Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 10. desember 2010

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Ungdomshuset Rimskjold på Vindhella



Staden Vindhella er stoppestad for mange turistar. Her står eit hus med veghistorisk utstilling. Her er oppsett ein minnestein om første bilturisten i dalen og her er dei nedre endepunkta for dei eldgamle vegane Vindhellavegen og Sverrestien. På andre sida av elva syner spor etter ei røyrgate. Men kva slags hus er det?

<p>Rimskjold ungdomshus sommaren 2010 med opne d&oslash;rer inn til veghistorisk utstilling.&nbsp;</p>

Rimskjold ungdomshus sommaren 2010 med opne dører inn til veghistorisk utstilling. 

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2010

Fotograf: Hermund Kleppa

Huset

Det er eit ungdomshus, med trapper opp til hovudinngangen til huset, med garderobe, møtesal og scene. Kjellarhøgda har kjøken og matsal. Eit stasleg harmonium (trøorgel) ber bod om allsong. No er det ikkje tradisjonell lagsaktivitet i huset. Laget som bygde huset, er ikkje aktivt. Huset passar godt som utstillingsstad for veghistorie.

Ungdomslaget sin samlingsstad

Vindhella ungdomslag vart skipa 11. desember 1904. Laget hadde møta sine i skulehuset, men til somme større arrangement fekk dei låna hus rundt på gardane. Heilt frå starten hadde laget eit ønskje om å få sitt eige hus, og dei byrja tidleg å samla pengar. I åra 1933-1937 var Knut Husum formann. Han var ei drivande kraft i lagsarbeidet og i arbeidet med å få bygt eit tenleg ungdomshus. Dei ville ha ei romsleg og praktisk hus og dei ville ha plass for folkebad, ei sak laget hadde arbeidd for i fleire år. I 1933 vart det vedteke å gå i gang med å byggja. 

Etter nødvendig førebuingsarbeid tok byggjinga til sommaren 1934 og om hausten same året stod huset ferdig. Den 11. desember vart det halde vigslefest samstundes med 30-års fest for laget.

Rimskjold

Huset fekk namnet Rimskjold Tyding: skjold, vern, mot rimtussar, i norrøn mytologi nemning på jotnar, fiendar av gudar og menneske? Namnet er i bruk (2010), t.d. som referanse til omtale av Vindhella-vegen, Rimskjold ungdomshus. 

kjelder:

Sogn Ungdomslag 50 år. 1946.