Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. februar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sletta krigsgrav i Honningsvåg - minne om bombedrama



Onsdag 22. juli 1942 vart ein ''ukjent sjømand'' gravlagd på kyrkjegarden i Honningsvåg. Han var ein av mannskapet på fem som omkom då russiske fly bomba hamna i Honningsvåg søndag 19. juli. Heile mannskapet var frå Sogn og Fjordane. Båten var frå Måløy. Denne særeigne krigsgrava finst ikkje meir. Ho vart sletta i 1978.

"Store Bill" gjekk under krigen 1940-1945 i fraktfart for forsyningsorganet Fiskeinnkjøp under Forsyningsdepartementet. På dette biletet er båten registrert med kjennemerket SF 84 SV (Sogn og Fjordane - 84 - Sør Vågsøy) og merka på føreskriven måte på sidene med nasjonalitets-fargar, namnet på båten og Norge. Vi kjenner ikkje til når biletet er teke eller kvar.

"Store Bill" gjekk under krigen 1940-1945 i fraktfart for forsyningsorganet Fiskeinnkjøp under Forsyningsdepartementet. På dette biletet er båten registrert med kjennemerket SF 84 SV (Sogn og Fjordane - 84 - Sør Vågsøy) og merka på føreskriven måte på sidene med nasjonalitets-fargar, namnet på båten og Norge. Vi kjenner ikkje til når biletet er teke eller kvar.

Eigar: Fylkesarkivet/Firda Canning.

Datering: 1940-1942.

Fotograf: Ukjend.

''Store Bill''

Fraktebåten ''Store Bill'' frå Måløy med eit mannskap på fem, alle frå Sogn og Fjordane, gjekk sommaren 1942 i sivil forsyningsfart på Nord-Norge for innkjøpsordninga Fiskeinnkjøp som sorterte under Forsyningsdepartementet. På det meste hadde Fiskeinnkjøp kontrakt med 60 - 70 båtar. Båtane førte last begge vegar. Nordover var det fyrst og fremst hjelpemiddel for tilverkinga, så som tønner, kassar o.a., men også matvarer som til dømes poteter.

''Store Bill'' hadde gjort fire-fem turar før krigsforliset 19. juli 1942. Fem dagar før låg det ein tysk konvoi på 28 tyske transportfarty og krigsskip på hamna i Honningsvåg, mellom dei fleire lektarar med ammunisjon og dynamitt. Russiske fly kom inn og gjekk til åtak med forferdeleg verknad. Mange hus vart øydelagde og fleire miste livet.

Ein flystyrke kom att fem dagar seinare. ''Store Bill'' låg til kai på indre hamn og vart råka av ein fulltreffar i overbygningen. Alle vart drepne i den voldsomme eksplosjonen.

Mannskapet

Kvar av mannskapet er med i bokverket Våre falne. Biografiane nedanfor er attgjevne ordrett frå Våre falne, og oppsette i alfabetisk rekkefølgje etter Kristoffer Olai Svoren, som i følgje Våre falne var den einaste som vart gravlagd.

SVOREN, KRISTOFFER OLAI, fiskeskipper, Innvik. Født 6. mai 1899 i Askvoll, s. av Elias Olsen Svoren Måløy, f. 1872 i Askvoll, og Karoline f. Knudsen, f. 1870 i Molde. Gift 1928 i Bergen med Jenny Dorthea Martine Tjugen, f. 1898 i Innvik. 3 barn. Drev fraktfart med m/b Store Bill, og omkom 22. juli 1942 da båten ble bombet ved kjølelageret i Honningsvåg. Gravlagt i Kjelvik.

JOHNSEN, TORLEIF EMIL, stuert, Sør-Vågsøy. Født 8. april 1917 i Stavanger, s. av Johan Kornelius Johnsen, f. 1882 i Stavanger, og Tomine Talette, f. Paulsen, f. 1886 s. st. Gift 1940 i Bergen med Nancy Adelaide Blålid, f. 1923 i Sør-Vågsøy. 1 barn. Skoleskipskurs, teknisk aftenskole, stuertskole. Var kokk på jageren Troll fra september 1939 til kapitulasjonen i Norge 1940. Seilte deretter som stuert på m/k Store-Bill til han ble drept ombord 20. juli 1942 under et bombeangrep på Honningsvåg.

SKAVØPOLD, BERNHARD SAMSON, skipper, Sør-Vågsøy. Født 24. mars 1904 i Selje, s. av John Danielsen Skavøpold, f. 1870 i Selje, og Marie f. Angelshaug, f. 1876 i Davik. Skippereksamen. Var fører på m/s Store-Bill som tilhørte Statens kjøleanlegg i Ålesund, og omkom 20. juli 1942 da båten ble bombet mens den lå ved kaien i Honningsvåg.

STRAND, HERLOFF, maskinist, Sør-Vågsøy. Født 16. august 1919 i Borgund, s. av Nils Helmer Strand, f. 1887 i Tjøtta, d. 1920, og Oline Margrethe f. Bakken, f. 1899 i Ørland. Teknisk aftenskole, maskinistskole. Var på m/k Storebil, og omkom 20. juli 1942 under havnen i Honningsvåg.

YTREBØ, SIGURD, maskinist, Sør-Vågsøy. Født 9. september 1909 i Davik, s. av forpakter Sivert Olsen Ulsdal og Jørgine Olsdatter f. Angelshaug, f. 1877 i Davik. Var fisker, men gikk under krigen i fraktfart på kysten, sist som maskinist på m/s Store Bill, som gikk i forsyningstjenesten for kjøleanlegget i Ålesund. Omkom 20. juli 1942 under et flyangrep på Honningsvåg.

"Ukjent sjømand"

Berre ein mann vart funnen. Alle dei andre var borte. Av kyrkjegardsprotokollen for Honningsvåg går det fram at "Ukjent sjømand (Storebell)" vart gravlagd 22. juli 1942 på "Gamlekirkegaarden, Kvartal B.C." I rubrikken for stilling og siste opphaldsstad er notert "Honningsvåg" og i rubrikken for alder "0". Vidare går fram at det vart betalt for grava 28. juli 1942 og ordna med jordfesting 5. august same året.

Sletta krigsgrav

Denne særeigne krigsgrava - grava til ein av alle sjøfolka som segla i heimeflåten i krigsåra under stadig fare for krigshandlingar tilliks med dei mange tusen som segla i utanriksfart - vart sletta i 1978. I gravprotokollen er grava, saman med andre frå same perioden på same kvartalet på "Gamlekirkegaarden" i Honningsvåg, merka med "Slettet 1978."

Kristoffer Svoren var morbror til pensjonert fiskar, Odd Oldeide i Måløy. Oldeide fortel at på ein tur på Finnmarka var han innom i Honningsvåg. Han gjekk og leitte på kyrkjegarden, rekkje for rekkje, utan å finna grava til onkelen. Seinare fekk han vita at grava var sletta.

kjelder:

Nordanger, Trygve: Lang kyst. 1975.
Fjordenes Tidende. 17.08.1942. Måløy.
Opplysningar frå kyrkjekontoret i Nordkapp prestegjeld.
Løkke, Gunnar: Storbombingen 1942. I Årbok for Nordkapp. 1983.

PERMANENT IDENTIFIKATOR