Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. juni 2009

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Viking - Førde si gamle storstove



I eit omskifteleg bysentrum er huset Viking ein av bygningane som har halde stand i opphavleg form, frå 1927. Huset rommar framleis Førde Ungdomslag. Men Viking hadde ein heilt annan posisjon i Førde før og etter krigen 1940-1945. Det var ungdomshus og kulturhus, her var kino. auksjonar, varemesser og utstillingar. Huset har og ei krigshistorie.

Fasaden på ungdomshuset har sett slik ut sidan 1928. Men Viking hadde før ein låg mur med port i midten mot Hafstadvegen. Den måtte bort då vegen kom nærmare huset på 1950-talet.

Fasaden på ungdomshuset har sett slik ut sidan 1928. Men Viking hadde før ein låg mur med port i midten mot Hafstadvegen. Den måtte bort då vegen kom nærmare huset på 1950-talet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Arne Aasland

Førde Ungdomslag

Førde Ungdomslag blei skipa i 1896. Ungdomslaga arbeidde for norskdom, frilyndt kultur og folkeopplysning. Laget i Førde klarte i 1927 på 11 månader å reise sitt eige hus på Hafstad nær elvekanten. Huset er bygt i ein stor vinkel på 27 x 14,5 meter. Hovudbygget er 9 meter breitt. I austenden vender ei fløy inn mot Hafstadvegen, så huset dannar ein hestesko. Grunnflata er kring 320 kvadratmetert, men huset har både kjellarlokale og rom i andre høgda i endebygget mot vest.over eine fløya og delar av hovudbygget. Den store salen i bygget hadde scene og høgt tønnetak med galleri oppe. Mot Hafstadvegen stod ein låg mur med ein portal midt på.

Opninga

Huset blei vigsla 13. januar 1928 med vel 400 menneske rundt dekka bord. Festlyden song først Gud signe vårt dyre fedreland og deretter las tannlege Betten las ein prolog signert "NH”. Leiaren i laget, ingeniør Skaare, erklærte huset for opna, og dyrlege Maalsnes fortalde om bygginga, med innsats av bygningsfolk og eit stort dugnadsarbeid. Anders Viken spelte så fele akkompagnert av fru Bydal på piano. Seinare song Førde songkor, og eit lite spelstykke blei framført til slutt.

Høgt under taket

Ordførar Olai Tefre heldt hovudtalen. Han formana at laget skulle oppdra dei unge så foreldra trygt kunne sende borna sine dit. Film, skodespel og dans måtte ikkje få ein dominerande plass i huset, understreka han. Laget måtte ikkje leige ut til ”slikt” som sette huset i vanry. Men det skulle vere høgt under taket i Viking, og medlemmane burde og halde kontakten med bedehusfolket og gje rom for kristelege livsverdiar.

Aktivitetar

Viking blei eit frilyndt ungdomshus, og truleg var banda til bedehuset over elva nokså tynne etter kvart. Dansefestar, skodespel og revy, foredrag, korsong og filmframsyning var blant aktivitetane. Bjarne Huus hugsar at Barberaren i Sevilla blei framført av ungdomslaget etter krigen. Trekkspelet var det store instrumentet i Førde. Ein henta ofte inn utanbygds trekkspelar til laurdagsdansen, men brukte og lokale utøvarar. Brørne Øen var særleg populære, og kunne også kome til etter dei innleigde spelemennene om kvelden. Dei fekk alltid opp stemninga.

Spelemansstemne

Også fela hadde ein plass i Viking. I Firda 2. mai 1939 kan vi lese at det skal vere leik- og spelemannsstemne i Viking. 15 spelemenn var påmelde, av dei berre ein førdianar. Alle skulle få framføre to ”spelstykkje”. Det blei sett opp ekstra båt på Dalsfjorden til dette arrangementet, frå Gjølanger til Bygstad, med buss vidare til Førde. Men slike stemne har det vore mange av.

Det sosiale

Viking blei ein viktig treffestad og utestad for folk i bygda, særleg for ungdommen. At mange par fann kvarandre der, er heva over tvil. Og vener i alle aldrar trefte kvarandre på ulike samkomer. Å vere leiar i ungdomslaget, var ein posisjon i Førde. Men også konfliktane i bygda kom inn på Viking, og resulterte av og til i slagsmål på festane, utafor huset. Då kunne alkohol vere inne i biletet, sjølv om Viking hadde totalforbod mot skjenking. Bjarne Huus fortel at det stort sett var dei same familiane og gjengane som slost med kvarandre heile tida. Far hans, Georg, som ikkje var av dei høgste, gjekk ofte festvakt, og kunne stå og halde to kamphanar frå kvarande medan dei slost over hovudet på han! På 1960-70-talet forsvann slåstinga heilt.

Varemessa 1939

Eit storhende på Viking var første varemessa i Sunnfjord i 1930. Ungdomslaget sjølv skipa til dette, med nær 4000 katalognummer. Dette var i hovudsak produkt frå lokal husflid og handverksbedrifter. Men også større produsentar av landbruksutstyr stilte ut. Messa blei opna av fylkesmannen. Kring 2000 menneske var innom dørene, og mykje varer selt.

Kinodrift

Førde fekk sin første kino i huset i 1938. Førde helselag stod for drifta og skaffa inntekter til skuletannrøkta. Fleire var kinosjef, men Ivar Berge hadde til slutt denne jobben i ein liten mannsalder til Førdehuset tok over i 1976. Filmmaskina stod på galleriet, og ungar som sat der oppe kunne forstyrre lysstrålen og få fingerfigurar opp på lerretet. Vesle Bjarne Huus var ikkje heilt uskuldig i slike strekar. Dei som har stått i kinokø utafor Viking, gløymer aldri det, for køen var brei, men trappa før inngangsdøra smal. Det var ein kamp å halde seg i køen der.

Krig og kinostreik

Drifta på Viking blei råka av krigen 1940-1945. Første krigsåret gjekk det på eit vis, men framhalds- og mellomskulen i Førde flytta inn fordi skulen mista lokala sine til tyskarane. Talet på framande i Førde auka til eit toppunkt i 1943 med vel 1000 mann (medrekna. russiske fangar). I 1941 tok tyskarane Viking til mannskaps-kvarter. Men kinoen heldt fram. Jøssingane gjekk då til kinostreik. Berre tyskarar, NS-folk og nokre stripete såg det sensurerte filmutvalet. Folk flest såg etter kven som gjekk på kino. Bjarne Huus hugsar at postmeister Hauge i Førde var lausmunna om okkupasjonen til ein tyskar og blei innkalla til NS-lensmannen. Straffa han fekk, var å gå på kino! Men postmeisteren var ikkje rådlaus. Han stilte med mørke briller, som han visstnok ikkje tok av seg under framsyninga heller!

Etter krigen

Etter krigen budde kring 30 mann frå heimestyrkane på Viking ei tid. Då huset til slutt var ledig, var det nedsarva. Golvet i storsalen framstod som ”kvist og spiker” etter stålhelane. Under formannen, Ingvard Hornnes, gjennomførte laget ei storvøling der dei mellom anna la nytt golv i storsalen, malte opp og bytta ut inventar.

Stemne

I etterkrigstida hadde Sunnfjord ungdomslag mange ungdomsstemne på Viking. I 1964 våga dei seg på eit Landsungdomsstemne som sette sitt store preg på gatene i sentrum. Men ved det høvet var Viking for lite, så ein supplerte med andre lokale i sentrum.

Danseband og popmusikk

På 1950-talet måtte trekkspelfestane dele plassen med nye musikkformer og songartistar som til dømes Kurt Foss og Reidar Bø. På 1960-talet slo gitar, slagverk og nye heltar inn for fullt Mange av dei omreisande pop-orkestra i landet spelte på Viking, til dømes Kjell Karlsens orkester, Terje Fjern og andre. Men også meir lokale grupper frå Høyanger, Dale (The Ludoes) eller Førde spelte også til dans. The Hooligans var ei slik Førde-gruppe som samla eit stort publikum.

Gammaldans

Popmusikken kom etter kvart inn på andre arenaer, og Viking mista den heitaste laurdagsdansen. For viss Viking hadde gammaldans, fór dei unge på andre lokale. Ein dreiv då vidare med gammaldans for dei vaksne, og for dei litt yngre. Gammaldansen heldt på til kring 2006. Då gjekk ein over til swingdans og andre nyare danseformer.

Førderevyar

Kring 1990 starta nokre eldsjeler i laget ei revyoppsetting som kommenterte samtida både lokalt og vidare utover. Den årlege revyen er eit kulturelt høgdepunkt for førdianarane. Men dei som står for revyen, driv no utafor laget som ei rein revygruppe. Framsyningane skjer framleis på Viking.

Rehabilitering 1990/2000

I seinare år er Viking igjen fornya. Huset blei heilisolert, nypanelt ute og pussa opp innvendig. Taket har fått ny stein og ein har sperra det betre med stålwirar over salen inne. Alle vindauga er skifta ut, men med stilen i behald. Scena med garderobe er forbetra, og ein har utvida kjøkkenet i første høgda. Galleriet er borte, og himlingen inne no flat, men framleis med god høgde. Golvet er tekt med stavparkett. Mot elva har ein fått til terrasse og danseflake. Ungdomslaget har i dag ein del inntekter av utleige til bryllaup og åremålsdagar. Laget er framleis ein kulturinstitusjon i Førde, og mottok Førde kommune sin kulturpris i 1994.
 

kjelder:

Djupedal, Torkjell: Førde. Kulturhistorisk vegvisar. 1998. Firda. 14.01.28. Sogeblad for Førde kommune, 1995.
Munnleg informasjon frå: Arne Underlid. Bjarne Huus

PERMANENT IDENTIFIKATOR