Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. august 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Olav den heilage - Bakhaldsangrepet i Sauesund



Snorre fortel at Olav Haraldsson (den heilage) reiste frå England til Noreg hausten 1015 for å vinna kongsmakta i landet og halda fram med misjonsarbeidet for kristendommen som Haakon den gode og Olav Tryggvason hadde byrja. Skipa hans kom ut av kurs og nådde land i Selje. Herifrå siglde dei sørover gjennom Ulvesundet og møtte Håkon jarl Eiriksson i det tronge sundet Sauesund ved Atløy i Askvoll. Denne artikkelen inneheld Snorre si forteljing om hendinga i Sauesund og ei kort innleiing om Olav den heilage og Snorre.

Det trange Sauesundet sett frå sør mellom Atløy (venstre) og Sauesundøyna. Olav Haraldsson la seg til med eitt skip på kvar side og la ut eit tjukt tau mellom dei. Håkon jarl kom inn i sundet frå sør. Han trudde det var to handelsskip som låg i sundet og segla fram mellom dei. Då mennene til Harald stramma tauet, var jarleskipet fanga.

Det trange Sauesundet sett frå sør mellom Atløy (venstre) og Sauesundøyna. Olav Haraldsson la seg til med eitt skip på kvar side og la ut eit tjukt tau mellom dei. Håkon jarl kom inn i sundet frå sør. Han trudde det var to handelsskip som låg i sundet og segla fram mellom dei. Då mennene til Harald stramma tauet, var jarleskipet fanga.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2007.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Kong Olav Haraldsson - Olav den heilage

Olav den heilage (ca 995-1030), av Hårfagreætta, var konge i Noreg 1015-1028. Han fall i slaget på Stiklestad 29. juli 1030. Året etter vart han lyst heilag (kanonisert), og etter kvart dyrka som Nordens største helgen.

Snorre Sturlason - kongesoger

Snorre Sturlason (1179-1241) var islandsk sogeskrivar og diktar. Snorre skreiv verket Heimskringla (kongesoger) som handlar om kongane i Noreg frå Harald Hårfagre (konge om lag 872-933) til og med Magnus Erlingsson (konge1161-1177). Snorre nytta både skrivne og munnlege kjelder. Skaldekvada rekna han som dei mest pålitelege kjeldene for di dei ofte var skrivne samtidig med hendingane dei fortel om, og fordi den bundne verseforma endrar seg lite i munnleg overlevering.

Snorre vert rekna for å vera ein kritisk sogegranskar, men ogå ein sogeskrivar som valde ut og vraka i kjeldematerialet etter som det passa for framstillinga han ville ha. Han er ein framifrå forteljar. I soga om kong Olav sitt møte med Håkon jarl Eiriksson i Sauesund nemner Snorre to skaldar:

1) Ottar Svarte, islandsk skald på fyrste halvpart av 1000-talet, og
2) Sigvat skald, islandsk skald. Han levde om lag 995 - 1045 og var stallar (høg hirdmann) hjå Olav Haraldsson.

Olav Haraldsson i Sauesund

Olav Haraldson la ut frå England hausten 1015 med to handelsskip og 260 mann. I Nordsjøen kom dei ut for ein fæl storm der det stod om livet. Dei kom ut av kurs, nådde land i Selje og gjekk på land på øya Selja. Ein stad trødde kongen ned i blaut leire med den eine foten og vart ståande på kne med den andre. Vidare fortel Snorre:

"Då sa han [kongen]: "No datt eg." Då svara Rane [ein av dei næraste mennene til Olav]: "Du datt ikkje konge, men nå feste du fot i landet." Kongen lo og sa: "Slik kan det nok vera, om Gud vil."

Dei gjekk nedatt til skipa og siglde sør til Ulvesund. Der fekk dei høyra om Håkon jarl [Eiriksson, mellombels riksstyrar, truleg på Vestlandet], at han var sør i Sogn og var ventande nordover så snart han fekk bør. Han hadde ikkje meir ein eitt skip. Olav segla vidare sørover.

Då kong Olav kom sør om [til] Fjalir ...

... styrde han av frå skipsleia og siglde inn til Sauesund og la seg der med skipa sine, eitt på kvar side av sundet, og [la ut] eit tjukt tau imellom.

I det same rodde jarlen Håkon Eiriksson

... inn i sunde med eitt langskip og fullt mannskap, og då dei trudde at det var to handelsskip som låg i sundet, rodde dei fram i sundet mellom skipa. No tok kong Olav og mennene hans og drog opp tauet midt under kjølen på langskipet og vatt det opp med vindespelet. Straks tauet tok fatt i langskipet, gjekk det i vêret med atterenden og stupte fram på nasen, så sjøen stod inn framme ved stamnen og fylte skipet så det kantra.

Kong Olav tok Håkon jarl

... og alle mennene hans, som dei kunne nå i, opp av sundet, men somme drap dei, og somme sokk ned. Dette nemner Ottar. Dei leidde Håkon jarl opp på kongsskipet; han var den vakraste mannen som nokon hadde sett. Han hadde stort hår, og så fagert som silke, og det var bunde med gullband om hovudet.

Han sette seg ned i framrommet

og kong Olav sa til han: "Det er ikkje løgn, det som dei seier om deg og frendane [slektningane] dine, at de er vakre karar; men no er det ute med lukka dykkar". Då sa Håkon: "Det er ikkje noko ulukke, dette som har hendt oss; det har lenge vore slik, at det har vore ymse med sigeren, og såleis har det gått med dine og mine frendar óg, at snart har den eine og snart den andre hatt overtaket. Eg er nesten berre barnet, og no hadde me ikkje lett for å verja oss heller, då me ikkje visste at det var ufred i vente; det kan vera, at det går betre med oss ein annan gong enn nå."

Då svara kong Olav:

"Tykkjer du ikkje det ser ut til, jarl, at det no har laga seg slik at du etter denne dag korkje får siger eller usiger?" Jarlen sier: "Dette lyt du rå for denne gongen, konge." Då seier kong Olav: "Kva vil dy by meg, jarl, om eg let deg fara denne gongen heil og uskadd, kor vil du av? Jarlen spurde kva han skulle krevja.

Kongen svara: "Ikkje noko anna, enn at du fer ut or landet, og såleis gjev opp herredømmet ditt, og gjer eiden din på det, at du aldri heretter skal halda slag med meg." Jarlen svara at så skulle han gjera. Og no gjorde Håkon jarl eiden sin på det til kong Olav, at han aldri skulle slost med han heretter og ikkje verja Noreg med ufred mot kong Olav, og ikkje gå til åtak på han.

Då gav kong Olav han og alle mennene hans liv og fred, og jarlen fekk att skipet sitt, som han hadde hatt med seg dit, og sidan rodde dei kvar sin veg. Dette nemner Sigvat skald.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Holmsen, Andreas: Norges historie. Fra de eldste tider til eneveldets innførelse i 1660.1961.
Norsk Allkunnebok. Band IX, 1959.
Sturlason, Snorre: Kongesogur. Kristiania 1900.
Lexow, Henrik: Norsk kunst. Oslo 1926.
Loftheim, Abraham: Bygdebok for Askvoll. Bind 1,

PERMANENT IDENTIFIKATOR