Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Det gamle ungdomshuset på Hardbakke



Etter år på vandring mellom skulehus, privathus og prestelåve var det ufatteleg stort for Hardbakke ungdomslag å flytte inn i eige hus i 1933. Ungdomshuset vart ein nyttig og kjær samlingsstad for Solund-samfunnet i dei nær 35 åra fram til brannen la det øyde.

Tidleg på våren 1933. Bygningsfolka og dugnadsgjengen jobba intenst med å få huset såpass ferdig at dei kunne feire grunnlovsdagen her. Eit inngangsparti i enden av huset måtte vente til etterpå. Å få huset opp, utan kledning men med skifer på, tok 17 dagar. Støypesanden kom frå Gjertsen i Salbu, forskalingsmaterialane frå Florvaag Bruk i Bergen og frå Skjerjehamn Trelast, medan bygningsplanken vart kjøpt frå Namsos-traktene sidan han skulle vere billegast der.

Tidleg på våren 1933. Bygningsfolka og dugnadsgjengen jobba intenst med å få huset såpass ferdig at dei kunne feire grunnlovsdagen her. Eit inngangsparti i enden av huset måtte vente til etterpå. Å få huset opp, utan kledning men med skifer på, tok 17 dagar. Støypesanden kom frå Gjertsen i Salbu, forskalingsmaterialane frå Florvaag Bruk i Bergen og frå Skjerjehamn Trelast, medan bygningsplanken vart kjøpt frå Namsos-traktene sidan han skulle vere billegast der.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane, SFFf-89082.0007.

Datering: 1933.

Fotograf: Lovise Pollen.

Møte i skulehuset, dans på prestelåven

Hardbakke ungdomslag, seinare Solund ungdomslag, kunne feire 75-årsjubileum i 2001. Men laget hadde sett dagslys og med visse avbrot eksistert endå ein 10-årsbolk før.
Som i dei fleste tilsvarande lag måtte ungdommane også her låne hus dei første åra. Ungdomslagsmøte og julefestar kunne dei halde i det gamle skulehuset. Større tilskipingar med skodespel og dans avvikla dei på prestelåven. Jamvel om prestane var heller romslege, måtte ein ta omsyn og fare varleg. Draumen om eige hus voks seg stadig sterkare. Men med ein kapital på berre godt tre og eit halvt tusen kroner var det berre ungdommar som kunne tenkje så dristig.

Splitterny oselvar som loddgevinst

Kring 1930 vart laget omskipa med nytt styre og Sverre Takle som formann. Frå no av vart det arbeidd meir målretta med å skaffe pengar til nytt hus, med basarar, pakkefestar og utloddingar. Ein ny grammofon innkjøpt til 90 kroner var spinndyr. Då gav det meir av seg med den nybygde oselvaren frå sjølvaste Henrik Askvik, koparklinka og lakkert, pris 185 kroner. Den tente laget 117 kroner på! Ein gut i Folkestadbygda var den heldige vinnaren.
Tomta, som det var brei semje om, låg litt opp for busetnaden på Hardbakke, like ved "ridevegen" Hop-Hardbakke.

Fire og eit halvt tusen i startkapital

Hausten 1932 hadde kapitalen vakse med eitt tusen kroner og grunnarbeidet vart sett i gang. Med hakke, spade, spett og trillebåre arbeidde dugnadsgjengen med liv og lyst. Noko sprenging måtte til. Ein dugande gardssmed kvesste borar for til saman kr 7,50!
Under vintersildfisket var sjølvsagt alle mannfolk vekkreiste, men truleg var grunnmuren ferdigstøypt før dei fór.
Trematerialane til huset vart kjøpt frå Trøndelag og kom på kr 1638,80. Skiferen var heller dyr, kr 501,95. Dei tre bygningsmennene som reiste huset, fekk utbetalt til saman 285 kroner, men lagsmedlemmer hadde hjelpt til. Jentene i laget skiftest om matlaginga.

Opningsfest på grunnlovsdagen

17. mai 1933 stod opningsfesten. Programmet var rikhaldig, gleda overveldande og dei unge, viljefaste eldsjelene fekk velfortent ros. Under springpolkaen dissa golvbjelkane så livleg at folk måtte ta full pause og stive av bjelkelaget før dei kunne halde fram.
Huset hadde gang og festsal med scene. På kvar side av scenen var eit lite kammers. I kjellaren gang, matsal, kjøken og eit par andre mindre rom.
Då pipa var ferdigpussa og alt pussearbeidet inn- og utvendig på grunnmuren var pent og solid utført, hadde huset ei lånegjeld på 700 kroner. Huset vart bygt etter ei skisse formannen gjorde av ungdomshuset i Vadheim.

Uforståeleg flammehav 29. juli 1967

Frå hausten 1935 var det skipa til folkebad i kjellaren, med vedfyrt badekjel. Det var to baderom med dusj og badekar på kvart. To dagar i veka kunne folk få bade.
Utanom laget sine samkomer, med programmøte, festar, skodespel og dans, stod huset til disposisjon for det meste av tilskipingar i lokalsamfunnet.
Sårt var å sjå at huset gjekk opp i flammar olsokaftan 1967. Mange strøymde til, men ingenting kunne bergast. Først på olsokaftan 5 år seinare vart det innviingsfest for det nye Solund Grendahus på Hardbakke, men det var reist på ein annan stad.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Steinsund, Hans H.: Ungdomshus og lagsliv i havkanten. I Årbok for Sogn. 1993.

PERMANENT IDENTIFIKATOR