Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. september 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Hamskiftet i Balestrand



Drakestilen i Balestrand kom med dei kjende kunstnarane som kjøpte seg strandtomter langs Sognefjorden for litt over 100 år sidan. Kunstnarane som kom her, kjende bøkene om bygda. I 1897 kom også ei eiga engelsk kyrkje.

Den Engelske Kyrkja i Balestrand

Den Engelske Kyrkja i Balestrand

I den tida "sveitserhusa" med drakestil blei bygde , såg mange på desse husa med forakt. Dei stod for noko framandt, var delvis bygde ferdige før dei blei oppsette, og dei stod for ein retning som var lite populær i dei rådande intellektuelle og kunstnarlege miljøa i landet. Stempel som "uekte" og "masseproduksjon" hefter framleis både ved husa og dei kunstnarane som budde der.

Fridtjofs Saga

Eigentleg er det to bøker som har lagt grunnlaget for kunstnarbygda midt i Sogn. Den eine boka er "Fridtjofs Saga" av den svenske diktaren Esajas Tegner. Innhaldet i denne diktsyklusen, som byggjer på ei islandsk ættesoge, legg hendingane til bygdene og grendene i Midtre Sogn. "Fridtjofs Saga" blei ein enorm boksuksess - ein av dei største nokon gong i Skandinavia.

Den andre boka som drog folk til Balestrand, heiter "A hardy Norseman". Denne boka er mindre kjend enn Fridtjofs Saga, men ho blei lesen grundig og av svært mange i England og USA i 1890-åra. Edna Lyall som skreiv denne boka og la mange av hendingane til Balestrand, var svært omtykt og populær i den engelsktalande verda.

Fjellføraren og prestedottera

Ein kvinneleg pioner innan tindesporten i Noreg var den engelske prestedottera, Margaret Green. Ho kom til Balestrand sist i 1880-åra, og der blei ho kjend med hotellmannen og fjellføraren Knut Kvikne. Dei blei gifte i Tjugum kyrkje, men ekteskapet blei kortvarig. Margaret døydde eit par år etter av tuberkolose. Den siste viljen hennar var at det skulle byggast ei anglikansk kyrkje i Balholm - senteret i Balestrand.

Keisar Wilhelm

Kyrkja stod ferdig i 1897, og har kvart sidan vore ein skatta stad for reisande til Baleholm og Sogn. Kvart år skriv om lag 5000 menneske seg inn i gjesteboka, og mange finn ein freda plett akkurat her.

Keisar Wilhelm II sette varige merke etter seg i Balestrand. Enno finst det stadnamn som fortel om keisarens rolege vandring langs stranda og i utmarka i nokre hektiske sommarmånader i åra frå 1910 til 1914.

Keisar Wilhelm var ein stor beundrar av professor Hanbs Dahl og hans kunst, og han elska å lesa i Fridtjofs Saga. Den tyske keisaren kjøpte i alt 63 bilde av æresprofessoren.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR