Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert: 09. oktober 2017

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Strandkai-terminalen – «midt i Bergen»



«Få har så kort veg til Torget, Torgalmenningen og Bergen sentrum som dei som kjem med båt til Strandkai-terminalen. Inst i Vågen ligg han – ei sentral plassering for alle reisande.» Det skreiv Fjord og Kyst, Informasjonsblad for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, under overskrift EKSPRESSBÅT våren 1993. År 2017 er Strandkai-terminalen framleis stoppestad for snøggbåtane/ekspressbåtane/hurtigbåtane i ruter på Bergen. Men Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane er borte, Fjord1 og. Andre operatørar har kome i staden; Norled, Tide og fleire.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sin hurtigbåt ms «Kommandøren» på veg ut Vågen frå Strandkai-terminalen inst i Vågen, «midt i Bergen». Til kai ligg to andre hurtigbåtar. Strandkai-terminalen opna som nytt anlegg sommaren 1983.

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane sin hurtigbåt ms «Kommandøren» på veg ut Vågen frå Strandkai-terminalen inst i Vågen, «midt i Bergen». Til kai ligg to andre hurtigbåtar. Strandkai-terminalen opna som nytt anlegg sommaren 1983.

Eigar: Aune forlag

Datering: 1990 – 2012

Fotograf: Helge Sunde.

Opna 1983

Strandkai-terminalen blei opna 15. juni 1983. Fylkesbaatane sitt informasjonsblad, som då heitte «Amtet», skreiv om hendinga. Mykje folk var samla då hamnesjef Nils Standal ynskte gjester og andre velkomne. Etter helsing frå ordførar Eilert Eilertsen, fekk brukarane sin representant, administrerande direktør i Fylkesbaatane, Oddvar Johannessen, ordet og nøkkelen til terminalbygget, slik at det i røynda var Fylkesbaatane som opna anlegget.

Omlegging etter krigen 1940-1945

I same bladet har hamneingeniør Per Kragseth ei utgreiing om den nye terminalen og bakgrunnen for tiltaket. I åra etter krigen 1940-1945 skjedde ei gradvis omlegging av passasjertransporten frå sjø til land. På Bergen hamn kom dette etter kvart til syne ved at det minka på tradisjonelle fjordabåtar til kai. Det kunne sjå ut som lokal passasjertrafikk til sjøs gjekk mot slutten. Det gjorde det ikkje. Frå kring 1970  kom nye ekspressbåtar som eit alternativ. Først ute var ekspressbåtrute mellom Bergen og Stavanger med hydrofoilbåten «Vingtor» frå 1967.

To terminalar

For Bergen hamnevesen vart det ei oppgåve å leggja til rette for den nye typen passasjertrafikk. Det første steget var å byggja felles terminal for hurtigbåtar som trafikkerte distriktet sør for Bergen inklusive ruta Bergen – Stavanger. Dette var pr. 1983 kome i orden ved Munkebryggen midtveges ute i Vågen. Det andre steget var felles terminal for hurtigbåt-trafikken nord for Bergen. Tre operatørar hadde kvar sin stoppestad, og berre Fylkesbaatane hadde eit lite venterom på sin stoppestad.

Strandkai-terminalen

I nært samarbeid med dei involverte selskapa, Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane (FSF), Bergen-Nordhordland Rutelag (BNR og Øygarden & Sotra Rutelag gjekk hamnevesenet i gang med å byggja ein felles terminal for hurtigbåt-trafikk nord, inst i Vågen, på Strandkaien. Byggjearbeidet starta i mai 1982.

Det 3600 kvadratmeter store terminalområdet på Strandkaien skulle gje fast stoppestad for 4 hurtigbåtar. Området blei utstyrt med hydrantskap langs kaien for forsyning av bunkers, olje, elektrisk straum og vatn, dessutan for mottak av spillolje. Terminalbygget skulle innehalda venterom, toalett, stellerom, billettkontor, kvilerom for mannskap, kiosk og diverse lager- og rekvisitarom.

2017 – Strand-kaiterminalen - fellesterminal

Då Strandkai-terminalen runda 10 år, uttalte hamnesjefen i Bergen at han venta sterk utvikling i hurtigbåt-trafikken, og at han såg det ønskjeleg med ein felles terminal mot eksisterande to.

Og slik gjekk det. Pr. 2017 er Strandkai-terminalen felles terminal for alle operatørar i ekspressruter mot Bergen, alle rutene Bergen – Sogn og Fjordane og Bergen – omland i Hordaland. Men både området og terminalbygget er det same. Ute er det kome taxi-haldeplass og fast buss-stopp, og på sjølve kaikanten er det gjort mindre endringar for å tilpassa dagens ekspressbåtar som også er bygde for av- og påstigning frå baugen. Inne i terminalbygningen finst det ikkje kiosk lenger, men større venteplass og gode tilhøve for oppbevaring av bagasje.

Hurtigbåt-terminalen på Strandkaien fungerer som ved opninga i 1983: - hurtigbåtar i ruter frå Sogn og Fjordane og andre område i Hordaland,  ja, jamvel frå nærliggjande Askøy, legg til kai ved Strandkai-terminalen, passasjerar går på land og om bord, ved Strandkai-terminalen – no som då, «midt i Bergen».

kjelder:

«Amtet», informasjonsblad for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, 2/3, 1983.


-Fjord og Kyst, informasjonsblad for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, april 1993.