Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. februar 2015

Sist oppdatert 09. juni 2021

Rå-data

Merkeregisteret – kjelde til opplysningar om fiskefartøy



Kalvåg september 2014: Makrell-fiskebåtar til kai. Dei har merke på sidene, eitt på kvar side, bokstavar og tal, i kvitt på svart botn, t.d. R - 63 – K. Merka fortel kvar farkostane høyrer heime, t.d. R (fylke, Rogaland) – tal/nummer – K (kommune, Kvitsøy). Alle fartøy som driv næringsfiske har merke og merkebrev. Slik har det vore sidan 1917/1920. Den første tida stod alle fiskefartøy innførde i protokollar. Dessutan kom det ut ei trykt landsoversikt.

Før 1964 -

Før 1964 -

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Eit historisk døme – Motorbåt «Bølgen», SF - 16 - K

Kvart fartøy med kjennemerke har merkebrev. Det innheld mange opplysningar om fartøyet. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har kopi av eit merkebrev utskrive til ein båt som ikkje finst lenger. Det er datert 14. september 1949 for motorbåten «Bølgen» med kjennemerket SF – 16 – K (SF - Sogn og Fjordane fylke + løpenummer i lokalregisteret + K - Kinn kommune). I merkebrevet går det fram at båten høyrer til i Batalden og at Oskar Batalden er eigar.

Vidare er oppført storleik, og at båten kan lasta ca 30 hektoliter sild. Farkosten er ein einmastra trebåt, bygd 1947 på Nordheim, Smøla, Møre og Romsdal. Båten skal brukast til «småfiske». I merkebrevet står til slutt at «farkosten» er «innført i fortegnelsen over fiskefarkoster i Kinn herred, Sogn og Fjordane fylke». Merkebrevet er underskrive av Sivert Hovden (tilsynsmann) og forsynt med stemplet til «Merkelovens Tilsynsmann i Kinn Sogn og Fjordane fylke».

Statsarkivet i Bergen oppbevarer merkeprotokollar. Motorbåt «Bølgen» står innført i protokoll nr. 4, 1937-1949, på folioside 128. I merknadsrubrikken står notert 05.05.1964: «slettet av reg.» (registeret). Det står ikkje kvifor fartøyet er sletta. Det viser at registerførarane ikkje alltid fekk inn opplysningar i samsvar med regelverket.

Lov 1917 – registreringsplikt for alle fiskefartøy

5. desember 1917 kom «Lov om registrering og merkning av fiskefatøier m.v,», forkorta til «Merkeloven» (Merkelova). Lova vart iverksett 15.10.1920. Etter lova skulle alle «fartøier og baater» som vart brukte til fiske og fangst, samt til transport av fersk fisk, registrerast i eit nasjonalt merkeregister. Registeret («fortegnelsen») skulle byggja på lokale merkedistrikt tilsvarande kommunane.

Merkelovens tilsynsmann

Fiskefartøy-registreringa høyrde inn under Fiskeridirektoratet. Kvart merkedistrikt hadde tilsynsmann som skulle føra det lokale merkeregisteret og syta for at fartøyeigarane oppfylte alle plikter og pålegg i lov og føreskrifter. Tilsynsmannen førde kvart registreringspliktig fartøy inn i ein merkeprotokoll, tildelte kjennemerke og skreiv ut merkebrev.

Heimstad

Eit fartøy sin heimstad var distriktet der eigaren hadde registreringsplikt, til vanleg kommunen der eigaren var busett. Dei nødvendige opplysningane kunne gjevast skriftleg eller munnleg. Det går fram av dømet nemnt ovanfor, motorbåten «Bølgen», at i tillegg til fylke og kommune, kom det i merkebrevet fram nærare lokal avgrensing; i dømet, Batalden. Ved eventuelt eigarskifte skulle det meldast frå slik at merkeregisteret kunne oppdaterast og nytt merkebrev og nye kjennemerke tildelast.

Merking

Fartøyet skulle merkast på føreskriven måte. Bokstavar og tal i kvitt på svart rektangulært felt skulle målast på skutesida oppe på kvar side. Det var krav til storleik og avstand mellom dei tre ledda, og det skulle vera ein «bindestrek» mellom kvart ledd. For at bokstavar og tal skulle koma fram tilnærma like, fekk båteigar utlevert sjablongar frå tilsynsmannen. Lova fastsette elles at småbåtar som høyrde til eit bruk, skulle merkast med same merke som hovudfartøyet, om nødvendig med tilleggsnummerering 1, 2, osb. Fangstreiskapar kunne og merkast tilsvarande.

Registrering før 1917

Før Merkelova av 1917 hadde det vore registreringsplikt for fartøy som deltok i særskilde fiskeri som hadde eige fiskerioppsyn.

Lov av 4. mai 1905 fastsette at farkostar som ville vera med i eit fiskeri med særskilt fiskerioppsyn måtte melda seg for oppsynet for registrering og merking. Fiskerioppsynsmannen førte bruket v/høvedsmann inn i oppsynet sitt register over fartøy og fiskarar, og leverte ut to merkeplater av metall. Platene skulle festast på farkosten, og takast av og leverast inn når fisket var slutt.

Før 1917 fanst det elles to andre former for registering. Den eine omfatta større farkostar, registert ved lov av 4,. mai 1905, den andre fiskefartøy som dreiv fiske utanom terriotorialgrensa. Etter desse ordningane skulle kjennemerka målast på fartøyet på nærare fastsett plass. Kjennemerka skulle og målast på fiskereiskap, småbåtar, bøyer o.a.

Endringar ved kommunereguleringar

Bilete nummer 4 viser fiskefartøy med registreringsmerke på slipp i Raudeberg, no Vågsøy kommune. Begge er heimehøyrande i Sogn og Fjordane fylke (SF), SF – 90 – SV står for Sogn og Fjordane fylke, SV for Sør Vågsøy kommune. Nummeret høyrer til talrekkja i Sør Vågsøy-registeret.

Merkesystemet som blei innført i 1917/1920 er det same i dag. Men det finst ikkje fartøy med SV-bokstavar lenger. Det skuldast kommunereguleringane i 1960-åra. Sør Vågsøy og Nord Vågsøy var slegne saman til ein kommune med namnet Vågsøy. Det fekk konsekvens for merkeregisteret. To merkeregister vart slegne saman til eitt merkeregister med bokstav V. År 2014 fanst berre eitt fartøy med NV-kjennemerke, veteranbåten ms «Nybakk» med merket SF – 00 – NV, noko merketilsynet berre så vidt gav løyve til.

Historisk kjelde

Merkelovens tilsynsmann sine registreringsprotokollar er i dag ei god kjelde til historisk kunnskap om fiskefartøya frå 1920 og framover. Registreringane på kvar farkost inneheld sentrale opplysningar om ein fiskefarkost og båten sitt «livsløp», t.d. type, storleik, byggevyrke, lastekapasitet, motor, og opplysningar om eventuell endring, byte av motor, m.m. Det går fram kven som åtte båten og av og til kva slags fiske båten vart nytta til. Og me kan lesa oss til korleis ein fiskebåt «endar» sine dagar; t.d. ved bruksendring, kondemnering eller i verste fall forlis. Innførslene er ikkje komplette fordi registerføraren ikkje alltid fekk fekk inn meldingar i samsvar med lov og regelverk (jfr. dømet «Bølgen» lenger oppe.)

På Statsarkivet i Bergen

Fiskeridirektoratet har fastsett at merkeprotokollar som ikkje lenger er i bruk eller som er utskrivne, skal sendast inn til sentral styresmakt, i praksis Arkivverket. Riksarkivaren har fastsett at Fikseridirektoratet sitt arkiv, medrekna merkeprotokollane frå heile landet, skal oppbevarast i Statsarkivet i Bergen. Merkeprotokollane er opne for innsyn, enten ved at ein tingar kopi eller reiser på besøk.

Bilete i Sogn Dagblad – spalta Gamle Sogn

Sommaren 1988 hadde Sogn Dagblad eit bilete av eit notbruk ved ei notturke ved Ølmheim,i Sogndalsfjorden. Det stod ikkje noko om kvar notbruket høyrde heime. Registreringsmerket R - 85 - A står for Rogaland (R), og Avaldsnes (A), trudde me. For å få fleire opplysningar, sende Fylkesarkivet bilete og lesarbrev til Haugesunds Avis. Responsen let ikkje venta på seg, både pr. telefon og brev. Søren Kristoffersen (71), busett i Vedavåg, opplyste i telefon:

A står for Åkra, gamle Åkra kommune, ikkje Avaldsnes. Skøyta heitte «Tilda», og fartøyet nærast bryggja var følgjar og heitte «Nygård». Motorbåten lengst ute er øyrabåten. «Tilda» var ved dette høvet leigd ut til Kalvenes frå Austevolls-kanten, Hans og Karl Kalvenes. Karl Kalvenes sat i styret for sildesalslaget. Dei hadde to bruk (nøter og utstyr for fiske). Bas var Karl Drivenes, kjend som Kalle fullfart, køyrde alltid for full fart.

«Tilda» kom opphaveleg frå Kragerø, truleg ny i 1944. Søren Kristoffersen eigde skøyta frå 1946 til 1950, og var med på fiske i Sognefjorden då biletet blei teke. I 1950 selde han skøyta til ein i Vedavåg. Ho var 44 fot og hadde ein 2 sylinder Rubb på 80 HK (hestekrefter) som gav god fart.

 

kjelder:

Lov om registrering og merkning av fiskefatøier m.v, 05.12.1917

Fylkesarkivet, korrespondanse om skøyte ved notturke i Sogndalsfjorden, KL-omslag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR