Kulturhistorisk leksikon

Kai (8)

  • Strandkai-terminalen – «midt i Bergen»

    «Få har så kort veg til Torget, Torgalmenningen og Bergen sentrum som dei som kjem med båt til Strandkai-terminalen. Inst i Vågen ligg han – ei sentral plassering for alle reisande.» Det skreiv Fjord og Kyst, Informasjonsblad for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, under overskrift EKSPRESSBÅT våren 1993. År 2017 er Strandkai-terminalen framleis stoppestad for snøggbåtane/ekspressbåtane/hurtigbåtane i ruter på Bergen. Men Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane er borte, Fjord1 og. Andre operatørar har kome i staden; Norled, Tide og fleire.

  • Fylkeskaia og huset Haffen

    Torgkaia, Fylkeskaia - Amtskaia sa dei før - er framleis offentleg kai, men ikkje for rutedrift. Det gamle ekspedisjonshuset, Haffen, som vart bygt for snart 120 år sidan, er i dag ungdomshus.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Dampskipskaia - økonomisk og sosial nyvinning

    Med dampskipskaiene fekk grendene nytt andlet. Etter mange års farefullt slit i bordingsbåtane kom endeleg dei første kaiene i Solund på plass i 1920-åra. Men ikkje eingong Bergen hadde ekspedisjonskai då Fylkesbaatane byrja rutefart i 1858.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Fleskhellerbryggja

    Fleskhellerbryggja ligg på eit nes ved Lærdalsfjorden eit stykke nedanfor husa på plassen Fleskheller, om lag to kilometer frå Lærdaløyri. I 1840-åra vart det laga veg rundt Raudberg og ut til Fleskheller. I dag er det tunnel gjennom Raudberg.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Vetlekaien i Solvorn - eineståande dugnadsprosjekt

    Det var stor festivitas i Solvorn då den restaurerte Vetlekaien vart opna laurdag 21. mai 2005. Nær 200 var tilstades. Ordføraren i Luster stod føre den formelle opninga. Vetlekaien er gamal. På ei kartskisse datert i 1892 står han nemnd som "Jotunheimens brygge".

  • Hotlakaien - den gamle båtstoppestaden i Gaupne

    Fylkesbaatane hadde stoppestad i Gaupne frå 1910 til 1966. Kaien - eller Hotlakaien som vart den vanlege nemninga - låg på austsida av fjordbotnen, på gardsbruket Hotlen, ein snau kilometer ut frå dagens sentrum. Trevyrket i bryggja vart rive ei tid etter at dampskipsekspedisjonen var nedlagd. Men den vesle ekspedisjonsbygningen står enno att.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Luster
  • Fylkesbaatane – Amtskaia i Kalvåg

    AMTSKAIA står det på eit skilt ved inngangen til Spar-butikken i Kalvåg. «Gå inn her og opp i 2. etg.», til «leiligheter», med adressene Amtskaia nr. 21, 22, 23 og 25. Bygningen er av nyare dato, men oppført i «gammal sjøhusstil». Kaien tett attmed har namnet Amtskaia. Men kvifor dette namnet, Amtskaia? Paul Frøyen har skrive ei rikt illustrert bok om Kalvåg. Fleire stader står det om ruteferdsla og Amtskaia.

  • Landabryggja - jektebryggje i Førde sentrum

    Hafstad på sørsida av Jølstra utfordra Sjøahola som handelsplass sist på 1700-talet. Men ”funnet” av ei eldre jektebryggje på Hafstad i 2007 kan tyde på at ein del trafikk gjekk inn hit også frå gammalt. Intakte jektebryggjer i stein er dessutan sjeldan kost for arkeologane. Bryggja på 70 meter er no under restaurering som eit minne om jektefarten og det første ”sentrum sør” i Førde.