Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 22. mars 2015

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Fylkesbaatane – Amtskaia i Kalvåg



AMTSKAIA står det på eit skilt ved inngangen til Spar-butikken i Kalvåg. «Gå inn her og opp i 2. etg.», til «leiligheter», med adressene Amtskaia nr. 21, 22, 23 og 25. Bygningen er av nyare dato, men oppført i «gammal sjøhusstil». Kaien tett attmed har namnet Amtskaia. Men kvifor dette namnet, Amtskaia? Paul Frøyen har skrive ei rikt illustrert bok om Kalvåg. Fleire stader står det om ruteferdsla og Amtskaia.

<p>Amtskaia i Kalv&aring;g, 2015.</p>

Amtskaia i Kalvåg, 2015.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2014

Fotograf: Hermund Kleppa

Eit stadnamn med historie

Amtskaia er eit stadnamn, namnet på ei av kaiane i Kalvåg, den som ligg heilt nord i hamna, på vestsida. Her vart det bygd kai så tidleg som 1886, og Sogn og Fjordane sine eigne rutegåande dampskip la til ved denne kaia. Dei høyrde til reiarlaget Nordre Bergenhus Amts Dampskibe. På folkemunne vart etter kvart båtane nemnde som amtsbåtane, og kaia vart heitande Amtskaia.

Sogn og Fjordane fylke fekk namnet Nordre Bergenhus Amt då fylket vart oppretta i 1763. I 1919 vart namnet vart endra til det meir presise og norske Sogn og Fjordane fylke. Samstundes endra fylkesreiarlaget namnet sitt til Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Men namnet Amtskaia, heldt seg. Namnet var innarbeidd gjennom eit par generasjonar, det var seigliva, og har halde seg heile tida etterpå; Amtskaia.

Dampskipstoppestad – truleg frå 1861

Boka Dampen og kaia (1998) av Finn Førsund, har omtale av 234 stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane. Paul Frøyen utfyller omtalen av Kalvåg, særleg ved det han fortel om folkelivet på bryggja.

«Nordre Bergenhus Amts Dampskibe – seinare Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane – vart skipa i 1858. Første ruta til Nordfjord og Sunnfjord kom i januar 1859. Det var DS «Fjalir» som vart sett inn her. Båten låg i ro om natta og brukte 6 dagar tur retur Bergen – Nordfjord. Her i Bremanger fanst berre ein stoppestad: Smørhamn. Men straks etter 1860 fekk Kalvåg denne dampskipsstoppestaden.

Arkivet til Fylkesbaatane (i Bergen) vart øydelagd av ein kraftig eksplosjon (…) i 1944, så vi veit ikkje nøyaktig kor tid Kalvåg vart dampskipsstoppestad, men ved folketeljinga i 1865, er Christoffer Dahl registrert som dampskipskekspeditør i vågen. Dessutan rapporterer pastor Koren [Ulrik Vilhelm Bøyesen Koren (1830–1911), sokneprest i Bremanger 1864 -1873] at år 1863 var «Postaabneri og Dampskipsstoppested nyligt henlagt hertil» (Kalvåg). Alt tyder på at Kalvåg vart stoppestad då bygda fekk postkontor (Bremanger Postaabneri) i 1861 [01.01.1861]. (…) Dampskipskaia vart ferdig i 1886 og ekspederinga av «dampane» gjekk lett og greitt.»

Noteringar i Koren si dagbok

(Merknad: Bremanger prestgegjeld vart utskilt frå Kinn prestegjeld i 1864 med Ulrik Koren som sokneprest. Han førde dagbok og noterte utførleg om dagleglivet i Bremanger. Paul Frøyen nyttar Koren-dagboka som kjelde fleire stader i boka si).

«25 August 1867: DS «Fjalir» har brote propellakselen i «Nærheden af Moldøen», og DS «Framnæs» vert teken av ruta og brukt som slepebåt! I samband med dette noterer pastor Koren: «Det er mærkeligt hvorledes allerede nu alle forholde er indvævde i dampskibsfarten. Bare et dampskib en enkelt gang udebliver, gaar strax mangt istaa, og der opstaar mange ubehageliogheder» (pastor Stepansen har måtta leiga ekstraskyss til Florø.)

11. Juni 1869: Kom Dampskibet om ettermiddagen (torsdag) efter den nye rute og medbragte Kristiania-aviser saa ferske som tirsdag samme uge [?]. Det gaar fort i vaare dager» Vidare noterer han: Herfra gikk dampskibet for første gang til Bremangerpollen som nu skal anløbes i sommermaanederne.

Kommunestyret misnøgd

«2. November 1895 ordar kommunestyret for første gong kritikk av båtrutene til Nordre Bergenhus Amts Dampskibe: «Det har nemlig vist sig at skibene er blevne saa optate inde i fjordene at ruteindelingen af kystdistrikterne er bleven mere og mere uhensigtsmessig. Eksempelvis skal man henpege paa sommerruten for 1894 og vinterruten for 1894/95. I sommerruten har Kalvåg anløb til Bergen tirsdag og torsdag, altsaa med vel 1 døgns mellemrum og saa ikke mere, og af 10 anløb ugentlig som stedet figurerer med i ruten, faldt 6 paa en dag, tirsdag. – I virkeligheden er et stort strøg af Bremanger – Bremangerpollen faktisk uden forbinelse med sydgaaende skibe, saa passager- og varetrafikken til Bergen, saavelsom i Sogn, Søndfjord og Nordfjord maa foregaa over Kalvaag.»

Post – «henved 1000 Breve»

«Her kunne vera mykje kav og mas under vinterfisket. 21. Januar 1867 noterer pastor Koren: «Det nye dampskib «Hornelen» [nytt 1866] gik i dag sydover og den stakkels Vindaas (midleridig tilsett etter at Sørensen fekk sparken) havde en post [ei postsending] at expedere paa henved 1000 breve (og ikkje eitt einaste av dei hadde frimerke)» Koren rusar folketalet i Kalvågen til å vere 5 – 6000.» (Så langt noteringar frå Korens dagbok).

Livet på bryggja – dampskipa «ylte»

«Her, ved den nye amtskaia, la dampane til, og her hende så mangt. Nokon var møtte opp når dampskipet ylte bortpå fjorden. Dampane fløytte ikkje. Mange har hevda det, men dei tek feil. Dei har ikkje fatta, kan ikkje fullt ut ha opplevd dei verdige gamlestimarane som ein gong trafikkerte fjordane her. Dampane sneik seg oppover den skumkvite Frøysjøen, lumske som urtidsvesen; først når dei runda bortaste staken, sette dei i sitt langdregne dinosauriske yl. (…) Langdrege og insisterande ljoma det frå fjell til fjell, fekk ungane til å kveppe. Gamlingane vakna til liv, geispa, snudde seg i senga: «Var det dampen so ylte?» Det skulle vore einkvan andre, tenkte vi ungane. Då skulle det blitt ballade! Men du høyrde aldri gamlingane gneldre og klage over dampen. Dampen kunne tillate seg alt.»

Livet på bryggja – liv og røre

«Amtskaia ein søndags ettermiddag i sol og godvêr! Alt folk var der, dei fleste uthalte i sine beste kler. Karar og koner i svart, dei unge jentene i meir lettsindige kulørar, arm i arm i små klynger over det slette kaidekket. Dressar og kjolar vart viste fram. Folk såg og vart sedde, jamvel dei kondisjonerte let seg sjå her på bryggja.

Dampen la til. Stålfestrene vart dregne ut og tredde ned over fester-steinane. Passasjerane trippa ned, andre gjekk opp landgangen. Unge, spreke karar skreva ofte direkte over rekka med kofferten i neven. Varer vart lossa, varer lasta om bord. Bommen svinga ut med krøter og mjølsekkar, med likkister og gjødsel.

Her var utstikt til sirupsfustasi [fustasje – stor tønne], brennevinskaggar og landsens poteter jamsides eksotiske kolonialvarer som appelsiner og amerikanske eple, – gratis og franko pusta du inn den tropiske aromaen av anis, kardemomme og kanel, og dei mest uventa ting kunne skje.»

Livet på bryggja – komler på avvegar

«(…) B.A. Knudsen fortalde frå sin barndom at nokre skjelmar – ikkje mors beste born – [ein gong] sparka inn botnen på ei sildetynne som kom på land frå Nordfjord – og det rann ut komler i hundrevis, - dei rulla over heile kaia så folk ikkje visste å fote seg. Vi lo av dette, men faktum er at indrefjordingane alltid hadde med seg gagns niste når dei rodde fiske i Geitholmane [sørvest av Frøya]. Og komler var solid kost som heldt seg lenge; ein månads tid, hevda B.A, men deretter mygla dei fort. Og mygl likte dei ikkje, dei gamle nordfjordingane. Det var visst fullt både av penicillin og anna styggheit, noko vitskapen fann ut tre generasjonar for seint – som vanleg. Kor som er, fiskarane ville ikkje vite av det. Dei skava mykje vekk med toleknivane sine med kvart dei åt.»

Livet på bryggja – «fanst her kjentfolk?»

«Dei reisande stod langs rekkja og fylgde med (…). Dei fastbuande stod på kaia og studerte dei reisande. Fanst her kjentfolk? Av og til gjorde det det. Folk nikka og prata, handtokst, smilte, skratta av glede «Du og du! Dette var jammen uventa, og so hyggjeleg å sjå deg att!» Ein og annan hasta opp landgangen for å snakke meir usjenert: «Det var ilt dette med han Nikolai, tenkje deg te -, og so broren og! Ja, v i veit ikkje mykje føre oss nokon – de ska vere visst.»

«Nei, no er det lenge sidan! Kor står det til heime? Kor e det med kona? - «Goddag, goddag! Jammen ser du godt ut!», ikkje ein dag eldre på alle desse år. Og så i god stand! Du snakka meg om! Du falna kje fort du Malena! Nei, å nei! Dette var jammen gildt!» (…)»

Endringar

«Kalvåg fekk vegsamband nordover med bruer over Oldersundet i 1976, og året etter vart det sett sluttstrek for Kalvåg som båtstoppstad. Kvennevika, eit kort stykke nord for «gamle» Smørhamn, vart no stoppestaden med namnet Smørhamn for ferje og båt. (Paul Frøyen rundar av kapitlet sitt om «livet på bryggja» med «at det som ein gong var Amtskaia, vart borte med båten»).

«Livet endrar seg på bryggja og. Dampane vart borte, no måtte folk ta lokalbåt til Florø og gå om bord i bybåten der. Det nye flaggskipet til Fylkesbaatene, «Sunnfjord» [ny 1949] var oppom vågen ein gong og viste seg fram. Det var alt. «Tidene har forandret seg», sa Samuel [ekspeditør] , og det gjekk troll i ord – plutseleg la han ned piassavakosten og var borte for godt. Sønene Edvin og Kalle vart no åleine om ekspederinga av det som fanst att av passasjerar og lasteruter.

Dei nye båtane heitte (…) Hennøy, Vågsøy og Tansøy [mindre båtar i lokalrutene] – små praktiske skal som frakta folk og varer til og frå provinshovudstaden Florø [000] . Dei var ikkje noko for auga, dei korkje ylte eller imponerte nokon med sine minimalistiske eksorør, men dei kom og gjekk til faste tider, og folk møtte fram på kaia nesten som før. Berre at no var det mest pensjonistane og dei heilt unge som heldt gammaltradisjon ved lag. Mellomskiktet hadde flytta inn til byane, mange ungdommar tok utdaning, og dei kom ikkje att. Bygda minka år for år.

(…) Det idylliske miljøet som ein gong var amtskaia, og som no var borte med båten – slutten på ein hundreårig tradisjon: Bryggja som kulturinstitusjon. Som møteplass, nyhendebyrå, diskusjonsklubb og underhaldnings-etablissement (…)».

kjelder:

Frøyen, Paul: Frøya og Kalvåg. Historiske streiftog og Fragment av ein barndom i krigstid. 2002.

SFF-89216 Koren, sokneprest. Dagbok 1865-1874.

PERMANENT IDENTIFIKATOR