Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. mai 2010

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

"Clupea" – flytande sildeoljefabrikk i 1950-åra



Vintrane midt på 1900-talet kom storsilda inn til kysten i enorme mengder for å gyta. Tusenvis av farkostar var i sving. Men eitt stort problem melde seg snøgt: mottakskapasiteten blei for liten. Til sesongen 1950 kom eit nytt tiltak på plass: Ein flytande sildoljefabrikk – ”Clupea”.

<p>Den flytande sildoljefabrikken &rdquo;Clupea&rdquo;, ny i 1950, seld til utlandet i 1959. Dette biletet st&aring;r i personalhandbok, desember 1952.</p>

Den flytande sildoljefabrikken ”Clupea”, ny i 1950, seld til utlandet i 1959. Dette biletet står i personalhandbok, desember 1952.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1949/50

Fotograf: Ukjend

Opptakt
Ideen om ein norsk flytande sildoljefabrikk kom opp i 1920-åra. Den store fordelen var å kunna oppsøkja råstoffet der det måtte finnast, i staden for å transportera sild og fisk til fabrikkar på land. Det blei gjort fleire forsøk, men utan å lukkast. Teknologien var ikkje godt nok utvikla til å oppnå lønsemnd. Først etter krigen, i 1948, kunne Den norsk stat, Noregs Sildesalslag og firmaet S. Bartz-Johannessen gå til innkjøp av eit britisk skip, bygt for krigsføremål. Skipet skulle byggjast om til flytande fabrikk.

Ombygd
Skipet fekk namnet ”Clupea” – det latinske namnet på sild. Fartøyet hadde kraftige maskinar, utstyrt med to vassrøyrkjelar, kvar på 400 kvatratmeter heteflate, til to dampmaskinar, kvar på 2600 hestekrefeter, som kunne gje båten 16 knops fart. Ombygginga til flytande sildoljefabrikk vart utført ved AS Stord verft. Den flytande fabrikken vart levert frå verftet fredag 20. januar 1950.

Stor kapasitet
”Clupea” var eit skip på 6000 tonn, 354 fot langt og 54 fot breitt med 3 meters tankar i botn for 3000 tonn sildolje, vatn og brenselolje. På dekk stod åtte bommar med like mange vinsjar, slik at fire stor snurparar kunne lossast samstundes med grabbar og med automatisk mæling av mengda. Under dekk kunne ”Clupea” ta 15 000 hl (hektoliter) fersk sild og på dekk 5000 hl. Mjøllageret med plass for 1000 tonn var plassert midtskips i same området som turkeomnen og trommelen.

Produksjonsprosessen
En skrapar førde silda til kokaren, og derifrå gjekk ho vidare til den ei stor dobbel skrupresse. Pressveska gjekk over vibrasjonsventilar til separatorar. Massen herifrå gjekk så til turkaren og endeleg til mølla for så å verta blese til mjøllageret der ”sekkinga” (pakking i sekker) gjekk føre seg. Fabrikken var dimensjonert for å produsera 800 hl sildemjøl under full drift eller 4-5000 hl sild i døgnet.

God plass for mannskapet
Om lag heile akterskipet var innreidd for mannskapet, med ein- og tomannslugarar, men også eit par seks-mannslugarar. Her var stor garderobe, bad, vaskerom, kjøken og matsalar. Mannskapet var på kring 70 mann.

Smørhamn – Clupeahamn
”Clupea” fekk stasjon i Bremanger, på austsida av Smørhamnsøy, same staden som ferja Kjelkenes-Smørhamn legg til (2009). Namnet Smørhamn er noko misvisande etter som den gamle handelsstaden Smørhamn ligg heilt sør på øya. Den flytande sildoljefabrikken hadde stasjon like ved den seinare ferjestaden Smørhamn. Staden vart på folkemunne nemnt som Clupeahamn, og dette stadnamnet levde lenge etter at Clupea var borte.

65 000 hl første sesongen
”Rikt sildefiske, men store vanskar med leveringa”. Det var overskrifta på eit sildestykke i Firda Folkeblad, 2. februar 1950. Fisket hadde vore godt på strekninga frå Romsdalskysten til Solund. Det var kome store sildemengder inn til Ålesund, Måløy, Bremanger, Kalvåg, Florø, Bulandet, Buskøy og andre stader. Det var ventetid for å få levera til siloljefabrikkane. Båtar vart dirigerte sørover.

Om det nye tiltaket, den flytande sildoljefabrikken, skreiv den same avisa: ”Den flytande fabrikken i Smørhamn har teke nokre laster, men det munar for lite.” Av ei notis 6. februar går det fram at det hadde vore ”mykje kluss” i førstninga, men at det så hadde fungert godt. Etter sesongslutt kunne avisa oppsummera med at ”Clupea” hadde teke mot 65 000 hl på fire veker. 85 mann hadde vore i arbeid, og av desse hadde 72 losjert ombord. ”Det vert sagt at den flytande sildoljefabrikken ser ut til å verta ein suksess”

”fylte sin oppgåve”
Til sesongen 1952 laga a/s Clupea eit personalhefte. I innleiinga står mellom anna noko om ”anlegget”:

”Man så med atskillig spenning fram til driften av ”Clupea”. Det viste seg snart at en her hadde et anlegg som det var behov for og som fylte sin oppgave i fiskeriene, og som teknisk sett var slik utrustet at det også hadde mulighet for å kunne oppnå den nødvenige lønnsomhet for å bli en varig, velfundert bedrift. Grunnlaget for anleggets beskjeftigelse er stor- og vårsildsesongen, og i tillegg til dette kommer da de muligheter for beskjeftigelse som kan finnes i forbindelse med andre av våre norske fiskerier, eller fiskerier i utlandet.”

Slutt
”Clupea” hadde fast plass i Smørhamn kvar vinter frå 1950. Fleire somrar var fabrikken i drift andre stader, i Danmark, Marokko og i Finnmark. Men då sildefisket slo feil sist på 50-talet, vart ”Clupea” selt selt til eit fransk selskap. Etter ny ombygging ved Stord Verft tidleg på 1960-talet, gjekk skipet til Vest-Afrika, men kort tid etter at skipet var framme, braut det ut brann og det var slutten.

kjelder:

Firda Folkeblad. Fleire nr. 1950.
Toft, Malvin: Båtar med sjel. (..) 2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR