Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 26. januar 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Vikjahalli - ungdomshuset i Vik



Vikjahalli vart bygd i 1910 og teken i bruk i januar 1911. Ungdomshuset er eit av dei største ungdomshusa i fylket, med 600-700 sitjeplassar.

Teikning av Vikjahalli. 'Viks ungdomshus og badstova' står det på kortet. Kortet er teikna av arkitekten Erlend Tryti, med signaturen ET nede til høgre. Vik fekk med Vikjahalli eit stort og flott forsamlingslokale. Huset kom på ca. 10 000 kr, og ungdomslaget si gjeld var på 3500 kr. Denne gjelda sleit laget med lenge.

Teikning av Vikjahalli. 'Viks ungdomshus og badstova' står det på kortet. Kortet er teikna av arkitekten Erlend Tryti, med signaturen ET nede til høgre. Vik fekk med Vikjahalli eit stort og flott forsamlingslokale. Huset kom på ca. 10 000 kr, og ungdomslaget si gjeld var på 3500 kr. Denne gjelda sleit laget med lenge.

Eigar: Vik Lokalhistoriske Arkiv.

Datering: 1911-15.

Fotograf: Teikning: Erlend Tryti.

Eige hus

Vik ungdomslag vart skipa i 1898, og dei fyrste åra hadde ein møte og festar i heradshuset. Alt frå starten stod eige hus øvst på ynskjelista. Frå 1903 byrja laget å arrangera festar, basarar og skodespel der inntektene vart sette av til eige hus. Det vart og gjort førespurnader til vikjer og sogningar i Amerika om pengehjelp. Det vart blant anna skrive om planane i norsk-amerikanske aviser.
I 1908 søkte ungdomslaget kommunen om støtte, og fekk kr. 500 under føresetnad av at kommunen "uden vederlag faar benytte huset til offentlige valg, udstillinger og andre øiemed". Ni menn vart valde til å gå rundt i vikjabygda med lister for påteikning av pengegåver til huset. Arkitekt Erlend Tryti laga teikningane til huset, og Anders J. Sæbø gav fri grunn. Formann i byggjekomiteen var lensmann Anfin Øen.

Bygginga

Byggmeister John I. Hove (Guhaugen) fekk oppdraget med å byggja huset. Men det vart og gjort mykje dugnadsarbeid med å grava ut grunnen. Bøndene stilte med hest og kjerre til bortkøyring av den store grusmassen. Dei som ikkje hadde hest måtte hakka og lessa. Nokre vart sette til å mina og køyra stor stein frå Skjørvo. Folk frå Kvamsøy måtte ut med tømmer og skurlast. Til og med riksmålsfolka vart med på dugnad.
Huset vart vigsla 5. januar 1912. Det var då velkomsttale av lensmann Øen og vigsletale av sokneprest Haugsøen. Spelestykket "Ervingen" vart framført, og det var hornmusikk, strykemusikk og song, og stevleik av Jo. I. Dalen. Det var og servering. Byggjerekneskapet kom på 9939 kroner, og ungdomslaget si gjeld var vel 3500 kroner.

Dansar og kino

Hadde veggene i Vikjahalli kunne tala, hadde dei nok mangt å fortelja. Tallause dansar har vore haldne i ungdomshuset, og mange er dei som har funne kvarandre. Drikking og slåsting kringom novene har det og vore. Frå 1980-talet vart det færre dansetilstellingar, og no helst for dei heilt unge.
Det er og ungdomshuset som er kinolokalet i Vik, med framsyning kvar sundag. Ei tid var det og framsyningar på onsdagar.

Mange ombyggingar

Vikjahalli har vore gjennom mange ombyggingar. Elektrisk lys vart lagt inn i 1913. I 1954 vart kjøkenet oppussa. Nytt toalett, ny garderobe og ny kjellarinngang kom i 1959. I 1970 og 1971 var det ny ombygging av garderobane og toaletta. I 1972 vart det istandsett fest- og matsal i kjellaren.
Eit slikt hus krev og mykje vedlikehald, grunna slitasje og skadar. I 1986 var det t.d. 175 arrangement i Vikjahalli medrekna styremøte og teaterøvingar. Driftsutgiftene har vore tyngjande for ungdomslaget, då driftsinntektene ikkje har strokke til.
Etter påbygging mot nord i 1993 og scenedelen i 1999, har vikjabygda framleis eit ungdomshus som fyller eit viktig behov i bygdesamfunnet. Ungdomshuset saman med idrettshallen gjev gode høve til ulike arrangement.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Nese, Jon: "For fridom og framsteg". Vik ungdomslag i 100 år. 1898-1998. Vik i Sogn 1998.


Vik Lokalhistoriske Arkiv: Lagsarkiv for Vik ungdomslag.

PERMANENT IDENTIFIKATOR