Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fylkeskaia og huset Haffen



Torgkaia, Fylkeskaia - Amtskaia sa dei før - er framleis offentleg kai, men ikkje for rutedrift. Det gamle ekspedisjonshuset, Haffen, som vart bygt for snart 120 år sidan, er i dag ungdomshus.

Det var stor aktivitet på "Amtskaia" når både lokalruter og andre rutebåtar skulle lasta og lossa på same tid.

Det var stor aktivitet på "Amtskaia" når både lokalruter og andre rutebåtar skulle lasta og lossa på same tid.

Eigar: I Florø - Norges vestligste by 100 år.

Datering: Ca. 1960.

Fotograf: Ukjend.

Sju tusen kroner

Etter kvart som dampskipstrafikken til Amtsbaatane (Fylkesbaatane, FSF, etablert i 1858) auka på, vart kravet om ei skikkeleg kai i Florø presserande, men det gjekk nesten eit kvart århundre etter at FSF vart skipa, før bystyret greidde å skaffe dei nesten sju tusen kronene det kosta å byggje ferdig ei murt steinkai med ekspedisjons- og lagerbygg. Fram til 1878 vart skipa borda ute på Florevika.
I 1877 gjorde ordførar Livius Smitt framlegg i bystyret om å bygge ei dampskipskai i kommunal regi. Dette vart vedteke i mai året etter, med sju mot fem røyster, og kostnadsråma var 5000 kroner. Likeins vart det vedteke å bygge pakkhus for inntil 1000 kroner.

Makeskifte med presten

Knut Hansen heitte han som fekk kaiarbeidet, for 5600 kroner, og tømmermeister N. Hammer fekk bygge pakkhuset for 1230 kroner. Kaia vart bygt av stein frå "Mina" (i dag Strandgata 52), og dels av minesprengd sandstein frå stranda ved indre Årebrotsvågen.
Førearbeidet til å bygge ei kai der, vart gjort ved eit makeskifte mellom prestegarden og Jens Helmers i 1869. Presten hadde frå gammalt strandrett og naust til skyssbåten sin bak dette vesle neset. No fekk Helmers, og sidan kommunen, overta dette for å bygge kai.
I 1878 tok dei til å legge ut dei første steinane, men etter at kaia var komen opp, viste den seg å vere i trongaste laget til hovudekspedisjon for Fylkesbaatane. Særleg var det trongt å kome ned forbi ekspedisjonsbygget. I 1887 vart kaia påbygt med 10 alner vestover, og i 1902/03 likeins med 10 alner nordover. Det siste seiest å vere for å få den nybygde "Stavenes" til å ha stasjon i Florø.

Ny ekspeditør

Bilete av kaia med ekspedisjonskontor, lager og Hamnekafeen i andre høgda.

Samuel Knutsen som tidlegare hadde ekspedert Amtsbaatane på Florevika, ser ikkje ute til å ha gått i "bås" med bystyret, for han miste jobben som ekspeditør. Då den kommunale kaia stod ferdig i 1887 vart det lyst etter ny, og ein som heitte Kolbeinsen vart tilsett som ekspeditør. Han skulle betale 1000 kroner i årleg leige for kai og pakkhus. Etter han følgde Jens Helmers jr., og etter han S. Hatlem i 16 år, og så R. Melvær. Etter desse etablerte Karl Hopen og S. I. Solheim firmaet Hopen & Solheim og dreiv ekspedisjonen.
Her var eit yrande liv med båtar og folk og dyr, og varer som vart trilla på traller og sekkehjul inn og ut av ekspedisjonsbygningen. Den inneheldt forutan ekspedisjonskontor og lager, også Havnekafeen i andre etasje mot sør, med ein fjøs under. Denne verksemda heldt fram til Fylkesbaatane overtok ekspedisjonen midt på 1960-talet og flytte til den då mykje utvida Fugleskjerkaia lenger vest i indre hamn.

Bilete av fôr som blir lastet.

Kystmuseum og fiskehandel

Bilete av Haffen i år 2018 no ungdomshus.

Etter at Fylkesbaatane flytta, har huset vore utleigd til fleire føremål, mellom anna til Kystmuseet som i 1979 fekk leige mestedelen av huset. William Johansen bygde om den gamle fjøsen i søre enden til fiskehandel. I andre heldt Havnekafeen fram endå nokre år. Etter museet overtok Florø Dykkerklubb kontora til klubblokale, men museet hadde framleis verkstad og utstillingslokalet som lager i mange år etter at dei flytte til nybygget på Austneset.

Bilete av båt framfor Hamnekafeen.

Bilete av hamna i 1965 med ei last fôr.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Stavang, Harald J.: Flora - kulturhistorisk vegvisar. s. 111. Førde 1999.
Hole, E.M.:Florø gjennom 75 år. Florø 1935.
Førsund, Finn Borgen:Dampen og kaia. Stoppestader for Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane 1858-1998. Førde 1998.
Torvanger, Magnus Helge: 101 Fjordabåtar. Førde 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR