Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Jølster kommune - grenser og grenseendringar



Grensa mellom kommunane Jølster og Gloppen går ein stad på tvers av Våtedalen. Det står to grenseskilt attmed vegen. Dessutan står det ein eldre grensestein. Han er frå 1800-talet og markerer to grenser, grensa mellom Nordfjord og Sunnfjord og Jølster og Breim (tidlegare eigen kommune). I bygda Førde ved Breimsvatnet står ein endå eldre grensestein.

<p>Kommuneadminstrasjonen i J&oslash;lster held til p&aring; Skei.</p>

Kommuneadminstrasjonen i Jølster held til på Skei.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Artiklar

I 2011 viser Sogn og Fjordane-kartet 26 kommunar. I 1837 var talet 21. Gjennom heile perioden har talet på kommunar endra seg, sameleis grensene, kommunenamna og skrivemåten. Kulturhistorisk leksikon har ein serie artiklar om endringane i kvar av dagens kommunar. Artiklane har òg med opplysningar om geistlege (kyrkjelege) og rettslege forvaltningseiningar.

Grenser og geografi 2011

Jølster ligg om lag midt i Sogn og Fjordane fylke kring det store Jølstravatnet. Kommunen er den austlegaste i Sunnfjord og grensar til Naustdal i vest, til Førde i vest og sør, til Sogndal og Luster i aust og til Stryn og Gloppen i nord. I vest når kommunen til Blåane på grensa til Førde. I aust når kommunen inn på Jostedalsbreen, og like sør for Slingsbyvarden ligg det austlegaste punktet i Jølster kommune. På 1710 meters høgd på Myklebustbreen, rett vest for Rustøyfjellet, finn ein det nordlegaste punktet i kommunen. Nova, aust for Langedalen, på grensa mot Holsen i Førde, er det sørlegaste punktet i kommunen.

Jølster kommunen har ei flatevidd på 663,5 km². 1. januar 2011 var folketalet 0000, mot 2978 pr. 1. januar 2002. Jølster presegjeld omfattar same området som Jølster kommune. Prestegjeldet er delt i dei to sokna Ålhus og Helgheim og høyrer til Sunnfjord prosti.

1837 - lokalt sjølvstyre

Året 1837 er eit merkeår i det offentlege styringsverket. Ved formannskapslovene av 14. januar 1837 vart det kommunale sjølvstyret innført. Landet vart delt inn i fast avgrensa område kalla formannskapsdistrikt (same som herad, kommune eller primærkommune) med folkevalde styringsorgan, - kommunestyre (heradsstyre) og formannskap.

Tidlegare lokale skule- og fattigkommisjonar frå 1700-talet hadde oppnemnde representantar frå "almuen" (bygdefolket). Desse forvaltningsorgana var forløparar til det kommunale sjølvstyret som kom i 1837. Dei nyoppretta formannskapsdistrikta samsvara for det meste med prestegjelds-områda. Det høvde ikkje særleg godt fleire stader, og det kom etter kvart kommunedelingar og grenseendringar.

Før 1837

Etter gammalt høyrde Jølster til Firdafylket, og har heile tida vore eige skipreide og eige prestegjeld. På midten av 1600-talet høyrde Jølster til Bergenhus len og Sunnfjord fogderi. I 1750 høyrde Jølster til Bergen stift, Bergenhus amt og Sunn- og Nordfjord fogderi.

Etter 1837

Jølster kommune vart oppretta i 1837 og var identisk med Jølster prestegjeld. Prestegjeldet var delt i dei to sokna Ålhus og Helgheim. I 1890 budde 2824 menneske i Jølster. I 1917 høyrde Jølster til Sunnfjord sorenskrivardistrikt.

1960-åra - kommunesamanslåingar

I 1960-åra vart talet på kommunar i landet redusert frå 744 til kring 450. Dei nye og større kommunane kom etter førebuing i fleire år. I 1945 oppnemnde Stortinget ein komite som skulle vurdera kommunestrukturen i landet. Nikolai Schei, fylkesmann i Sogn og Fjordane, var leiar. Komiteen la fire hovudkrav til grunn for ein velfungerande kommune: a) vera stor nok til å løysa lovpålagde oppgåver (2000-3000 innbyggjarar), b) ha eit allsidig næringsliv, c) ha eit levedyktig senter og d) kunna løysa store reformer (t.d. innføring av 9-årig grunnskule). Schei-komiteen la fram innstillinga si i 1956. I Sogn og Fjordane vart talet på kommunar redusert frå 37 til 25.

1964

Jølster er ein av dei få kommunane som ikkje har blitt delt eller slegen saman med nokon annan kommune. Den einaste grenseendringa sidan opprettinga av kommunen er at bygda Førde ved sørenden av Breimsvatnet 1. januar 1964 vart overført til Førde frå dåverande Breim kommune, og i kyrkjeleg samanheng frå Breim sokn i Gloppen prestegjeld til til Helgheim sokn i Jølster.

Ordforklaringar

Forklaringar til nokre ord i artiklane om grenser og grenseendringar:
skipreide - den eldste kjende administrative inndelinga av Noreg, opphaveleg reint militær inndeling, seinare tingkrinsar og skattekrinsar.
tinglag - opphaveleg området som låg til eit større rettsting.
fogderi - futedøme, administrativ inndeling, bygd opp av skipreider og tinglag. Avskipa ved lov 1894. Sogn og Fjordane hadde i 1894 tre fogderi, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. (I Sogn og Fjordane har nemninga fogderi har halde seg levande i samansetjinga fogderistrid, den evigvarande diskusjonen om lokalisering av offentlege institusjonar i fylket).
stift - fram til 1919 nemninga på embetsområdet til ein biskop, etter 1919 bispedøme.
len
– Namn på kongelege embetsdistrikt i Danmark-Noreg frå 1300-talet fram til 1662 då nemningalen vart avløyst av amt.
amt - eldre nemning på fylke, endra frå 1. januar 1919.
sorenskrivardistrikt - embetsområdet til sorenskrivaren, retts- og dominstans.
 

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR