Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 16. juni 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Landabryggja - jektebryggje i Førde sentrum



Hafstad på sørsida av Jølstra utfordra Sjøahola som handelsplass sist på 1700-talet. Men ”funnet” av ei eldre jektebryggje på Hafstad i 2007 kan tyde på at ein del trafikk gjekk inn hit også frå gammalt. Intakte jektebryggjer i stein er dessutan sjeldan kost for arkeologane. Bryggja på 70 meter er no under restaurering som eit minne om jektefarten og det første ”sentrum sør” i Førde.

Teikninga viser Landabryggja saman med postgard, postveg og gjestgjevarstad. Staden heldt på å utvikle seg til det nye Førde, men Langebrua og hamnetilhøva stoppa dette.

Teikninga viser Landabryggja saman med postgard, postveg og gjestgjevarstad. Staden heldt på å utvikle seg til det nye Førde, men Langebrua og hamnetilhøva stoppa dette.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Arne Aasland

Landabryggja

Det var bonde Magnus Hafstad som i 2007 gjorde Førde historielag merksam på eit bryggjeanlegg nær Hafstadskulen. Han hadde og namnet; Landabryggja etter Hafstadlandet. For ein uinnvigd kan byggverket på 70 meter oppfattast som ein murt elvekant med gammal torv og oreskog over. Ser ein betre etter, vil ein finne ein mura utstikkar på 7 x 8 meter (litt utrasa) og 36 meter låg bryggjemur innafor. Ei meir ujamn steinsetting forlengjer bryggja 30 meter. Utstikkaren ser ut til å vere fundamentet for ei større sjøbu.

Gammal ferjestad

Vi veit at denne staden frå gammalt var ferjestad over Jølstra, frå Hafstad til Toene, kyrkja og Sjøahola. Elva var vid og roleg her, i overgangen til sjønivå. Frå tidleg på 1700-talet kjenner vi namn på ferjemenn som budde på staden, men dei kan ha vore der før.

Bryggje

At fjordgarden Hafstad frå gammalt hadde båtar og bryggje, må vi rekne med. På første fotografiet av Førde, ca 1860, ligg enno eit gardsnaust på 12-15 meter nede i eit søkk nær bryggja. På 1700-talet hadde fleire gardar på sørsida bygt naust og sjøbuer på Hafstad. Buene var viktige i varebyttet med kystfolket. Behovet for bryggje auka med trafikken. Dei lause grusmassane i området kravde ein steinmur i front. Blokker på 100 til 1000 kilo blei kjørt fram. Truleg er det mest skikkelege murarbeidet utført på tidleg på 1700-talet av folk med pengar og behov for bryggje. Tidlege lensmenn i Førde sat på Hafstad/Bruland, og i ein periode frå 1725 heldt første sorenskrivaren i Sunnfjord til på Hafstad.

Postgard og futegard

Det kom fart i området sist på 1700-talet. Hamna i Sjøahola var blitt grunnare, og Jølstra fann løp meir direkte ut i fjorden. I 1785 kom den trondhjemske postvegen på Hafstad-sida, og Ivar Helgeson Hafstad fekk jobben som postbonde (postførar). Ein veg frå bryggja opp i tunet kopla bryggje og postveg saman. Berre fire år etter valde futen i Sunnfjord å flytte futegarden frå Svanøy ytst i Førdefjorden inn til Bruland i Førde. Bygningsmaterialane må ha kome i land på Landabryggja og så blitt frakta postvegen til Bruland. Det var kortaste vegen. Når futen skulle på sjøreise, må Landabryggja ha vore startpunktet.

Varer og losji

Fleire gardar på Haukedalen, Mo og Jølster sette opp sjøbuer på bryggja etter 1800. I 1837 låg der 15 buer og to jektenaust. Fire nye buer var planlagt. Det vitnar om aukande interesse for varer utanfrå. Saman med trafikken på postvegen gav dette grunnlag for drive losji ved Landabryggja. Bror til postbonden, Nils, fekk løyve til dette, med skjenkerett, i 1793. Staden heitte Hafstadbakken, seinare Nøisomhet. Det haugianskprega namnet kan ha kome med eit nybygg, og kanskje for å dempe klagane om fyll og bråk. Han utfordra også handelsmannen i Sjøahola ved å selje varer til bøndene, særleg kring hausttinga; fekk rettssaker mot seg, men heldt nok fram med handelen.

Bråstopp i 1838

Men veksten førde til spreiing av aktiviteten, og kanskje trong for liggje nærare sjøen. Neste generasjon på Hafstad, Karl, fekk 1836 kjøpmannsløyve i Øyna, lenger nede ved elva. På Skorpa, på nordsida av elva, etablerte handelsmann H. C. Lange seg. Tanken om å binde saman Førde med ei bru over elva blei til alvor i 1836/37 då Lange og lensmann Falch gjekk saman om ei privat bru frå Øyna til Skorpa. Brua var på plass i 1838 og stengde for båtar med mast. Alle sjøbueigarane ved Landabryggja hadde protestert, likeeins ferjemannen og handelsbøndene i Vevring, som ville ha atkomst til Landabryggja. Kommunestyret gav erstatningar til å flytte sjøbuene nedanfor brua. Vertshuset måtte gi seg, og postgarden flytta nedover. Ferjemannen hadde mista næringa si.

Gløymd bryggje og gjestgjevarstad

Landabryggja vart degradert til båtstøe. Jordbruket tok over og bryggja grodde til. Huset etter Hafstadbakken/Nøisomhed blei kring 1845 kjøpt av Kristoffer Krohn, som ikkje dreiv staden, men etablerte sitt Kronborg på Brulandsvellene. Truleg selde han huset, som forsvann. Det kan vere dette huset som blei sett opp på ein holme i Jølstra av lærar Elias Fitje i 1845, og flytta derifrå til Teigen i 1855 av fargar og haugianar Nerland. For Nerland brukte tomtenamnet Nøisomhed. I så fall står huset i Teigen den dag i dag, nærmast intakt, med stildrag frå ca.1800. Det er då både eit minne om senteret på Landabryggja og om handverkarar, haugianisme og barneåra til avisa Firda under Kristian Ulltang, den første redaktøren.
 

kjelder:

Førsund, Finn B.: Førde bygdebok (om Hafstad) Djupedal, Torkjell: Førde Kulturhistorisk vegvisar. (om Hafstad) Aasland, Arne: Første Førde-senteret på Hafstad. I Sogeblad for Førde. 2007.
Informasjon frå: Bergen sjøfartsmuseum, marinarkeolog Marøy Hansen

PERMANENT IDENTIFIKATOR