Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 21. mars 2001

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Ungdomshuset Valhall



Ungdomshuset i Høyanger, Valhall, er landskjend for sitt karakteristiske nasjonalromantiske interiør. Huset vart vigsla i februar 1922, og har fram til i dag vore ein viktig samlingsstad for bygdefolket.

Valhall slik den ser ut i dag. Utvendig har bygget ikkje vorte mykje endra på sidan det stod ferdig i 1922.

Valhall slik den ser ut i dag. Utvendig har bygget ikkje vorte mykje endra på sidan det stod ferdig i 1922.

Eigar: Avisa Ytre Sogn.

Datering: 1999.

Fotograf: Aivsa Ytre Sogn.

Samla bygdefolket

Før industrien kom var Høyanger ei lita, avstengd jordbruksbygd. Kring 1890 hadde bygda vel 120 innbyggarar, og det var her, i 1893 at Høyanger Ungdomslag vart skipa. Med industrien sitt inntog frå 1916, gjekk bygda gjennom ei totalendring. På få år vart folketalet over tidobla og Høyanger var ikkje lenger ei jordbruksbygd, men ein industristad. Dette medførte sjølvsagt store endringar for bygdefolket. I forsøket på å verne om det som ein gong var, slo dei ring kring ungdomslaget. Det vart ståande som representant for det opphavlege bygdesamfunnet opp mot den framveksande industristaden og arbeidarkulturen.

Valhall vert bygd

Det å kunne drive eit lag, føreset at ein har skikkelege lokale. Reisinga av eige hus hadde difor vore diskutert mange gonger, men ein kom fram til at dette var ei økonomisk umogeleg oppgåve. Arbeidarane hadde alt i 1917 fått reist sitt Folkets Hus, og det var som ein reaksjon på det "ville" livet her at Høyanger Ungdomslag i 1918 sette ned ei bygningsnemd. Dei hadde då fått ei tomt i gåve, og byggmeister Vattekar fekk arbeidet med å reise huset som fekk namnet "Valhall". 4. februar 1922 vart det halde ein stor innviingsfest.

Bilete av ungdomshuset Valhall.

Sceneteppet vart innleggssole

Både veggene i storsalen på Valhall og sceneteppet vart dekorert av teatermålaren Rudolf Krogh. Motiva henta han frå norsk mellomalderhistorie, dessutan har dei nynorske diktarhøvdingane fått ein sentral plass i utsmykkinga. Veggmåleria kan ein framleis sjå i dag, og desse vert rekna for å vere kulturminne. Sceneteppet, derimot, vart øydelagd under krigen saman med mesteparten av alt anna inventar ungdomslaget hadde. Grunnen var at Valhall vart brukt som lager og bustad for tyske soldatar. Då freden kom, hadde soldatane stole og øydelagd alt inventar. Det verdifulle sceneteppet hadde dei mellom anna brukt som innlegg i skoa fordi det var av eit slikt mjukt stoff.

Bilete av veggmåleri av Rudolf Krogh.

Bilete av scena og det nye sceneteppet.

Frå leikarring til rockeverkstad

Valhall har alltid vore ein stad høyangerfolk har samlast. Tidlegare, då frontane var sterkare, var huset mest eit lokale for bøndene og funksjonærane på metallverket. Det finst nok folk av arbeidarfamilie som aldri har sett sin fot på Valhall. For dei var det berre ein stad som talde, Folkets Hus. Trass i dette, hadde både teatergruppa og folkedansen stor oppslutnad. I åra etter krigen stod desse for ein stor del av den underhaldninga som var i bygda. I dei seinare åra har nok både aktiviteten og medlemstalet til Høyanger Ungdomslag vorte merksamt mindre. Kring tusenårsskiftet var det likevel ikkje stilt på Valhall. No har huset vorte tilhaldsstad for rockemiljøet i Høyanger, i tillegg til at bre- og tindegruppa dagleg trenar her.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Timberlid, Jan Anders: Høyanger Ungdomslag 1896-1983. Eit bygde-Noreg på industristaden. Høyanger 1985.
Førde, Einar: Smeltedigelen Høyanger.Oslo 1990.
Byrkjeland, Martin: Bluss. Arbeidarar og fagforeining ved Høyanger Verk 1916-1986. 1990.
Dale, Sjur: Høyanger i eldre og yngre tid. 1978.
Engesæter, Aage: Høyanger. Utviklinga av industristaden fram til om lag 1945. Sogndal 1979.

PERMANENT IDENTIFIKATOR