Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Førdehuset



Førdehuset representerte eit pionertiltak i norsk kulturliv då det vart opna i 1976. Her er det ei rekkje kulturelle tilbod og aktivitetar. Eit større idrettsanlegg er knytt til bygget.

Storstova i Førde, <i>Førdehuset,</i> er full av kulturtilbod. Her vert den internasjonale folkemusikkfestivalen arrangert kvar sommar. Sogn og Fjordane Teater har sitt hovudsete i Førdehuset og her er stadig kunstutstillingar. Huset vert også nytta til idrettsarrangement. Førde sitt herrelag i volleyball, som spelar i eliteserien, har heimebana si i huset.

Storstova i Førde, Førdehuset, er full av kulturtilbod. Her vert den internasjonale folkemusikkfestivalen arrangert kvar sommar. Sogn og Fjordane Teater har sitt hovudsete i Førdehuset og her er stadig kunstutstillingar. Huset vert også nytta til idrettsarrangement. Førde sitt herrelag i volleyball, som spelar i eliteserien, har heimebana si i huset.

Eigar: Avisa Firda.

Datering: 1990-talet.

Fotograf: Arne Stubhaug.

Bakgrunn

På slutten av 1960-talet steig folketalet i Førde raskt, då det var stor innflytting. Lokale organisasjonar arbeidde for å betre kultur- og fritidstilbodet i bygda. Det vart samla inn pengar til symjehall, og kartlagt trong for rom, areal og kva type aktivitetar som vart drive av dei lokale organisasjonane. Kommuneleiinga konstaterte at Førde mangla alt innanfor kulturtilboda. Eitt bygg for fleire tilbod vart sett som ei løysing, ettersom det måtte startast på berr bakke. Slik utvikla idéen om Førdehuset seg. Huset skulle vere ein møteplass for alle.

Pilotprosjekt

Planane om Førdehuset tok form, og eit utkast vart i 1969 presentert på ein konferanse på Gjøvik, arrangert av Norsk Kulturråd. Det var planar på rett tid, på rett møte, med dei rette instansane til stades. Førdehuset vart eit prøveprosjekt som løyste ut statlege tilskot i ei distriktsvennleg tid. Kulturrådet sytte for planlegging, som resulterte i Innstilling frå Førdeutvalet i 1972.
Det var Førde-firmaet G. & F. Hjelmeland som bygde huset, som stod ferdig i august 1976. Arealet til Førdehuset var på 12 000 kvm. Dei totale kostnadene med huset og stadion utanfor, kom på 33 mill. kroner. Ettersom dette var eit pioneranlegg, fekk kommunen eit statstilskot på 6,7 mill. kroner.

Huset og aktivitetane

Førdehuset vart kalla eit "all-aktivitetshus", noko som var nytt i landssamanhang. Etablerte aktivitetar fekk plass her, som Førde Kino og kommune- og fylkesbiblioteket. Nytt var t.d. idrettshall og symjehall. Huset løyste ut nye tiltak, som Sogn og Fjordane Teater, skipa i 1977, og NRK sitt første lokalkontor. Huset rommar òg ei rad kontor, m.a. for kulturetaten i Førde, og for Førde Internasjonale Folkemusikkfestival. Med sitt årlege arrangement sidan 1990 står nok denne festivalen for det kulturelle høgdepunktet i Førdehuset.

Noko nytt i ein slik fleirkulturell samanhang var sakralrommet, men dette vart av dei minst nytta lokala. Meir brukt vart Skyttarlaget si skytebane i kjellaren. Elles vart rom nytta av biletmålarar, kunstskule, teiknekurs, veving osv. Huset har stimulert til at det er så mange målarar med måling som hobby og profesjon i fylket.

Mykje mediefokusering

Nokre kommunar vart inspirerte av Førdehuset, andre kom med sterk kritikk. Det vart mykje mediefokusering på Førdehuset. Mange delegasjonar kom på besøk, m.a. Kulturutskottet i den svenske Riksdagen. Mykje truleg har Førdehuset ført til ein meir attraktiv totalitet i bymiljøet.

Utviding

I 1996 vart huset utvida med 5000 til 17 000 kvm. Med alle romma i full bruk, kan huset romme i alt 5000 menneske samstundes. Idrettshallen kan åleine romme over 3000. Utvidinga førte m.a. til at kunstnarsenteret vart plassert her frå 1996. Til dagleg er meir enn 2000 menneske innom huset.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Djupedal, Torkjell: Førde - Kulturhistorisk vegvisar. Selja Forlag, Førde 1998.
Informasjon frå:
Kulturkontoret, Førde kommune.
Intervjuprosjektet 2001, Kulturkontoret, Førde kommune.

PERMANENT IDENTIFIKATOR