Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 06. februar 2004

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hotlakaien - den gamle båtstoppestaden i Gaupne



Fylkesbaatane hadde stoppestad i Gaupne frå 1910 til 1966. Kaien - eller Hotlakaien som vart den vanlege nemninga - låg på austsida av fjordbotnen, på gardsbruket Hotlen, ein snau kilometer ut frå dagens sentrum. Trevyrket i bryggja vart rive ei tid etter at dampskipsekspedisjonen var nedlagd. Men den vesle ekspedisjonsbygningen står enno att.

Det halvtekte kaihuset på Hotlakaien 2003. Det vart bygd ei tid før Fylkesbaatane la ned rutene sine på Lustrafjorden midt på 1960-talet, og avløyste då eit eldre hus av ein heilt annan fasong.

Det halvtekte kaihuset på Hotlakaien 2003. Det vart bygd ei tid før Fylkesbaatane la ned rutene sine på Lustrafjorden midt på 1960-talet, og avløyste då eit eldre hus av ein heilt annan fasong.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2003.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Båtstoppestad i vel femti år

Gaupne er bygd på avsetningar frå Jostedalselva. Grandar og grunt vatn har alltid prega strandsona lengst inne i den kring fem kilometer lange Gaupnefjorden. Einaste staden det låg til rette for å byggja kai nærare Gaupne enn Marifjøra, var eit stykke ute i fjorden på austsida. Men sidan det var kort avstand til Marifjøra, og Gaupne var heller tynt folkesett, vart det ikkje bygd kai i Gaupne før 1910, og då på privat initiativ. Fylkesbaatane hadde Gaupne som stoppestad på ruta Bergen-Sogn-Bergen til og med sommaren 1965, det siste året FSF hadde rute på Lustrafjorden.

Den gamle båtstoppestaden 2003

Riksvegen går tett forbi den gamle båtstoppestaden. Det står ein raudmåla bygning med skrått tak på eit oppmura fundament ut mot sjøen. På ytste kortveggen står GAUPNE skrive med smale trelister. Gjennom eit lite vindauga syner hyller på veggen. Det var ekspedisjonskontoret. Skyvedører går inn frå kaisida. Trebryggja som gjekk ut frå stein- og betongdelen av kaien er borte.

To kaihus

Ekspedisjonsbygningen vart sett opp nokre år før båtrutene stogga og huset avløyste då eit eldre pakkhus som var av ein heilt annan fasong. Det hadde to lagerrom, men ikkje kontor. Ekspeditøren hadde kontoret i bustadhuset sitt, som brann ned til grunnen i 1952.

Etter 1965 vart kaihuset nytta som lager i fleire år.

''Sagen anbefales på det beste''

Jostedølene var interessert i få båtstoppestad i Gaupne i staden for Marifjøra, og difor var det lett for Peder O. Urdahl (1848-1939) å få ''anbefaling'' frå Jostedal då han i åra etter 1900 sette i gang med å få oppretta dampskipsstoppestad i Gaupne. I 1905 skreiv han til ordføraren i Jostedal med ''andragende'' (søknad) om ei støttefråsegn. Kommunestyret handsama saka i møte 28. februar. Av vedtaket går det fram at ras og rasfare på vegen mellom Rønneid og Marifjøra skapte store vanskar for ferdsla, både sommar og vinter. Eit par gonger hadde det jamvel vore på nære nippet at folk hadde stroke med.

''-- herredstyrets udtalelse i anledning dampskibstoppested paa Fornæs i Gaupne. Forsamlingen er fullt opmærksom paa den store betydning at dampskibstoppested paa det andragendet anførte sted vil komme til at faa.

Marifjæren som eneste nermeste dampskibstoppested er i mange henseende ubeleilig og farefuldt at komme til. Om vinteren er paa veistykket mellem Rønnei og Marifjæren ofte forekommende sneskred der styrter lige i søen til hinder for færdselen og i sneløsningen de hyppig forekomende isras som ogsaa medfører store farer og vanskeligheder, om Sommeren er man udsat for Jordskreder og stensprang. Under disse omstendigheder har det ikke hendt saa skjelden at folk saa vit med nød og neppe har kommet fra det uskadt med livet.

For postbefordringen vilde det være af stor betydning at kunne faa modtage og aflevere posten paa Fornæs i Gaupne thi derved kunde posten føres frem og tilbage uden farer i det under foranførte vanskeligheder indtreffer ofte at posten maa reises med leiet robaad frem og tilbage mellem Rønnei og Marifjæren til stor ubehageligheder for postføreren.

I den anledning fattedes saadan enstemmig Udtalelse:
Sagen anbefales paa det beste.''

Stadnamnet Fornæs

I fråsegna førekjem stadnamnet Fornæs om den påtenkte stoppestaden. Ellen Haugen (f. 1931) fødd og oppvaksen i Gaupne, kjenner ikkje til dette stadnamnet. Folk brukte til vanleg å snakka om Hotlakaien, dvs. kaien som låg på gardsbruket Hotlen. Eit nes like ved heiter Kina. Heller ikkje Anders Ormbergstøl (f. 1922) har høyrt om stadnamnet Fornes. Det kan sjå ut som me her har eit døme på at eit stadnamn, Fornes, har vorte fortrengt av eit anna Hotlakaien.

Mykje last over Gaupne

Peder O. Urdahl vart tilsett som dampskipsekspeditør i Gaupne i 1910. Med Jostedal som oppland gjekk det i mange år mykje last til og frå stoppestaden i Gaupne.

58 tonn villbær i 1918

I innstillinga frå trafikkplankomiteen av 1919 går det fram at Jostedal på den tida nytta både stoppestaden i Marifjøra og Gaupne. Begge hadde då tre anløp kvar veke om sommaren, og det gjekk minst to døgn å få varene frå produsentane i Jostedal til avtakarane i Bergen. Ei oppgåve over ekspederte varer frå Jostedal vitnar om kronår for villbær i Jostedal i 1918 og mange og flittige bærplukkarar:
 

 19181919 
Hestar4040stk. 
Storfe150150stk. 
Smaler250250stk. 
Smør50004300kg 
Geitost1222014939kg 
Vilt300250kg 
Villbær5839927363kg 

Kyrabeist frå Ormbergstøl

Anders Ormbergstøl fortalde hausten 2003 at han var med og leidde kyrabeist frå Ormbergstøl til Hotlakaien for å senda dei til slakting i Bergen, før lastebilane tok til å køyra kring 1935. Dei var to om turen heim til Gaupne, ein leidde, og hin jaga på. Og så hadde dei med seg syklar for å koma seg snøgt heim att.

Det hende dei reiste til Marifjøra i staden for til Hotlakaien sjøl om det var litt lenger. I Marifjøra var det råd å ta inn og få seg ein kopp kaffi, noko som kom vel med når båten var for sein. Det hende nemleg rett som det var at båtane ikkje heldt rutene sine. Dei kunne vera fleire timar for seine.

Planar om djupvasskai 2003

Pr. år 2003 var Gaupne dårleg stelt med kaiplass for større farkostar. Einaste kaien var ei meir provisorisk industribryggje ytst på Gaupnegrandane. Men i november 2003, nokså nøyaktig hundre år etter at Peder Urdahl byrja å tenkja på bryggje for Fylkesbaatane i Gaupne, skjedde det saker og ting. I eit kjempeoppslag melde Sogn Avis om planar om å byggja djupvasskai for svære cruiseskip ved Gaupnegrandane. Kaien var tenkt å bli utgangspunktet for turisttrafikk til fleire attraksjonar i det vidstrakte Luster: Fjelltopp-restaurant pr. helikopter på Kaldakari i Veitastrondi, Bresenteret og Nigardsbreen i Jostedal, Sognefjellet, Urnes stavkyrkje og fleire andre. Oppslaget slo ned som ei bombe hjå reiselivet i Sogndal. Der hadde dei og tumla med planar om å byggja djupvasskai for turistskip.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Førsund, Finn Borgen: Dampen og kaia. [..]. Selja forlag, 1998.
Indstilling fra Trafikplankomiteen av 1919.
Munnlege opplysningar frå:
Ellen Haugen, Luster.
Kommunearkivet, Luster kommune:
Jostedal kommune, formannskapet, møtebok 1900-1906, sak 3, 28.02.1905.

PERMANENT IDENTIFIKATOR