Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Kyrkjegarden i Aurdalen



Fjellgarden Østerbø i Aurdalen fekk eigen kyrkjegard i 1858. Han var i bruk til 1911, då den siste vart gravlagd der. Men alt tidlegare gravla dei folk der oppe.

Kyrkjegarden på Østerbø. Kyrkjegarden ligg vakkert til ved Aurdalsvatnet, ca 820 moh.

Kyrkjegarden på Østerbø. Kyrkjegarden ligg vakkert til ved Aurdalsvatnet, ca 820 moh.

Eigar: Signe Fimreite

Datering: 1954

Fotograf: Ukjend.

Gardane i Aurdalen

Aurdalen ligg 820 m.o.h., om lag 6 timars gonge frå Vassbygdi oppover i Aurlandsdalen. Her var fleire bruk i gamal tid. Ourdall er nemnd 1563, Østerbøe i 1667. Alle bruka låg i Aurdalen.

Eit liknande vitnemål har me i ein artikkel av lektor Knut L. Lie i Den Norske Turistforenings Årbok 1927:
"Rent ille var det når lik skulde fraktes ned til bygda. Da var det oftest ingen annen råd enn å putte liket i en sekk og kløyve det ned til Vassbygda."
Her meiner nok Raabe at dei kløvja lik på hesteryggen.

Eigen kyrkjegard

Aurdalen fekk tidleg sin eigen kyrkjegard. Han vart vigsla i 1858, men då var han alt teken i bruk. Til vanleg gravla dei utan prest tilstades, og sette ein staur ned på kisteloket. Når presten kom for å jordfesta, drog dei opp stauren slik at presten kunne dryssa jord ned på kista.

Minnestein

På kyrkjegarden i Aurdalen vart det gravlagt folk både frå Aurland og Hol. Sogelaga i desse kommunane tok initiativet til å få reist ein minnestein med namnetavle på kyrkjegarden. Dette vart gjort i 1953 med støtte frå dei to kommunane.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka søndag 26. juli 1953. Det var møtt fram folk både frå Hol og Aurland. Mange turistar var óg tilstades.

I avdukingstalen sa lektor Anders Ohnstad mellom anna at han hadde ei sterk kjensle av at dei som var gravlagde her, hadde meir klårsyn enn me moderne menneske. - Det ser ut for at dei gamle hadde betre tid til å tenkja enn me har. Dei gamle såg oppover mot det ævelege, den einaste tråden som held. Det hadde ikkje nytta for dei som budde her oppe dersom dei ikkje heldt saman og var på bylgjelengd med naturi.

Ohnstad var glad for at det her oppe på Østerbø hadde lukkast å finna ein minnestein som var så velforma at det ikkje var turvande å forma han til. - Denne steinen symboliserer folki som budde her, sa Ohnstad, - folki, robuste og sterke som steinen sjølv.

Johs. Midje tok så duken av steinen. Etterpå var det tale av lærar Svein Nestegard frå Hol, og til slutt gjorde Martin Lie greie for arbeidet med å reisa steinen, og nemnde spesielt Johs. Midje og Knut Sønnerheim.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Anders J.: Vassbygdi og fjellgardane. Side 50. Aurland 1988.
Ohnstad, Anders J.: Aurland I, side 615 og 619. Aurland 1962.
Avisa Sogn og Fjordane. 10.08.1953.
Munnleg informasjon frå Anders J. Ohnstad, bygdebokforfattar, Aurland.
Aurland kulturkontor, fotosamlinga.
Informasjon frå Signe Fimreite.

PERMANENT IDENTIFIKATOR