Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fleskhellerbryggja



Fleskhellerbryggja ligg på eit nes ved Lærdalsfjorden eit stykke nedanfor husa på plassen Fleskheller, om lag to kilometer frå Lærdaløyri. I 1840-åra vart det laga veg rundt Raudberg og ut til Fleskheller. I dag er det tunnel gjennom Raudberg.

Fleskhellerbryggja etter restaurering. Steinbrotet ligg under det lyse feltet midt på biletet. Stein frå dette brotet vart òg nytta til den vakre bogebrua over Erdalselvi.

Fleskhellerbryggja etter restaurering. Steinbrotet ligg under det lyse feltet midt på biletet. Stein frå dette brotet vart òg nytta til den vakre bogebrua over Erdalselvi.

Eigar: Oddkjell Bosheim.

Datering: 1999.

Fotograf: Oddkjell Bosheim.

Postveg

Posten mellom Christiania og Bergen gjekk gjennom Lærdal på "den Bergenske Hovedvei". Om vinteren hende det at isen la seg innerst i fjorden slik at post-roarane ikkje kom seg ut i open sjø.

Veganlegget Rødbergbugten - Fleskheller

Anlegget Raudbergbukti - Fleskheller vart i 1841 sett bort til landhandler Johannes Møller. Raudberg gjekk bratt ned i sjøen og vidare 10 famnar djupt. Vegen måtte difor hoggast inn i fjellet. Det var ikkje så langt stykke, men det vart for vanskeleg for Møller som hadde satsa på å leiga kunnige folk til å gjera arbeidet. Fagfolka tok seg heller arbeid hjå kaptein Finne som hadde meir enn nok arbeid oppover heile dalen. I 1843 fekk Møller påtale for dårleg arbeid og skral framdrift.

Kaptein Finne tok over

Finne tok over anlegget hausten 1843. Dette var midt under sluttarbeidet i Vindhella og Finne sette ikkje mannskap på Raudberg-anlegget før hausten 1844. Han melde vegen og ei landgangsbryggje med rekkverk av jern ferdig 16. oktober 1845. Då var han alt i gang med vegen over Seltåsen og Steinsåsen.

Bryggja

Stein til bryggja vart henta frå eit steinbrot i Kveurane, rett over fjorden for Fleskheller. Her er ei åre av lys granitt. Bryggja vart for det meste mura av tilhoggen stein. Ei trapp fører ned til fjære sjø, slik at det var greitt å koma om bord i robåtar. Bryggja er så høg at større båtar kunne leggja til, i alle fall på flo sjø, då det er heller grunt ved land. Eit solid rekkverk av jern var bygd rundt heile bryggja.
Truleg vart bryggja mest brukt i tider med ishindring. Vegen i Raudberg var smal og det var liten plass på land til hestar og gods.

Forfall og vedlikehald

Bryggja ligg midt i leia for vestavêret. Stormar vaska ut steinar og fyllmasse. Rekkverket rusta og ramla ned. Tilstanden var temmeleg skral på siste halvdel av 1900-talet. I 1999 skaffa kulturkontoret pengar til restaurering. No er bryggja fin. Det er godt å vita at bygda enno har murarar og smedar som kan ta over etter gamlekarane.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Jansen, Halvard: Framvoksteren av tettstaden Lærdalsøyri 1801-1865. Hovudfagsoppgåve i historie. 1979.
Laberg, Jon: Bygdebok for Lærdal. 1938.
Kjelda. Nr. 3. Fylkesarkivet. 1994.
Munnleg informasjon frå:
Arne Vindedal, f. 1924, Lærdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR