Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Aurland kommune - grenser og grenseendringar



Vegnettet har fem grensepasseringar til og frå Aurland kommune: på sommarvegen mellom Lærdal og Aurland, på europaveg 00 i Lærdalstunnellen og i Nærøydalen, og på fjellovergangen Gol-Aurland. Bergensbana kryssar ein snipp av kommunen ved Myrdal. På sjøvegen Aurlandsfjorden kryssar kommunegrensa fjorden like sør for grendene Simlenes på vestsida og Buene på austsida.

<p>Grenseskilt i N&aelig;r&oslash;ydalen. Du k&oslash;yrer no inn i Sogn og Fjordane fylke og Aurland kommune.</p>

Grenseskilt i Nærøydalen. Du køyrer no inn i Sogn og Fjordane fylke og Aurland kommune.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Artiklar

I 2011 viser Sogn og Fjordane-kartet 26 kommunar. I 1837 var talet 21. Gjennom heile perioden har talet på kommunar endra seg, sameleis grensene, kommunenamna og skrivemåten. Kulturhistorisk leksikon har ein serie artiklar om endringane i kvar av dagens kommunar. Artiklane har òg med ein del opplysningar om geistlege og rettslege forvaltningseiningar. Ei liste med ordforklaringar står til slutt.

Grenser og geografi 2011

Aurland kommune ligg lengst søraust i Sogn og Fjordane ved Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden. Aurland grensar i nordaust mot Lærdal kommune og i søraust mot Ål og Hol i Hallingdal. I sør grensar kommunen mot Ulvik i Hardanger, i sørvest mot Voss og i nordvest mot Vik.

Grensa mot Voss kommune i Nærøydalen er det vestlegaste punktet i Aurland kommune, medan det austlegaste ligg i Nordfjella der grensa mellom Aurland, Hol og Lærdal møtest. Nordlegaste punktet er Merkesgrovi, grensa mellom gardane Buene i Lærdal og Breisnes i Aurland. I sør strekkjer kommunen seg til Vargebreen på grensa til Ulvik kommune.

Aurland kommune har ei flatevidd på 1488,7 km². 1 januar 2011 hadde Aurland kommune (0000) innbyggjarar, mot 1807 1. januar 2002. Det geografiske området Aurland kommune omfattar er identisk med Aurland prestegjeld. Prestegjeldet er delt i dei fire sokna Flåm, Vangen, Undredal og Nærøy og høyrer til Indre Sogn prosti.

1837 - lokalt sjølvstyre

Året 1837 er eit merkeår i det offentlege styringsverket. Ved formannskapslovene av 14. januar 1837 vart det kommunale sjølvstyret innført. Landet vart delt inn i fast avgrensa område kalla formannskapsdistrikt, kommunar eller primærkommunar med folkevalde styringsorgan, - kommunestyre og formannskap.

Tidlegare lokale skule- og fattigkommisjonar frå 1700-talet hadde oppnemnde representantar frå "almuen" (bygdefolket). Desse forvaltningsorgana var forløparar til det kommunale sjølvstyret som kom i 1837. Dei nyoppretta formannskapsdistrikta samsvara for det meste med prestegjelds-områda. Det høvde ikkje særleg godt fleire stader, og det kom etter kvart kommunedelingar og grenseendringar.

Aurland kommune - før 1837

Dei to skipreidene i Aurland prestegjeld, Aurland og Nærøy, høyrde frå om lag 1630-talet til Ytre Sogn fogderi og sorenskriveri, og til Bergenhus len.

I 1750 høyrde Aurland til Bergen stift, Bergenhus amt og Ytre og Indre Sogn fogderi. Då Bergenhus amt i 1763 vart delt i Nordre og Søndre Bergenhus omfatta Aurland prestegjeld sokna Vangen, Underdal og Flåm. Oppheim sokn (Sygnastrondi) høyrde også til Nordre Bergenhus, då det var ein del av Nærøy skipreide, men var samstundes ein del av Voss prestegjeld. Men alt i 1773 vart grensene endra. Då vart Oppheim overført til Søndre Bergenhus amt, men vart verande ein del av Nærøy skipreide fram til 1850. Då vart tinglaga (skipreidene) ordna i samsvar med kommunegrensene.

Den 2. februar 1813 vart skipreidene Aurland og Nærøy, samt gardane Frønningen og Lagmannsås i Tjugum skipreide, overført til Indre Sogn sorenskivardistrikt. Men 30. oktober 1830 vart det same området ført attende til Ytre Sogn sorenskrivardistrikt med verknad frå 1. januar 1831. I 1890 vart Nærøy og Aurland slått saman til eitt tinglag. Nærøy var eige lensmannsdistrikt fram til 1912.

1837 og seinare

Aurland (Urland) kommune vart oppretta i 1837 og var identisk med Aurland prestegjeld. Prestegjeldet hadde tre sokn Aurland (Vangen), Flom og Underdal. Fyrste formannskapsmøte vart halde den 8. august 1837 i sokneprest Aabel sitt hus på Aurlandsvangen, der Jonas Wessel Crøger vart valt til ordførar.

1859

I 1859 vart den nye kyrkja på Bakka vigsla og vart soknekyrkja for det nye Nærøy sokn, som vart skilt ut frå Underdal.

1919

1. januar 1919 vart Aurland tinglag overført til Indre Sogn sorenskrivardistrikt.

1943

I 1943 vart stølen vetle Uppsete, gnr. 49 bnr. 11, i Ulvik kommune overført til Aurland kommune.

1960-åra - kommunesamanslåingar

I 1960-åra vart talet på kommunar i landet redusert frå 744 til kring 450. Dei nye og større kommunane kom etter førebuing i fleire år. I 1945 oppnemnde Stortinget ein komite som skulle vurdera kommunestrukturen i landet. Nikolai Schei, fylkesmann i Sogn og Fjordane, var leiar. Komiteen la fire hovudkrav til grunn for ein velfungerande kommune: a) vera stor nok til å løysa lovpålagde oppgåver (2000-3000 innbyggjarar), b) ha eit allsidig næringsliv, c) ha eit levedyktig senter og d) kunna løysa store reformer (innføring av 9-årig grunnskule). Schei-komiteen la fram innstillinga si i 1956. I Sogn og Fjordane vart talet på kommunar redusert frå 37 til 25.

Aurland kommune vart ikkje berørt av kommunereguleringane i 1960-åra.

Ordforklaringar

Forklaringar til nokre ord i artiklane om grenser og grenseendringar:

skipreide - den eldste kjende administrative inndelinga av Noreg, opphaveleg reint militær inndeling, seinare tingkrinsar og skattekrinsar.
tinglag - opphaveleg området som låg til eit større rettsting.
fogderi - futedøme, administrativ inndeling, bygd opp av skipreider og tinglag. Avskipa ved lov 1894. Sogn og Fjordane hadde i 1894 tre fogderi, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. (I Sogn og Fjordane har nemninga fogderi har halde seg levande i samansetjinga fogderistrid, den evigvarande diskusjonen om lokalisering av offentlege institusjonar i fylket).
stift - fram til 1919 nemninga på embetsområdet til ein biskop, etter 1919 bispedøme.
len
– namn på embetsdistrikt i Mellomalderen,
amt - eldre nemning på fylke, endra frå 1. januar 1919.
sorenskrivardistrikt - embetsområdet til sorenskrivaren, retts- og dominstans.
 

kjelder:

PERMANENT IDENTIFIKATOR