Kulturhistorisk leksikon

Kommune (8)

  • Hamskiftet i Balestrand

    Drakestilen i Balestrand kom med dei kjende kunstnarane som kjøpte seg strandtomter langs Sognefjorden for litt over 100 år sidan. Kunstnarane som kom her, kjende bøkene om bygda. I 1897 kom også ei eiga engelsk kyrkje.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Balestrand
  • Lærdal kommune

    Lærdal kommune hadde 2178 innbyggjarar 1. januar 2002. Flatevidda er 1341 km². Lærdal prestegjeld er delt i dei tre sokna Borgund, Tønjum og Hauge, og høyrer til Indre Sogn prosti. Denne artikkelen handlar om administrativ inndeling og endringar opp gjennom tidene.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Lærdal
  • Årdal kommune

    Årdal kommune hadde 5709 innbyggjarar 1. januar 2002. Kommunen har ei flatevidd på 978,7 km². Årdal prestegjeld er delt i dei to sokna Nedre og Øvre Årdal, og høyrer til Indre Sogn prosti. Denne artikkelen handlar om administrativ inndeling og endringar opp gjennom tidene.

  • Sogndal kommune - grenser og grenseendringar

    Sogndal kommune har eit vikingskip-symbol i kommunevåpenet. Det ber bod om lang og rik historie. Runesteinen frå garden Eggja, nemnd som Eggjasteinen, og slaget ved Fimreite 1184 er velkjende historieminne. I vår tid er Sogndal fotball(lag), Høgskulen i Sogn og Fjordane og Lerum (saft og syltetøyfabrikk) godt innarbeidde kjennemerke for Sogndal kommune.

  • Aurland kommune - grenser og grenseendringar

    Vegnettet har fem grensepasseringar til og frå Aurland kommune: på sommarvegen mellom Lærdal og Aurland, på europaveg 00 i Lærdalstunnellen og i Nærøydalen, og på fjellovergangen Gol-Aurland. Bergensbana kryssar ein snipp av kommunen ved Myrdal. På sjøvegen Aurlandsfjorden kryssar kommunegrensa fjorden like sør for grendene Simlenes på vestsida og Buene på austsida.

  • Jølster kommune - grenser og grenseendringar

    Grensa mellom kommunane Jølster og Gloppen går ein stad på tvers av Våtedalen. Det står to grenseskilt attmed vegen. Dessutan står det ein eldre grensestein. Han er frå 1800-talet og markerer to grenser, grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord og Jølster og Breim (tidlegare eigen kommune). I bygda Førde ved Breimsvatnet står ein endå eldre grensestein.

  • Om namnet Jølster

    Både i Ryghs Norske gaardnavne (1918) og Eivind Vågslids Stadnamntydingar 2 (1974) finn vi tilløp til forklaring av namnet Jølster. Dei knyter seg til elv og vatn. Bygdebokforfattaren Albert Joleik har derimot prøvd å forklare namnet ut frå ein plantesort. Denne artikkelen fører vassdragtolkinga vidare, men lesaren må ta den som eit forsøk for underteikna si rekning.

  • Askvoll kommune - grenser og grenseendringar

    I 2008 viser Sogn og Fjordane-kartet 26 kommunar. I 1837 var talet 21. Gjennom heile perioden har talet på kommunar endra seg, sameleis grensene, kommunenamna og skrivemåten. Kulturhistorisk leksikon kjem til å innehalda ein serie artiklar om endringane i kvar av dagens kommunar. Artiklane har òg med ein del opplysningar om geistlege og rettslege forvaltningseiningar.