Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Dampskipskaia - økonomisk og sosial nyvinning



Med dampskipskaiene fekk grendene nytt andlet. Etter mange års farefullt slit i bordingsbåtane kom endeleg dei første kaiene i Solund på plass i 1920-åra. Men ikkje eingong Bergen hadde ekspedisjonskai då Fylkesbaatane byrja rutefart i 1858.

Dampskipskaia på Husøy vart oppsett i 1951 av Elling Haveland frå Gulen. Han sette opp fleire nye kaier i Solund og reparerte eldre. Tidlegare hadde dei borda rutebåten nord for Husøy.<br />  
I den gamle, vakre saltebua har vore fiskemottak i ei årrekkje. I våningshuset ved kaia budde Borghild og Harald Henriksen. I tillegg til d/s-ekspedisjonen dreiv dei også handel her.
Husøy, som i si tid var borgarsete, har no fast busetnad berre i sommarhalvåret.

Dampskipskaia på Husøy vart oppsett i 1951 av Elling Haveland frå Gulen. Han sette opp fleire nye kaier i Solund og reparerte eldre. Tidlegare hadde dei borda rutebåten nord for Husøy.
I den gamle, vakre saltebua har vore fiskemottak i ei årrekkje. I våningshuset ved kaia budde Borghild og Harald Henriksen. I tillegg til d/s-ekspedisjonen dreiv dei også handel her. Husøy, som i si tid var borgarsete, har no fast busetnad berre i sommarhalvåret.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 1985.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Store skip, ingen kaier

Berre 4 år etter at Fylkesbaatane starta med ruteferdsle i fylket, fekk Krakhella "stjernestopp"*) som den første stoppestaden i Solund. Det var i 1862. Buskøy vart stoppestad 1868 og Steinsundholmen, med ekspedisjonsplass på Steinsundvika, i 1975. Ingen av desse plassane hadde kai som Fylkesbaatane kunne gå inn til. Dei første dampskipa som trafikkerte her, var dessutan store og mykje tyngre å manøvrere enn dei langt meir hendige i Værøy- og Nesøy-klassen som kom sist i 30-åra. Sidan det gjekk fleire tiår før dei første kaiene vart bygde, gjekk det farefylte slitet føre seg i bordingsbåtane tilsvarande lenge, ofte med livet som innsats.

Påkjenning å borde dampen

Det vart å andøve seg bak ein holme eller eit nes og vente. Om bord kunne vere passasjerar, ymse tomembalasje, fiskekassar, sildetønner, tredunkar med smør, kanskje ein okse som i sjøgang iallfall ikkje viste hygienisk sømd. I regnvêr, og med venting inn i kveldsmørkret, vart dette ei påkjenning som røynte helsa.
Når så rutebåten kom, var det å liggje på drift og verne båten best råd for slag mot skipssida, medan dampvinsjen kvein i rasande fart. Det galdt å halde seg unna hiva med 100-kilosekker. Bryske offiserar åtte verda, og oksen fekk like snart byturen utsett.

Svær kostnad å byggje kai

Fleire døme finst på at ekspedisjonsbåtar vart overlasta i dårleg vêr og heldt på å gå ned på veg til lands. I sønnakuling gjekk ikkje rutebåten til Steinsund. Ekspeditøren reiste derfor sør til Skjerjehamn med nokre krøter. Alle tre om bord, kom vekk. Dette var i 1898. Først i 1924 kom det kai i Steinsund. Det var første betongkaia i Solund. To år seinare vart det bygt betongkai på Lågøy.
Det var ein formidabel kostnad for ein ekspeditør å byggje dampskipskai. Rutebåtstoppa i Solund kasta lite av seg, og tilskota var oftast lik null. Ekspeditøren stod vanlegvis åleine om utgiftene.

Eit anna liv

Etter at Fylkesbaatane i 1910 hadde kosta den noko hendigare Gula, steig talet på stoppeplassar. I 1918 hadde 12 solundgrender kjempa seg til båtstopp. Fleire kom til, og frå 1924 og utover vart det bygt kaier på alle stoppestadene, dei fleste i betong.
Det var ei utruleg lette å få rutebåten til kai. Borte var slitet med bordingsbåten, ausinga, tettinga etter hard medfart. Fisketønner, jordbruksvarer og krambugods kunne lett transporterast til og frå mantelkroken. Sekkehjulet likte jamvel born å handtere. Ekspeditøren og reisekledde kunne sitje tørt på bua eller butikken og fortelje skoser like til fløyta let.

Fornya grendesamfunnet

Kaia gav grenda nytt andlet. Gardsfolket fekk ein samlingsstad på dampdagar. Frå benk og brødkasse innandørs kunne praten gå og nyheitene slå ned. På kaia kunne sild saltast, laksenøter turkast, sildenøter hengjast der hengje kom opp. Born kunne lære å sykle, ungdom kunne sverme og ta ein laurdagssvingom på sommarstida. Farty hadde ein plass å setje fast når folk hadde ærend på land.
I dag synest dampskipskaiene fleire nummer for store i høve til dei små skyssbåtane som går rutene. Men om funksjonane er omdefinerte, står kaiene og minner om eit materielt og sosialt hamskifte som i tillegg gav grenda status.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn B.:Dampen og kaia.Selja Forlag 1998.
Førsund, Finn B.:Den mageligste Maade at reise paa.Høgskulen i Sogn og Fjordane (sfdh) 1983.
Bendiksen, M.: Minner fra sjømannslivet. Leikanger 1962.

PERMANENT IDENTIFIKATOR