Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 12. november 2007

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Språk

Rå-data

Vassbygdi



"Sognefolket som bor over dette Vand, kaldes Vassbygder og siden strekker Prstegjeldet sig østefter op hvor Veyen gaa til Hallingdal i Aggershus Stift over en Green av Filefield. Deres døde kand de ikkje føre ned til Vangens Kirkegaard uden at bære dem i de trange Fodstier og over de fæle Afgrunde enten blott paa deres Rygge uden Liigkiste i de saakaldte kiæser paa Hester eller Øker indtil de kommer ned i Plainen hvor de da omsider legges i Kiste." (Sokneprest Wigeboe om Vassbygdi og Aurlandsdalen i 1790-åra).

Frå Sinjarheim er det flott utsyn nedover Aurlandsdalen.

Frå Sinjarheim er det flott utsyn nedover Aurlandsdalen.

Eigar: Morten Clemetsen/Aurland Naturverkstad

Datering: 2005

Fotograf: Morten Clemetsen

På grensa mot aust

Vassbygdi tek til i austre enden av Vassbygdevatnet, og delar seg der i tre dalføre: Aurlandsdalen, Midjedalen og Stondalen. Av 13 gardar totalt, ligg berre fem nede ved vatnet og heile seks gardar i Aurlandsdalen. Gardane i dalføra reknast som høgdegardar. Bygda har til alle tider hatt vel so mykje orientering mot aust som mot vest når det gjeld kontaktar og kommunikasjon. Dette skuldast at vegen frå høgdegardane i dalane og ned til Aurandsvangen var lang og vond. På den måten vart det ofte lettare å gå over fjellet mot Halingdal dersom ein skule selje varer frå garden eller stølen. Rakaste vegen frå Aurland til Hol og Hallingskeidsmarknaden vart rekna for å gå om Grindsete til Stondalen og vidare austover.

Skålgroper

Bygda kan by på eit breitt spekter av fornminne. T.d. er det på garden Veim funne to graver frå jernalderen, og tre såkalla gropsteinar. Steinane ligg på ein rundt kolle, Kvaolahaugen, der det er ei rydd flate 25 m ovanfor ei hustuft. På to av gropesteinane er det funne 10-20 skålgroper. Skålgroper er små prikkhogne groper i stein eller berg, og viser seg ofte å ha vore laga i eldre jernalder. Funksjonen og meininga bak er uviss, men lokaliseringa som ofte knyt seg til stølsmiljø fortel kanskje noko. I nyare tid la budeiene ofte ut smør i gropene, og då dette kan vere restar av ein gamal tradisjon, trur mange at gropene har vore offergroper, t.d. til smør, blod eller talg. Skålgropene er såleis ei kjelde til tru og ritual langt tilbake i tid.

Høgdegardane

Historia til Vassbygdi er i stor grad prega av fokuset på høgdegardane, og særskilt dei i Aurlandsdalen. Desse vart godt kjend i inn- og utland frå slutten 1800-talet, då fleire av dei fråflytte gardane vart tilrettelagde for fotturistar. Fråflyttinga skuldast i stor grad utferda til Amerika, truleg som fylgje av stigande folketal, uår og nedgangstider generelt. Før dette var folket på høgdegardane vande til å leve til dels isolerte liv i lite farbare dalar, der einaste vegen opp bratte heng og fjellveggar var ved hjelp av trestiger. Ferdsle med dyr gjekk difor over fjellet og ikkje langs dalføra. Frå siste del av 1800-talet vart nokre av dei brattaste plassane sprengde ut til smale galdar (bratte bakkar eller bergrygger med stig over), t.d. Sinjarheimgalden og Nesbøgalden.

Turen frå Østerbø til Vassbygdevatnet

Ei populær turrute går frå turisthytta Østerbø ved riksveg 50, ned Aurlandsdalen og til Vassbygdevatnet. På denne turen ligg det fleire attraksjonar og fråflytte gardar. Gardane Sinjarheim og Almen har dei siste åra vore restaureringprosjekt. Sinjarheim var den siste garden i dalen som vart fråflytta i 1922. Etter at restaureringsarbeidet har gått føre seg sidan 1988, er husa her i god stand og vel verdt eit besøk. Mange let seg òg fascinere av den særmerkte plasseringa til Almastova. Ho er bygd under ein stor overhengande stein for å unngå ras og steinsprang.

På turen kan ein velje å gå Bjørnestigvarden som m.a. er kjent gjennom eit måleri av Johannes Flintoe. Måleriet vart til etter at han vandra Aurlandsdalen i 1819. Ikkje langt frå Børnestigvarden ligg det ei stor jettegryte fylt med vatn, kalla for Vetlehelvete. Ei segn seier at det boblar i Vetlahelvete dersom ein kastar ein stein i "Svartatjødnet", 200-300 meter unna.

Idealisme og dugnadsinnsats

Restaureringa av gardane i Aurlandsdalen er resultat av enorm dugnadsinnsats og samarbeid mellom fleire grupper. Eit samarbeidsorgan for alle desse er Aurlandsdalen Kulturlandskap, som arbeider med restaurering og vedlikehald av bygningar, skjøtsel av kulturlandskap og ettersyn av stien. Ei av gruppene som er med i samarbeidet er Dugnadsgruppa Aurlandsdalen, som driv restaureringsprosjekt saman med Fortidsminneforeningen og Aurland Naturverkstad. Med i det heilskapelege samarbeidet i dalen er også grunneigarar og handverkarar, Guidegruppa frå ANKA (Aurland Natur- og Kulturarv), Sogn Jord- og Hagebruksskule, Aurland Kommune, Aurland og Lærdal Reiselivslag, og Den Norske Turistforening.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Anders. Gardssoga for Aurland. Vassbygdi og fjellgardane. Voss prenteverk. Voss. 1988.

PERMANENT IDENTIFIKATOR