Kulturhistorisk leksikon




Bruk av artiklar på Kulturhistorisk leksikon


Fylkesarkivet i Vestland har merka ein del artikkeltekstar og illustrasjonar i Kulturhistorisk leksikon med Creative Commons-lisens CC BY-SA 4.0. Det inneber at du innanfor visse rammer fritt kan gjenbruke desse.

Lisensen gir kvar og ein rett til å dele, kopiere og distribuere verka i alle medium eller format, til å endre og byggje vidare på materialet, samt til å bruke det fritt, også kommersielt. Les meir om lisensen her: CC BY-SA 4.0 

Du treng ikkje å be om løyve før du brukar slike verk, men under denne lisensen pliktar den som deler, endrar eller brukar materialet å namngje opphavsmannen/den som har gitt lisensen samt spesifisere om det har vore gjort endringar. Om det vert gjort endringar eller om ein byggjer på materialet er ein også pliktig å distribuere dette vidare under same type lisens.

For artiklar på denne nettstaden vil opphavspersonen vere artikkelforfattar for tekst, og fotograf for bilete. Vi ønskjer dessutan at Kulturhistorisk leksikon skal vere med i namngjevinga.

Ikkje alle artiklane i Kulturhistorisk leksikon kan nyttast fritt. For artiklar og bilete utan CC-merking må Fylkesarkivet i Vestland gje løyve før gjenbruk. 

Dei tekstane som kan gjenbrukast under lisensen CC BY-SA 4.0 er merka med CC-ikon nedst på sida:

Illustrasjonar med fri bruk er merka på same måte: