Kulturhistorisk leksikon

Fiske (12)

  • Sildeventyret på Vestlandet rundt 1950 – skøyta «Vestkyst» R-26-HM

    «Det store sildeeventyret på Vestlandet – med Måløy og Florø som senter – starta 1947. Totalt samla vintersildfisket kring 27.000 fiskarar i dei beste sesongane. Både i Måløy og Florø rekna ein med at det samla seg 1000 fiskebåtar, og opptil 10.000 fiskarar. I tillegg gav sildesesongen arbeid til tusentals personar på buder og i lossegjengar.» (Allkunne). Skøyta «Vestkyst» var ein av dei «1000» fiskebåtane.

  • Påting - eit ressursvennleg palefiske

    I sommarhalvåret stemde ein skare av motorbåtar frå ytre Solund mot vest i kveldinga. Målet var dei mange fiskeplassane ytst ute, der palen gjekk i svære flak og beit villig. Reiskapen var bambustroer og heimeavla agn. Dette fisket kalla dei påting.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Østersdyrking i Solund

    Den sundrivne Solund-kysten har ein rikdom av pollar, bukter og vikar veleigna til østersdyrking. Frå gammalt voks østersen fritt i "ostrepøylene", men overfangst med fare for utrydding sette fart i kultiveringsarbeidet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Fiskeriverksemda på Færøy

    Det er dimensjonar over nothengja på Færøy. Likevel var ho berre det eine av beina under fiskeriverksemda som voks fram og fekk breidde gjennom eit par generasjonar her.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Størjefisket - storfiske på 1950-talet

    På 1950-talet utvikla størjefisket seg til eit storfiske som i sommarsesongen sysselsette mange fiskarar og farty frå Solund. Inntektene varierte, men ungdommeleg pågangsmot prega både reiarar og mannskap like til fisken drog seg bort frå norskekysten.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Landnotfisket etter storsild i Solund

    Ein rusta bolt i ei vik kan vere einaste synlege minnet etter landnotsteng, frå tider då sjølve sildetyngda vestapå pressa silda inn i tronge sund, og båtar roterte i straumida.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Kombinasjonsdrift, nødvendig i Solund-samfunnet

    Å hauste både frå sjø og land var heilt nødvendig for å leve opp i øysamfunnet lengst vest. Kronene kom nok raskare med fisket, men det var også det som oftast slo feil.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Norsk sildefiske ved Island - Frå dagboka til ein snurpar i 1949

    "Bare 3 av stedets fiskebåter skal i år delta i sildefisket ved Island. Det er "Eystein", "Tenor" og "Bøvik". Dette stod å lesa i ei kort notis i Måløy-avisa Fjordenes Tidende 27. juni 1949. Den 29. august melde den same avisa at båtane var komne heim. Ei anna kjelde fortel meir enn avisa, - dagboka dei førde om bord på "Eystein".

  • Norsk sildefiske ved Island - Notbas frå Vågsøy

    "Blant vore fiskere er der neppe nogen nordfjording som har faret saa vidt og prøvt saa meget og som i det hele vært ute i saa mange situationer som Vilhelm Evjen." Det skreiv Kr. J. Sunde om den vidgjetne notbasen frå Vågsøy i ein artikkel i 1924. I fleire år på 1880-talet var Evjen bas på notbruk på Island, hyrt av konsul Otto Wathne frå Stavanger.

  • Norsk sildefiske ved Island - Ein nordfjording fortel

    I tida frå kring 1880 til slutten av 1960-talet dreiv nordmenn sildefiske ved Island. Islandssild vart etter kvart eit omgrep og "varemerke". Fiskefarty frå Sunnmøre, Hordaland og Rogaland gjorde seg sterkast gjeldande, men Sogn og Fjordane var og med. Anton Brobakke frå Bryggja arbeidde på sildoljefabrikkar på Island i mange år. I 1958 skreiv han ein artikkel i Fjordenes Tidende. Her er mesteparten av artikkelen attgjeven slik han stod i avisa, etter ei generell innleiing.

  • Sogn og Fjordane-Hebridene - Barking

    Ordet barking kjem av verbet å barka. Det har minst to tydingar: a) å ta bork av ein trestamme, og b) gjera bomullsmateriale haldbart ved å leggja det i barkelóg, dvs. væske der garvesyra i borken er oppløyst. Både metoden og verbet var vanleg i Sogn og Fjordane før nylonstoffet kom for fullt på 1950-talet. På Hebridene brukte dei óg det same ordet for det same gjeremålet.

  • Klippfisktørking i Solund

    På fleire plassar i Solund tørka dei torsk på berga. Fisken kom flakt og salta med jekter frå Lofoten i april/mai. Friske hender vaska, vende og stabla til det ferdige produktet endeleg kunne førast til Bergen for sal.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund