Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. august 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sogndal kommune - grenser og grenseendringar



Sogndal kommune har eit vikingskip-symbol i kommunevåpenet. Det ber bod om lang og rik historie. Runesteinen frå garden Eggja, nemnd som Eggjasteinen, og slaget ved Fimreite 1184 er velkjende historieminne. I vår tid er Sogndal fotball(lag), Høgskulen i Sogn og Fjordane og Lerum (saft og syltetøyfabrikk) godt innarbeidde kjennemerke for Sogndal kommune.

Tettstaden Sogndal 2011.

Tettstaden Sogndal 2011.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Artiklar
I 2012 viser Sogn og Fjordane-kartet 26 kommunar. I 1837 var talet 21. Gjennom heile perioden har talet på kommunar endra seg, sameleis grensene, kommunenamna og skrivemåten. Kulturhistorisk leksikon har ein serie artiklar om endringane i kvar av dagens kommunar. Artiklane har òg med ein del opplysningar om geistlege og rettslege forvaltningseiningar.

Grenser og geografi 2011
Sogndal kommune ligg på nordsida av Sognefjorden i indre Sogn. I vest har Sogndal grenser mot Leikanger, Førde og Jølster, og i aust ei lang grense mot Luster. I sørvest har kommunen sjøgrense mot Vik, i sør mot Lærdal og i Årdalsfjorden ei svært kort sjøgrense mot Årdal. I vest når kommunen til Jostefonni på grensa til Gaular og Balestrand. Austlegaste punktet er Ombandsnes ved innløpet til Lustrafjorden. Gagersnes på Fimreite-halvøya, like nord for innløpet til Aurlandsfjorden, er det sørlegaste punktet. I området ved Øygardsvarden (Grensevarden) på Jostedalsbreen finn ein det nordlegaste punktet i Sogndal kommune.

Sogndal kommune har ei flatevidd på 745 km². 1. januar 2012 hadde Sogndal kommune 7320 innbyggjarar mot 6040 pr. 1. januar 2002. Sogndal prestegjeld er delt i dei fire sokna Kaupanger, Stedje, Norum og Fjærland, og høyrer til Indre Sogn prosti. Prosten og sorenskrivaren for Indre Sogn held begge til i Sogndal.

1837 - lokalt sjølvstyre
Året 1837 er eit merkeår i det offentlege styringsverket. Ved formannskapslovene av 14. januar 1837 vart det kommunale sjølvstyret innført. Landet vart delt inn i fast avgrensa område kalla formannskapsdistrikt, kommunar eller primærkommunar med folkevalde styringsorgan, - kommunestyre og formannskap.

Tidlegare lokale skule- og fattigkommisjonar frå 1700-talet hadde oppnemnde representantar frå "almuen" (bygdefolket). Desse forvaltningsorgana var forløparar til det kommunale sjølvstyret i 1837. Dei nyoppretta formannskapsdistrikta samsvara for det meste med prestegjelds-områda. Det høvde ikkje særleg godt fleire stader, og det kom etter kvart kommunedelingar og grenseendringar.

Sogndal kommune - før 1837
Sogndal prestegjeld har frå gammal tid vore delt i dei tre kyrkjesokna Stedje, Kaupanger og Norum (Ølmem). Prestegjeldet var delt i dei to skipreidene Norum, som omfatta det meste av prestegjeldet, og Sogndal, som berre talde gardane på austsida av Sogndalsdalen frå Midtdalen og ned til fjorden, og frå Kjørnes og inn til Årøy.

På midten av 1600-talet høyrde Sogndal til Bergenhus len og Indre Sogn fogderi. I 1750 høyrde Sogndal til Bergen stift, Bergenhus amt og Ytre og Indre Sogn fogderi.

Sogndal prestegjeld var delt i dei to tinglaga Sogndal og Norum. Sogndal tinglag omfatta berre delar av Stedje sokn. Gardane frå og med Loftesnes og kring Barsnesfjorden, strandsitjarstaden Sogndalsfjøra, garden Stedje, samt gardane på austsida av Sogndalselvi opp til og med Hillestad høyrde til Sogndal tinglag i 1838. Norum tinglag omfatta dei to sokna Kaupanger og Norum samt gardane frå og med Hundere på austsida av Sogndalselvi opp til og med Selseng, og frå og med Gunvordal øvst på vestsida av Sogndalselvi til og med Skjeldestad i Stedje sokn.

1837 og seinare
Då Sogndal kommune vart oppretta i 1837, var grensene identiske med prestegjeldet.
I 1890 budde 3507 menneske i kommunen. Sogndal prestegjeld var i 1890 samla til eitt tinglag, tinglaget høyrde til Sogn fogderi.


.
1925 og 1927
To gardar har vorte overførte frå Kaupanger til Stedje sokn. I 1925 vart gnr. 89, Hagen (i Drogi), overført og i 1927 gjekk gnr. 88, Meisterplass, same vegen.

1960-åra - kommunesamanslåingar
I 1960-åra vart talet på kommunar i landet redusert frå 744 til kring 450. Dei nye og større kommunane kom etter førebuing i fleire år. I 1945 oppnemnde Stortinget ein komite som skulle vurdera kommunestrukturen i landet. Nikolai Schei, fylkesmann i Sogn og Fjordane, var leiar. Komiteen la fire hovudkrav til grunn for ein velfungerande kommune: a) vera stor nok til å løysa lovpålagde oppgåver (2000-3000 innbyggjarar), b) ha eit allsidig næringsliv, c) ha eit levedyktig senter og d) kunna løysa store reformer (innføring av 9-årig grunnskule). Schei-komiteen la fram innstillinga si i 1956. I Sogn og Fjordane vart talet på kommunar redusert frå 37 til 25. Sogndal heldt fram som eigen kommune.

1964
Garden Tingastad i Fresvik sokn i Leikanger vart 1. januar 1964 overført til Kaupanger sokn i Sogndal.

2000
1. januar 2000 vart Fjærland sokn overført frå Balestrand til Sogndal etter folkeavrøysting.


Ordforklaringar
Forklaringar til nokre ord:
skipreide - den eldste administrative inndelinga av Noreg, opphaveleg reint militær inndeling, seinare tingkrinsar og skattekrinsar.
tinglag - opphaveleg området som låg til eit større rettsting.
fogderi - futedøme, administrativ inndeling, bygd opp av skipreider og tinglag. Avskipa ved lov 1894. Sogn og Fjordane hadde i 1894 tre fogderi, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. (I Sogn og Fjordane har nemninga fogderi har halde seg levande i samansetjinga fogderistrid, den evigvarande diskusjonen om lokalisering av offentlege institusjonar i fylket).
stift - fram til 1919 nemninga på embetsområdet til ein biskop, etter 1919 bispedøme.
len – namn på kongeleg embete og embetsdistrikt i Danmark/Noreg frå 1300-talet til 1662 då nemninga len vart avløyst av amt.
amt - eldre nemning på fylke, endra til fylke frå 1. januar 1919.

sorenskrivardistrikt - embetsområdet til sorenskrivaren, retts- og dominstans

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR