Kulturhistorisk leksikon

Forsamlingshus (8)

  • Ungdomshuset Valhall

    Ungdomshuset i Høyanger, Valhall, er landskjend for sitt karakteristiske nasjonalromantiske interiør. Huset vart vigsla i februar 1922, og har fram til i dag vore ein viktig samlingsstad for bygdefolket.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Høyanger
  • Det gamle ungdomshuset på Hardbakke

    Etter år på vandring mellom skulehus, privathus og prestelåve var det ufatteleg stort for Hardbakke ungdomslag å flytte inn i eige hus i 1933. Ungdomshuset vart ein nyttig og kjær samlingsstad for Solund-samfunnet i dei nær 35 åra fram til brannen la det øyde.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Vikjahalli - ungdomshuset i Vik

    Vikjahalli vart bygd i 1910 og teken i bruk i januar 1911. Ungdomshuset er eit av dei største ungdomshusa i fylket, med 600-700 sitjeplassar.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Kulturhuset Gamlebanken

    Nordfjords Sparebank stod det med store bokstavar over inngangsdøra på huset i Eidsgata der det nå står Kulturhuset Gamlebanken. Huset vart teke i bruk hausten 1881, og var banklokale i over 80 år. I 2006 går folk til det gamle bankhuset for å sjå kunst og vera med på kulturarrangement. Gamlebanken har vore kulturhus sidan 1998. Denne artikkelen handlar mest om historia til bygningen.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Eid
  • Førdehuset

    Førdehuset representerte eit pionertiltak i norsk kulturliv då det vart opna i 1976. Her er det ei rekkje kulturelle tilbod og aktivitetar. Eit større idrettsanlegg er knytt til bygget.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Førde
  • Ungdomshuset Rimskjold på Vindhella

    Staden Vindhella er stoppestad for mange turistar. Her står eit hus med veghistorisk utstilling. Her er oppsett ein minnestein om første bilturisten i dalen og her er dei nedre endepunkta for dei eldgamle vegane Vindhellavegen og Sverrestien. På andre sida av elva syner spor etter ei røyrgate. Men kva slags hus er det?

  • Viking - Førde si gamle storstove

    I eit omskifteleg bysentrum er huset Viking ein av bygningane som har halde stand i opphavleg form, frå 1927. Huset rommar framleis Førde Ungdomslag. Men Viking hadde ein heilt annan posisjon i Førde før og etter krigen 1940-1945. Det var ungdomshus og kulturhus, her var kino. auksjonar, varemesser og utstillingar. Huset har og ei krigshistorie.

  • Vonheim - eit viktig kulturhus

    Ungdomshuset Vonheim i Sørbøvåg har tent bygda i mange samanhengar sidan bygget stod ferdig i 1933. Våren 2000 skifte ungdomslaget namn til Øen Grendelag for å få ei breiare kontaktflate med bygda. Laget har planar om ei omfattande modernisering av bygdekulturhuset Vonheim.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad