Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. oktober 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Kulturhuset Gamlebanken



Nordfjords Sparebank stod det med store bokstavar over inngangsdøra på huset i Eidsgata der det nå står Kulturhuset Gamlebanken. Huset vart teke i bruk hausten 1881, og var banklokale i over 80 år. I 2006 går folk til det gamle bankhuset for å sjå kunst og vera med på kulturarrangement. Gamlebanken har vore kulturhus sidan 1998. Denne artikkelen handlar mest om historia til bygningen.

Kulturhuset Gamlebanken i Eidsgata, Nordfjordeid.

Kulturhuset Gamlebanken i Eidsgata, Nordfjordeid.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Kunstutstillingar

"To kvinner i Gamlebanken" - var overskrifta på Fjordabladet sitt oppslag til opninga av to kunstutstillingar i månadsskiftet august/september 2006. Sunneva Løken (80), busett i Gloppen, viste 100 arbeid frå eit langt kunstnarliv. Katalin Hidas (70) , busett i Selje, viste 35 arbeid.

Utstillingane er døme på kunstutstillingar i Gamlebanken. Dei føyer seg inn i ei lang rekkje av utstillingar etter at Kulturhuset Gamlebanken opna dørene som kulturhus i 1998.

Stifting

Tidlegare Nordfjord Sparebank bygde Gamlebanken i 1881 og brukte det som bankhus fram til 1963. Seinare heldt Eid folkebibliotek i huset i fleire år. På 1980-talet vurderte den nye eigaren, fusjonsbanken Sparebank 1 Vest, å selja eller å riva. Det vart det ikkje noko av. I staden vart huset restaurert og på ny teke i bruk som adminstrasjonsbygg for sparebanken på Eid. Då huset igjen vart ledig i 1997, stilte banken frå 1998 bygningen til rådvelde for Stiftinga Kulturhuset Gamlebanken. Og sidan 1998 har Kulturhuset Gamlebanken vore "ein oase for kunst- og kulturinteresserte."

Aktivitetar

I 2006 presenterer stiftinga verksemda si på denne måten:

"I dag er Kulturhuset Gamlebanken først og fremst eit lokale for utstilling av ulike former for kunstuttrykk. Huset er og eit kontorfelleskap for Frivillighetssentralen Nordfjordeid (ansvarleg for drift av Eidaportalen), Opera Nordfjord og Turistinformasjon. I tillegg driv vi utleige av møtelokale og selskapslokale."

Om huset - bygginga

Nordfjords Sparebank, skipa 1853, kjøpte tomt til bankhus i 1877. På skøytet frå 1942 har stykket namnet Bankplassen. Forstandarskapet valde byggjenemnd som saman med bankstyret skulle førebu bygging. Den 3. mai 1878 fastsette dei kor stort dei ville ha huset og kva slag rom dei hadde trong for. Etter mislukka samarbeid med ein lokal arkitekt, lyste dei ut byggjearbeidet på anbod. Det kom inn sju tilbod og Rasmus D. Nøstdal og Anders K. Skibenes fekk kontrakten 3. februar 1879.

"Etter dette møtet", står det i banksoga til 100-årsjubileet, "gjekk det meir enn 2 ½ år med strev i Innigards Holmøy-skog, og i steinbrotet, det var nerveslit og trøyttkøyrde øyker. Langt nord i gata på Eid stod smed Rassmussen i kjellaren i huset sitt med den høge steintroppa og hamra på låsmaterialet. Heimegjorde lås laga han til kvar dør i bankhuset, så gode at berre eit par fjører har broste i 70 år. - Sleggja hogg i stein på 4 ½ alen høg mur, handhøvla adelsgodt timber og plankar kom på plass, alt solid materiale, liksom også dører og glaskarmar frå snikkar Olsen. (..) Kleberstein til trygt kvelv frakta dei på isen frå Åshamar."

Tre bygningsmenn

Hausten 1881 flytte banken inn i eige hus. Framfor alt var det tre menn som hadde stått for arbeidet:

Byggmeister Rasmus Didrikson Nøstdal.
Brybyggjar og bygningsmann Anders Knutsen Skibenes.
Smed og murar Didrik Guttormsen Roti.

Endringar

Huset var ikkje heilt ferdig då det vart teke i bruk. Loftshøgda stod att. Den søre delen vart sett i stand i 1886 , den nordre i 1891. I 1890 vart det bygd vedskur nordaust for huset. Etter krigen 1940-1945 var huset for lite. I 1949 vart det sett opp eit påbygg i to etasjar på austsida. Samstundes vart eit par sperr på kvar side løfta for å gje plass til vindauge. Den stilreine bygningen frå 1881 vart ille medfaren på denne måten. Det såg banken sjølv, men påbygg var einaste alternativet i tida like etter krigen med liten tilgang på bygningsmaterialar. Førti år seinare vart "skaden" retta opp att ved den omfattande restaureringa rundt 1990.

Frå kornmagasin til bank

Nordfjord hadde frå 1818 eit felles kornmagasin, grunnlagt på ei pengegåve på 560 Spesidalar frå Kong Carl Johan. Føremålet var å hjelpa med såkorn i Nordfjord. Kornmagasinet fungerte som ei låneinnretning, folk lånte korn og betalte tilbake med korn. Fram mot 1850 kom det på tale å realisera magasinverdiane og dela kapitalen på kommunane i Nordfjord. I 1851 vart det underteikna søknad frå styret i magasinet til Kongen om å avvikla kornmagasinet og nytta "realisasjonsbeløbet" til grunnfond for bank. Den 15. september same året vart søknaden imøtekomen. Dermed var grunnlaget lagt for den første sparebanken i Nordfjord.

Nordfjord Sparebank

Plan for Nordfjord Sparebank vart godkjend ved kongeleg resolusjon den 11. november 1852. Ordlyden i paragraf 1 er som fylgjer:

"En Sparebank, kaldet Nordfjords Sparebank, oprettes i Nordfjords Sorenskriveri. Dens sæde er Eids Hovedsogn. Sparebankens Grundfond dannes af den Capital, som udbringes ved realisation af Nordfjords Kornmagasin."

Nordfjord Sparebank, som opna verksemda 28. april 1853, var den fyrste sparebanken i Nordfjord og den 6. i fylket. Banken var dei fyrste ti-åra ein bank for fleire kommunar, ein regionbank. I 1874 søkte Stryn kommune om å få utbetalt sin del av grunnfondet. Søknaden vart innvilga i 1876 og to år seinare skipa Stryn sin eigen sparebank. Dei andre kommunane i Nordfjord fylgde etter, Innvik 1882, Gloppen 1882, Hornindal 1889, Selje 1893 og Davik 1896.

Nordfjord Sparebank heldt fram som eigen bank til .. då banken gjekk med i samanslåingbanken Sparebanken 1 Vest.

kjelder:

Skipenes, Ola: Nordfjord Sparebank. Nordfjordeid. 100 år 1853 - 28. april - 1953. 1954.
Fjordabladet. 26.08.2006.

PERMANENT IDENTIFIKATOR