"Sognefolket som bor over dette Vand, kaldes Vassbygder og siden strekker Prstegjeldet sig østefter op hvor Veyen gaa til Hallingdal i Aggershus Stift over en Green av Filefield. Deres døde kand de ikkje føre ned til Vangens Kirkegaard uden at bære dem i de trange Fodstier og over de fæle Afgrunde…
I Horndalen på Aurlandsfjellet står Norges einaste stolpeskur att. Slike skur vart brukte av Telegrafverket til oppbevaring av stolpar og anna linjemateriell, somme tider også som overnattingsstad for linjearbeidarar og oppsynsmenn.
Omgrepet Aurlandsvangen femner her om eit stort område, tilsvarande Vangen sokn. Dette innbefattar gardane langs fjorden frå Skjerdal til Otternes, samt gardane fram til Vassbygedvatnet. Tradisjonelt har gardane frå Vangen og nordover vore rekna som ei eiga bygd, Utbygdi. Området som her nemnast…
Fjellgarden Østerbø i Aurdalen fekk eigen kyrkjegard i 1858. Han var i bruk til 1911, då den siste vart gravlagd der. Men alt tidlegare gravla dei folk der oppe.
Aurland har mange fjell og fjordar. Skulevegane før var gjerne lange, og kunne vera farlege om vinteren. Såleis vart det mange skulekrinsar, med "pendlande" lærar og kortare skuleveg for borna.
I Aurlandsdalen finn ein fleire nedlagde gardar, ein av desse er Sinjarheim. Garden ligg høgt og fritt på eit høgdedrag med gjel, juv og fossar på alle kantar. Sjølv om omgjevnaden er dramatisk har det budd folk her i lange tider. Garden vart fråflytt i 1922 og forfallet sette etter kvart inn.…
1814 – merkeår i Noregssoga: Kielfreden, prins Christian Frederik midtpunkt for norsk sjølvstenderørsle, stormannsmøtet på Eidsvoll, særskild bededag og val på utsendingar til riksforsamling, Eidsvoll, grunnlov og kongeval, krig med Sverige, konvensjonen på Moss, omframt storting og union med…
Nær høgste punktet på vegen over Aurlandsfjellet, ved Hornsvatnet nesten 1300 m o.h., ligg ei lita hytte. Det er Hornshytta eller Midjehytta, ei av linjeoppsynshyttene til Telegrafvæsenet, eller i dag, Telenor.