937 om mellom anna dei tre fellesnamni Hæra, Naglatun og Danøyri på gard nummer 81, Nornes, i Sogndal kommune, gjeve tilsynelatande sætande forklaringar på kva dei tre namni tyder. Tvillaust er det i ytre Norane, der Nornes-garden ligg, festa stor lit til dei tydingane Flugeim gjev. Likevel kan det vera verdt å sjå nærare på forklaringane hans for å utvida tilnærmingi noko.

Hærå

Hæra, uttalt hærao, meiner Flugeim er brukt om det høgaste punktet på Nornesneset, og at nettopp høgding forklarar namneformi. I stadnamnmaterialet til Fylkesarkivet (www.fylkesarkiv.no) er namnet plassert i Sundet, det vil seia på fjorden utanfor fyret som står lengst mot sør/vest på neset. Det er iallfall feil. Andre meiner Hæra er namn på odden inst (lengst nord) på neset, der den gamle notturka ein gong stod. Dei fleste eg har snakka med, meiner likevel som Flugeim at Hæra er namnet på toppen av neset, der festi for fjordspennet over til Fimreite no står.

Flugeim forklarar namnet med det gamle norrøne ordet for høg: hár (Flugeim skriv "hår"), og at Hæra er komparativformi hær(r)i med det vanlege skiftet mellom a og e (omlyd), som i lang - lengre og fleire. Skal me døma etter den lokale uttalen hærao, må namnet då vera bundi form av eit lint hokjønnsord, jamfør uttalen av artikkelen-a i til dømes slættao, kupao, saotao osb. i talemålet. Det må i so fall tyda på at namnet med tidi har vorte substantivert (omforma til eit substantiv), (ei) hæra, og nærast må tyda høgd eller det høgare (punktet).

Flugeim viser til andre namn i kommunen som minner om Hæra, og der han meiner det same adjektivet (hár) ligg til grunn, som Hærneset (det høgare neset) og Hæsteggi (den høgaste eggi). Hærneset innom Vikane i Sogndal har så vidt eg veit, ikkje noko namnsett nes det kan samanliknast med, så det er vanskeleg å vita kva det skulle vera høgare enn. Det kan sjølvsagt ha funnest ei no ukjend namneform *Lågneset (neset som er lågare). Ei mogeleg løysing er sjølvsagt at namneformi viser til at neset er høgare enn dei andre nesi rundtom og soleis merkjer seg ut. Heller ikkje forklaringi på Hæsteggi, namnet på toppen av Loftesnesfjellet, treng me godta utan vidare. Tydingi kan vera grei, den høgaste eggi, og då er Flugeims samanlikning rett. Men førsteleddet kan like gjerne vera substantivet hest, kanskje eit jamføringsnamn, og då er det av nyare dato. Eller det kan vera eit mannsnamn, slik me truleg har døme på i gardsnamnet Hæstad i Dale.

Som støtte for tolkingi høg finst det likevel eit par gardsnamn i fylket der me iallfall for det eine tvillaust har det gamle adjektivet hár. Det gjeld Hæreid i Årdal. Her finst det eit tilsvarande namn på den garden som ligg lågare eller lenger nede: Lægreid (av lágr - lægri). Hæri i Luster er vandare, fordi me ikkje kjenner til ein tilsvarande gard som skulle liggja lågare eller lenger nede her. Men i Rygh: Norske Gaardnavne heiter det at "Der har vel engang været en anden vin, som har været betegnet som "den lavere"." (Hæri er eit vin-namn.)

Det viktige for oss er at namn med komparativformi hær- har ein samanliknande lokalitet, i desse to tilfelli ein gard som ligg lågare, og som skulle ha eit motsvarande namn. Akkurat det momentet (motsetnaden til låg) kan me ikkje finna for Hæra på Nornesneset. Det finst ikkje noko namn *Lægra/Lægri, og det svekkjer sjølvsagt tolkingi til Flugeim. Ein mogeleg samanliknande referanse som Hæra kan tenkjast å vera høgare enn, er fjorden. Heile Nornesneset og formasjonen på neset med Hæra som høgdepunkt stikk seg tydeleg ut langs farleii til sjøs og kan godt tenkjast å ha fått namnet "høgare enn der ein ferdast", det vil seia "høgare enn fjorden", som var einaste vegen å ferdast om namnet skulle vera so gamalt at farleii har vore utgangspunkt for namnsetjingi.

Eit moment som ikkje talar for forklaringi til Flugeim, er den bundne artikkelen som ligg i hans tolking. Som me skjønar av det Flugeim skriv, reknar han namnet som svært gamalt. Det skulle det gamalnorske adjektivet hár borga for, her i komparativ med omlydd rotvokal. Slik "levande" bruk av dette adjektivet høyrer truleg høgmellomalderen til, kanskje endå lenger attende. Dette adjektivet vart etter kvart skift ut med høg, truleg frå svensk. Og då er me i ein språkhistorisk periode der den bundne artikkelen var lite fast. Legg merke til at dei to gardsnamni me har nemnt ovanfor med hár, står i ubundi form.

Når Flugeim normaliserer (skriftfester) namnet på Nornesneset til Hærå med å til slutt, tek han truleg utgangspunkt i at ao i talemålet representerer å i skrift: båt vert som kjent uttala baot osb. Men dersom det er den bundne artikkelen me har, må namnet normerast til -a: Hæra, som alt nemnt.

Mogelege forklaringar

Kva kan så namnet Hæra tyda om det ikkje er "høgare"? Eg prøver meg på to, kanskje tre mogelege forklaringar.

1) Namnet kan vera eit substantiv i ubundi form, (ei) herða laga til verbet å herda (gamalnorsk herða), med tydingi hardleik, herdsla, det som er hardt. Det er ikkje noka utenkjeleg nemning på toppen av Nornesneset, som stort sett er mosegrodde svaberg.

2) Ei anna forklaring kan vera at namnet rett og slett er det gamle substantivet ei hæra, som har språkleg samanheng med hår (på hovudet), og som tyder hårklut, hårduk eller hårteppe. Til dette substantivet har me adjektivet hárr, som tyder grå, gråhærd, og adjektivet hærut (gråhåra). I så fall må namnet på Nornes vera eit jamføringsnamn, og det er ikkje utenkjeleg at toppen på neset kan jamførast med den gråsvarte léten eller fargetonen på bergpartiet frå toppen og eit stykke nedover. Språkleg skaper det ingen vanskar å tolka namnet som "den gråhåra" ettersom uttalen av det linne substantivet hæra som hærao heilt ut samsvarar med uttalen av bundi form eintal av linne hokjønnsord i talemålet.

3) Ei tredje forklaring kan vera at me har å gjera med substantivet ei herd, altso kroppsdelen. Skrivemåten med æ kan me ikkje rekna som sikker. I talemålet er det ikkje skilnad på uttalen av e og æ framføre r, so vokalen i namnet kan like godt vera e, altso Hera. Dermed er ikkje vegen lang til substantivet ei herd, frå gamalnorsk herðr, i tydingi oksel, skulder.

Men ogso denne løysingi støyter på vanskar. Til støtte for ei tolking som herd, det vil seia eit jamføringsnamn, finst ei mengd lokale nemningar brukt om høgdingar, men oftast med synonymet oksel/aksel. I materialet frå Fylkesarkivet finn me soleis over førti usamansette namn på Oksli i fylket, og om lag hundre usamansette Aksla. Så toppen på kroppen - om me ser bort frå hovudet, er godt representert i namn rundtom i fylket.

Slik sett er det ikkje utenkjeleg at det no mindre brukte herd òg har hatt same funksjon. Substantivet herd er kjent i nokre lokale namn, mellom anna i fjellnamnet Herdabreido på Voss og i eit tilsvarande namn på Island. I det lokale namnearkivet for Sogn og Fjordane finn me derimot berre nokre få namneformer der me truleg har dette substantivet, som Herda om eit sva i Leikanger, Herdahaugen, Herdablada og Herdatoppane, alle i Sogndal. Alle desse kan òg koma av hærd, som nemnt ovanfor. Det knyter seg nemleg to utfordringar til teorien om herd i tydingi oksel, nemleg uttale med tonelag 2 (som i Bytta) og den bundne artikkelen (-ao). Appellativet herd har i talemålet sterk bøying - og tonelag 1: heri (same tonelag som bønder). Men i dag er ordet knapt brukt, og ein analogi med overgang til linn bøying kan vera ei mogeleg forklaring på formi.

Naglatun

Naglatun ligg ved sjøen, og her står nausti til dei fleste bruki på Nornes-garden, med tilkomst via gardsveg gjennom grendi frå øvst på Garden. Trass i at plassen ikkje er særleg gunstig som hamn, har han likevel vore nytta som landingsplass og båtstø, ogso for Fimreite. Naglatun er ein gamal buplass. Det budde mellom anna to husmenn her på 1700- og 1800-talet. Siste leddet i namnet (-tun) er då òg velkjent i bustadnamn eller åleine i tydingi "plass mellom husi på ein gard" eller "plass der husi på ein gard står".

Den forklaringi Flugeim gjev av førsteleddet "nagla-", er litt uklar. Han skriv at "bergknubben (¿) i fråstand kann likna på kloi på ytste tå-leden av Nordneset, eller naglen. Naglatun vart då namnet på plassarne som låg nær innåt naglen på Nordneståi". Det ligg nær å tolka Flugeim slik at han tenkjer på substantivet "ei nogl" ettersom han i same setningi refererer til "tå". Likevel har han eit forklarande tillegg, "eller naglen", som kan tyda på at han tenkjer på substantivet "ein nagle", altso tre- eller metallbolt til å festa til dømes tredelar med.

Språkleg er nagl eigentleg eit hankjønnsord, men i talemålet i Sogndal er det hokjønn med å-uttale og bøying som strond, hond: ei nogl - fleire negle. Dersom førsteleddet er nagl (på ei tå) og det er hokjønn, må formi nagla vera genitiv eintal eller fleirtal. Det stemmer lite med den forklaringi Flugeim gjev. Han reknar det tydelegvis som eit jamføringsnamn med tånagl, og at det skal visa til ytste delen av neset. Det er ikkje uvanleg at namn vert forklarte som jamføring med terrenget til lokaliteten, utan at slike forklaringar alltid er rette.

Om leddet derimot er (ein) nagle, kan formi vera anten eintal eller fleirtal, og ei slik tolking treng ikkje vera usannsynleg. Kva som i so fall ligg bak namnsetjingi, er derimot ikkje lett å seia. Naglatun er plassen der nausti til dei fleste bruki på Nornes låg - og ligg, og området er nærast å rekna som allmenning eller fellesområde for garden og jamvel for fleire. Kanskje det er verksemd knytt til båtbygging som har gjeve staden namn? Kanskje var Naglatun i si tid ein stad der ein nagla eller sette saman båtar? Det er i alle fall ikkje tvil om at plassen har vore og vert assosiert med båt og naust og verksemd knytt til sjøen.

Danøyri

Flugeim er ikkje i tvil om at det er historie over dette namnet, at førsteleddet er dan- i tydingi dansk (eigenleg substantivet danr = ein danske), og at namnet må skriva seg frå dei mange danske "lukkefuglane" som følgde med Magnus nordetter frå Danmark, og som var med i slaget ved Fimreite i 1184.

I stykket sitt slår Flugeim fast at namnet "hev upphavet sitt frå Fimreiteslaget. Staden låg lagleg til frå sjøen sameleis som Sverdavollen og høvde vel til gravstad etter storslaget", og noko seinare: "Danøyri - øyri der danane vart jordfeste." Det er allment godteke både i grendi og i bygdi at føreleddet dan- må knytast til denne historiske hendingi. Men spørsmålet er om ikkje nettopp Flugeims forklaring har vore med på å festa dette inntrykket. Det passar so godt til Fimreite som historisk stad, med vister [spor] rundtom som støttar opp under området som ein stad med historisk tyngd.

Eg skal ikkje protestera altfor høgt, men ønskjer likevel å problematisera denne løysingi noko. Føreleddet dan- er langt frå vanleg i norsk. Dersom det er dane frå norrønt danr (= danske) som ligg til grunn, er namnet gamalt, og forklaringi til Flugeim kan ha noko for seg.

Opphavleg vart danr brukt som tilnamn på ein person frå Danmark, seinare òg som førenamn, i Noreg særleg frå rundt 1300 og frametter. Frå mellomalderen er det kjent som namn på segnhistoriske kongar i Danmark. I moderne tid (særleg etter 1970) kjenner me Dan brukt som kortform for Daniel, men det namnet har ei anna historie. Likevel er det språklege tilhøve ved formi Danøyri som ikkje støttar tolkingi med danr. Dersom det er substantivet danr i tydingi danske som ligg til grunn, skulle me nemleg venta genitiv fleirtal i det samansette namnet, det vil seia Danaøyri, og den formi finst ikkje.

Bruken av dane som namn på personar frå Danmark gjekk truleg or bruk alt i mellomalderen. Det same kan seiast om føreleddet dan-. Me kan rett nok enno tala om å vera danofil og om ein danoman, men bortsett frå slike særtilfelle brukar me i dag danske om personen og dansk(e)- i samansetjingar: danskfødd, danskebåten og liknande. Ein vedteig, nettopp på Nornes-garden, heiter til dømes Dansketeigen, kanskje namnsett etter nokon som har veda her. Påfallande nok finn me på Nornes endå eit par namn knytte til Danmark. Eit mindre jordstykke på garden heiter Danemark, og ein fellesbekk for fleire bruk har namnet Danemarkbekken. Kanskje er Danemark her eit jamføringsnamn (stykket har form som Danmark), og namnet på bekken er laga sekundært til det.

Dersom ikkje den historiske forklaringi med danr ligg til grunn for namnet Danøyri, kan førsteleddet vera personnamnet Dan. Ogso det går attende på det norrøne substantivet danr på same måten som dane. Me finn nokso sikkert personnamnet Dan brukt som føreledd i nokre få lokale stadnamn i fylket. Det gjeld Danslåttelada, Danslåttene, Danstova og Danstovgardfjøsen i Jølster, der det tvillaust må vera ein Dan som har gjeve opphav til namni: Dan har budd i stova, brukt gardfjøsen og slått teigen. Det same er truleg tilfellet med namnet Danteighaugen frå Leikanger. Ogso her har Dan henta fôr frå teigen. Fullt så sikre kan me ikkje vera der føreleddet er dane-, som i Daneneset i Balestrand. Dette er namnet på neset vest om den kjende hamni Kvamsøy, der kong Sverre låg og venta før han brende ned gardane i Sogndal, og staden har nok hatt ein klårt sentral plass i leii. I Dan(n)emann(s)hjellen i Høyanger og Dan(n)emannshjellane i Fjaler er det derimot meir truleg at me har dannemann i tydingi gjæv mann som førsteledd.

Eit lite moment som kan støtta forklaringi med danr i tydingi danske, og då teorien til Flugeim, er tonelaget. Namnet vert uttala med tonelag 2. Med personnamnet Dan som førsteledd skulle me ha venta tonelag 1, som i bønder. Dette trekket er likevel usikkert. Kanskje har tonelaget endra seg på grunn av Flugeims historiske tilnærming?

Som tilfellet er for mange lokale stadnamn er det ikkje alltid liketil å fastslå tydingi for "dunkle" namneformer ein gong for alle. Kanskje me likevel skal lata sagahistoria vera tunga på vektskåli og framleis halda ein knapp på Flugeims forklaring? Det har truleg ingen på Nornes-garden noko imot.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR