Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Krigsdrama ved Staveneset



Staveneset var ein nøkkelstad under andre verdskrigen. Engelske agentar overvaka skipstrafikken og fekk hjelp hjå dei fastbuande, noko som skapte dramatiske omstende.

Etter arrestasjonen på Staveneset i 1945. To frå Fure står fremst på båten, så Oddny og Anton Hollevik, Georg Esswein og SS-mannen Helmut Klötzer. Biletet vart visstnok nytta til propagandaføremål i Tyskland.

Etter arrestasjonen på Staveneset i 1945. To frå Fure står fremst på båten, så Oddny og Anton Hollevik, Georg Esswein og SS-mannen Helmut Klötzer. Biletet vart visstnok nytta til propagandaføremål i Tyskland.

Eigar: Inger Elin Pettersen.

Datering: 1945.

Fotograf: Abraham Strømmen.

Pålitelege folk

Chester og Petrine Saltskår hadde nyleg teke over garden på Staveneset då krigen braut ut i 1940. Dei kom tidleg med i motstandsarbeidet. Sommaren 1941 hadde dei buande hjå seg folk som låg i dekning og venta på å få reise over til Shetland i gavlbåt, mellom andre Per Hysing Dahl. I England kunne desse fortelje vidare at folket på Staveneset hadde "rett" innstilling.

Agentar frå Secret Service

For den britiske etterretningstenesta var det svært viktig å kunne halde den tyske skipstrafikken under oppsikt. I mars 1942 kom agentane Eivind Viken og Ole Snefjellå. Dei skulle bu og ha radiosendar oppe i ura, slik at ingen fekk greie på at dei var der. Dei skulle få middag hos Petrine midt på natta, men berre når det ikkje var snø. Fotspor måtte ikkje finnast. For å skjule tilhaldsstaden oppe i berget, vart det strekt ein presenning framfor hola med same farge som fjellet.

Flukta vestover

Men andre omstende fekk det til å brenne under føtene til agentane. På øyane utanfor Askvoll hadde tyskarane avslørt anna illegal verksemd, der personar som hadde hjelpt agentane over var involverte. Det var berre eit tidsspørsmål om kva tid opprullinga ville kome. Chester Saltskår fekk vite om dette, og åtvara agentane straks. Desse fekk sendt melding om at dei måtte hentast ut, i lag med familien på Staveneset, og natt til 23. mai 1942, mens den tyske vaktbåten låg ute på Stavfjorden, rodde rømlingane ut i ein færing for å møte flybåten som kom over frå Skottland. Sendarutstyret var med i båten, men i hastverket som oppstod, fekk dei ikkje tatt det om bord i flyet. Heldigvis var det nokre nordmenn som oppdaga båten før tyskarane, og dei kasta utstyret.

Nye spionar

Nettverket som Secret Service fekk bygt opp langs Norskekysten måtte stadig endrast på grunn av tysk radiopeiling. I 1944 meinte ein at det var nokolunde trygt å prøve med nye sendingar frå Staveneset, og to nye agentar, Dagfinn Ulriksen og Ivar Møller, vart frakta over. På Staveneset var det systera til Chester, Oddny Saltskår, og kjærasten hennar, Anton Hollevik, som hadde overteke gardsdrifta, og Chester overtala dei til å ta seg av spionane.

Avsløring

Men etter kvart vart det vanskelegare å halde skjult kva som føregjekk på Staveneset. Folkesnakket gjekk, og Møller og Ulriksen reiste difor tilbake til England. Oddny og Anton fekk tilbod om å vere med, men dei avslo fordi dei var redde for kva tyskarane ville gjere med familien til Anton. Like etter vart dei angitt av ein sambygding, og den 17. mars 1945 vart dei arrestert av Gestapo. Dei måtte gjennomgå grov tortur før dei hamna i fangeleiren på Espeland utanfor Bergen, der dei sat då freden kom. Truleg var det berre eit tidsspørsmål før dei hadde blitt tekne av dage.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Saltskår, Olaf Johan: Stavenes i Sunnfjord: For Secret Intelligence Service. I Sogeskrift for Askvoll kommune nr.10. Askvoll 1997.
Bakke, Else: Stavenes høsten 1942. I Sogehefte for Askvoll nr. 11. Askvoll 1998.
Haga, Arnfinn: Kystens partisaner. Oslo 1980.
Losnegård, Gaute: Spennande historie på Staveneset. I Sogehefte for Askvoll nr. 13. Askvoll 2000.
Losnegård, Gaute, o.fl.: Dalsfjordboka. Leikanger 1999.
Lutentun, John: Overfarten til Shetland med m/b "Solrenning" hausten 1941. I Sogehefte for Askvoll nr. 11. Askvoll 1998.

PERMANENT IDENTIFIKATOR