Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juni 2001

Sist oppdatert 08. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Hornshytta - Midjehytta



Nær høgste punktet på vegen over Aurlandsfjellet, ved Hornsvatnet nesten 1300 m o.h., ligg ei lita hytte. Det er Hornshytta eller Midjehytta, ei av linjeoppsynshyttene til Telegrafvæsenet, eller i dag, Telenor.

Hornshytta frå 1876 med restane av stolpeskuret. Hytta har gjennomgått fleire omfattande reparasjonar og ombyggingar. Det som står att av stolpeskuret, blir i dag brukt som uthus.

Hornshytta frå 1876 med restane av stolpeskuret. Hytta har gjennomgått fleire omfattande reparasjonar og ombyggingar. Det som står att av stolpeskuret, blir i dag brukt som uthus.

Eigar: Norsk Telemuseum/Harald Runde 005-13.

Datering: 07.07.1994.

Fotograf: Harald Jarl Runde.

Telegraf- og telefonlinjer

I 1859 vart det bygd ei telegraflinje over Aurlandsfjellet som ein lekk i det viktige innlandssambandet Christiania - Bergen. Linjekursen som berre hadde ein telegraftråd, vart bygd over fjellet frå Kvigne til Skjerdalen og låg svært utsett til for vêr og vind. I høve nytt telegrafsamband Lillehammer - Bergen i 1875/76, kom det difor ny linjekurs gjennom Horndalen og over Midjefjellet til Vassbygdi i Aurland. Den gamle kursen vart likevel halden vedlike som reserve- og lokalsamband til kring 1910. I 1910 kom også dei fyrste telefontrådane over fjellet, eit samband Lærdal - Aurland.

Midjehytta

På fjellovergangane vart det sett opp linjehytter for arbeidsfolk og oppsynsmenn, og stolpeskur for reservestolpar og anna linjemateriell. Kring 1900 var det ved den gamle linjekursen på Skjerdalsfjellet to "fjeldstuer", eitt skur i gråstein og eitt stolpeskur. Ved den nye traseen var det på same tid ei tømra fjellstove. Denne fjellstova på "Medjefjell", Midjehytta eller Hornshytta som ho seinare vart kalla, ligg ved Hornsvatnet i knapt 1300 meters høgde. Hytta vart oppsett i 1876, opphaveleg med eit tømra rom. I 1924 heiter det at det vart " - tilbygget et særskilt rum for veifarende, likesom hytten blev underkastet en grundig reparasjon samme år. - "

Bilete av stolpeskifting.

Også eit stolpeskur skal vere opsett i 1876. Skuret vart seinare forlenga for skaffe plass til større stolpar. I dag står berre ein liten del att, og no brukt som uthus.
Under bygginga av vegen over fjellet i 1964, vart hytta bortleigd til nokre av anleggsarbeidarane, men ho brann opp. Ny hytte i reisverk vart sett opp på same tufta.

Graffarar og anna folk

Telegraf- og telefonarbeidarane likte gjerne å kalle seg "graffarar" (jfr. "rallar" som er ein "Railway-arbeidar"). Graffarane var organiserte i arbeidsavdelingar med ein arbeidsstyrar og ein eller fleire formenn. Arbeidarene nedover i rekkjene var sorterte i ei streng rangordning, med kokken og smeden som viktige personar.

Det var mange tunge tak med anlegg og drift på på Aurlandsfjellet med lange og mødesame tilførslevegar og barskt høgfjellsterreng. Stolpane til den fyrste linja kom frå fjellskogen på Frønningen, og vart køyrde over fjellet på vinterføre. Seinare kom impregnerte stolpar andre stader i frå, leverte ved sjøen i Erdalen eller Aurland. Også desse måtte køyrast til fjells, og bøndene i området tok gjerne på seg slikt arbeid. Etter kvart kom meir eller mindre usynlege stigar til å snu seg langs linjekursane, til lette for linjearbeidarar og farande folk. Hytter og skur sto opne til overnatting, og har ved somme høve berga liv. Hornshytta fekk etter kvart eit dårleg ord på seg og vart kalla "Lusehytta". Det hende at linjearbeidarar nekta å overnatte der, og heller tok til takke med telt eller stolpeskur.

Ved automatiseringa av telefonnettet på 1970 og 80-talet, var det ikkje lenger bruk for linjene over fjellet, og kursen vart etter kvart riven. Berre fint mura steinkar og stolperestar innetter fjellet viser kvar dei viktige telegraf- og telefonlinjene gjekk.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bugge, F.: Den norske Statstelegrafs grundlæggelse og vækst. Christiania 1890.
Stortingsmelding nr 10, 1932. Fortegnelse over Statens eiendommer.
Telegrafverket: Cirkulære, linjestatistikker og andre statistikkar.
Norsk Telemuseum:
Fotosamlingar. Munnleg informasjon frå:
Oddkjell Bosheim, f. 1926, Lærdal.
Bosheim, Oddkjell: Lærdalsøren Telegrafstation 1858 - 1868. Semesteroppgåve i lokalhistorie 1991-92 ved Sogn og Fjordane Distriktshøgskule.
Rafto, Egil: Telegrafverkets historie. Bergen 1955.
Thingvold, Georg H.: Televerket i Sogn og Fjordane fra 1858.Førde 1984.
Dahl, Thor Edvin - Ellefsen, Terje - Solberg, Anne: Hallo?! Norges telefonhistorie. Oslo 1993.

Nettstader:

PERMANENT IDENTIFIKATOR