Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Askvoll kommune - grenser og grenseendringar



I 2008 viser Sogn og Fjordane-kartet 26 kommunar. I 1837 var talet 21. Gjennom heile perioden har talet på kommunar endra seg, sameleis grensene, kommunenamna og skrivemåten. Kulturhistorisk leksikon kjem til å innehalda ein serie artiklar om endringane i kvar av dagens kommunar. Artiklane har òg med ein del opplysningar om geistlege og rettslege forvaltningseiningar.

Frå øysamfunnet Bulandet-Værlandet der fiske til alle tider har vore den viktigaste næringsvegen. Det kvite huset midt på biletet er samlingshuset Fiskarheimen.

Frå øysamfunnet Bulandet-Værlandet der fiske til alle tider har vore den viktigaste næringsvegen. Det kvite huset midt på biletet er samlingshuset Fiskarheimen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Geografisk plassering

Askvoll ligg lengst vest av alle kommunane i Sunnfjord. I sør har Askvoll grense mot Solund i Buefjorden og mot Fjaler i Vilnesfjorden og Dalsfjorden. I aust grensar kommunen til Gaular og Førde. I nord går grensa mot Naustdal i Førdefjorden og mot Flora i Stavfjorden. Ytstesteinen vest for Bulandet er det vestlegaste punktet, medan Heilevangsstaurane på Hellefjellet på grensa til Førde er det austlegaste. Nordspissen av Flokeneset ved Førdefjorden er det nordlegaste punktet, og Svartskjera sør for Geita fyr er det sørlegaste. Kommunen har ei flatevidd på 322 km².

1837 - lokalt sjølvstyre

Året 1837 er eit merkeår i det offentlege styringsverket. Ved formannskapslovene av 14. januar 1837 vart det kommunale sjølvstyret innført. Landet vart delt inn i fast avgrensa område kalla formannskapsdistrikt, kommunar eller primærkommunar med folkevalde styringsorgan, - kommunestyre og formannskap.

Tidlegare lokale skule- og fattigkommisjonar frå 1700-talet hadde oppnemnde representantar frå "almuen" (bygdefolket). Desse forvaltningsorgana var forløparar til det kommunale sjølvstyret som kom i 1837. Dei nyoppretta formannskapsdistrikta samsvara for det meste med prestegjelds-områda. Det høvde ikkje særleg godt fleire stader, og det kom etter kvart kommunedelingar og grenseendringar.

 

1837 - og seinare

Askvoll (Askevold) kommune vart oppretta i 1837 og var identisk med Askvoll prestegjeld. Prestegjeldet hadde fire kyrkjesokn, Askvoll, Vilnes, Øn og Hyllestad, samt Bu (Bulandet) kapellsokn som var ein del av Vilnes. Askvoll tinglag omfatta i 1838 a) Askvoll hovudsokn, b) Vilnes sokn unnateke sju gardar som høyrde til Utvær tinglag, c) Øen sokn unnateke ein gard som høyrde til Utvær tinglag, d) fem gardar som høyrde til Lavik tinglag, og e) 14 gardar i Hyllestad sokn.

1862

I 1860 vart Øn og Hyllestad sokn skilde ut frå Askvoll prestegjeld og Sunnfjord prosti. Saman med Bø kyrkjesokn - utskilt frå Lavik prestegjeld - , danna dei eit nyoppretta Hyllestad prestegjeld. Øn og Hyllestad sokn vart skilde frå kommunen i 1862 og danna saman med Bø sokn (som vart utskilt frå Lavik kommune) den nyoppretta Hyllestad kommune. Fram til 1886 var grensene til Askvoll tinglag uendra, men då vart Hyllestad tinglag skipa og fekk dei same grensene som kommunen.

1888

I 1888 vart åtte matrikkelgardar overførte frå Askvoll kommune til Sulen kommune. Alle desse gardane høyrde til Utvær tinglag. Dei vart også overførde frå Vilnes sokn til Sulen prestegjeld. I 1890 vart Askvoll prestegjeld delt i dei to kyrkjesokna Askvoll og Vilnes.

1960-åra - kommunesamanslåingar

I 1960-åra vart talet på kommunar i landet redusert frå 744 til kring 450. Dei nye og større kommunane kom etter førebuing i fleire år. I 1945 oppnemnde Stortinget ein komite som skulle vurdera kommunestrukturen i landet. Nikolai Schei, fylkesmann i Sogn og Fjordane, var leiar. Komiteen la fire hovudkrav til grunn for ein velfungerande kommune: a) vera stor nok til å løysa lovpålagde oppgåver (2000-3000 innbyggjarar), b) ha eit allsidig næringsliv, c) ha eit levedyktig senter og d) kunna løysa store reformer (innføring av 9-årig grunnskule). Schei-komiteen la fram innstillinga si i 1956. I Sogn og Fjordane vart talet på kommunar redusert frå 37 til 25.

1964

1. januar 1964 vart Askvoll kommune utvida i nord og nordaust. Då vart områda sør for Førdefjorden, frå Stavestrand til Hestvik, som til då hadde vore delar av kommunane Bru og Vevring, lagt til Askvoll.

1990

1. januar 1990 skjedde det eit byte mellom kommunane Askvoll og Fjaler. Gardane på sørsida av Dalsfjorden som hadde høyrt til sokna Vilnes, Askvoll og Holmedal vart lagt til Fjaler, medan resten av Holmedalssoknet pluss gardane på nordsida av Dalsfjorden i Dale sokn, Eikenes og Fossedal, vart lagt til Askvoll.

 

Før 1837

På 1600-talet var området som i dag utgjer mesteparten av Askvoll kommune delt mellom tre ulike skipreider. Askvoll skipreide omfatta sokna Vilnes, Askvoll, Øn og halve Hyllestad sokn. Holmedal sokn høyrde til det vidstrekte Dale skipreide. Områda på sørsida av Førdefjorden, som før kommunesamanslåinga i 1964 høyrde til kommunane Bru og Vevring, låg under Brandsøy skipreide.

På midten av 1600-talet høyrde Askvoll til Bergenhus len og Sunnfjord fogderi. I 1750 høyrde Askvoll til Bergen stift (bispedøme), Bergenhus amt (etter 1763 Nordre bergenhus amt) og Sunn- og Nordfjord fogderi.

Ordforklaringar

skipreide- den eldste kjende administrative inndelinga av Noreg, opphaveleg reint militær inndeling, seinare tingkrinsar og skattekrinsar.
tinglag - opphaveleg området som låg til eit større rettsting.
fogderi - futedøme, administrativ inndeling, bygd opp av skipreider og tinglag. avskipa ved lov 1894. Sogn og Fjordane hadde i 1894 tre fogderi, Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. Nemninga fogderi har halde seg levande, jfr. i samansetjinga fogderistrid.
stift - fram til 1919 nemninga på embetsområdet til ein biskop, etter 1919 bispedøme.
amt - eldre nemning på fylke, endra frå 1. januar 1919.
sorenskrivardistrikt - embetsområdet til sorenskrivaren, retts- og dominstans.

kjelder:

Gjerde, Anders: Kommunane i Sogn og Fjordane - grenser og grenseendringar. I Kjelda.3/2002.

PERMANENT IDENTIFIKATOR