Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Høgdegarden Sinjarheim i Aurlandsdalen



I Aurlandsdalen finn ein fleire nedlagde gardar, ein av desse er Sinjarheim. Garden ligg høgt og fritt på eit høgdedrag med gjel, juv og fossar på alle kantar. Sjølv om omgjevnaden er dramatisk har det budd folk her i lange tider. Garden vart fråflytt i 1922 og forfallet sette etter kvart inn. Men bygningane på Sinjarheim vart i 1988 restaurerte av Fortidsminnesforeningen og garden vert no brukt som støl av Sogn jord- og hagebruksskule i Aurland.

Tunet på garden Sinjarheim ligg på om lag 600 m o.h. Det står seks bygningar på tunet samt ei lita turkestove like bak.

Tunet på garden Sinjarheim ligg på om lag 600 m o.h. Det står seks bygningar på tunet samt ei lita turkestove like bak.

Eigar: Sogn jord- og hagebruksskule.

Datering: Ca. 2000.

Fotograf: Leiv Jarle Bergheim.

Høgdegard

I Aurland kommune har det vore mange høgdegardar. Mange av desse er for lengst fråflytte, men på ein og annan finst det framleis folk. I Aurlandsdalen finn me fleire av desse fråflytta gardane. Eit stykke framanfor Vassbygdi, på om lag 600 meters høgde, ligg garden Sinjarheim, som var den siste av gardane i Aurlandsdalen som vart fråflytt. Her budde det folk fram til 1922.

Tunet på Sinjarheim ligg på ein stad som er trygg for ras. Det er ei husklynge på seks hus samt ei lita turkestove for korn som ligg bak husa. Alle bygningane, med unnatak av stovehuset og kårstova, er bygde av materialar frå staden. Stovehuset skal vera bygd kring 1830 av tømmer som vart frakta med hest over fjellet frå Nordheimsdalen (stølsområdet til garden Breidsnes, langt ute i Aurlandsfjorden). Løa og fjøset er for det meste bygd av gråstein, og store delar av både fjøset og eldhuset er grave ned i bakken. Dette gjev dei eit nesten førhistorisk preg. Restar av eldre bygningar er ikkje funne her.

Øygard etter Svartedauden

Ein trur at det budde folk på Sinjarheim alt lenge før Svartedauden (garden er nemnt i 1212), men at garden så låg aude frå Svartedauden og fram til kring 1600. Då veit ein med visse at det har budd folk her. Grunnlaget for garden var i dei eldre tider like mykje veiding og jakt på reinsdyr og anna vilt, som jordbruksdrift. Då garden ligg høgt oppe i fjellsida på nordaustsida av dalen er vekstsesongen her svært kort. Det kunne henda at kornet ikkje rakk å bli moge før frosten kom. Skjedde dette fleire år i følgd kunne det vera hardt å klara seg gjennom dei lange vintrane.

I 1869 vart åkervidda målt til 11,5 mål. Ein kunne få store avlingar på eit slikt areal, men det krevde stor arbeidsinnsats. Dette året sådde dei fire tønner korn og hausta 12. Dei sådde tre eller fire tønner poteter og hausta 12. Høyavlinga gav 12 000 kg i utmarka og 18 000 kg i innmarka, og 500 kjervar med lauv vart også hausta. På garden vinterfødde dei 12 kyr, fire ungfe, 18 sauer og ein hest.

Sinjarheimsgalden vart i 1860-åra skoten ut slik at det vart framkommeleg for kløvjing og for husdyr. Før dette hadde dei måtta ta lange omvegar om Almabrui opp til Vetlestølen, vidare over Teigen og Bridlebrui. Eller ein kunne fara om Stondalen og opp berget over Hovdungo og vidare over Teigen.

Dei siste busette

Den fyrste brukaren ein kjenner til er ein Per som er nemnt i 1611. Sidan budde det folk her fram til 1922, då folka flytta ned til Vassbygdi.
Folketeljinga frå 1900 nemner to hushald med i alt 13 personar. Gardbrukar Mikkel Ellingson Sønnerheim, fødd 1842, budde saman med kona Ingeborg Sjursdotter, fødd 1841, og fire av borna deira. I dette hushaldet budde også Elling Bottolvson Stene og Ivar Andersson Veum, samt Mikkel Knutson Sønnerheim. Fem av dei i alt 13 borna til Mikkel og Ingeborg Sønnerheim var alt reist til Amerika.
I det andre hushaldet budde husmann Ingebrigt Jonassen Rinde, fødd 1873, og kona Sigrid Mikkelsdotter Sønnerheim, fødd 1877, og deira to døtrer. Sigrid var dotter til gardbrukaren, Mikkel Sønnerheim.
Dette var dei to siste hushalda på Sinjarheim. Etter at dei flytta ned til Vassbygdi vart garden nytta til støl fram til 1964.

Restaurering og bevaring

Aurlandsdalen er eit kjent område for friluftsfolk. Her kan ein få ei heilt spesiell oppleving der storfelt natur omkransar fråflytte gardsanlegg, stølar, kulturmark, kløvjevegar og stiar. Heile dalen, og særs garden Sinjarheim, står fram som eit minnesmerke over sjølvbergingsjordbruket i Norge.

På slutten av 1980-åra byrja eit omfattande dugnadsarbeid i Aurlandsdalen. Det langsiktige målet var å setje i stand eit allsidig utval av bygningar og kulturmark i dalen for å tryggja ein viktig kulturarv, styrke opplevinga av landskapet og gje grunnlag for ein meir allsidig bruk av dalføret.

I 1987 heldt kårhuset på Sinjarheim på å ramla ned. Grunnmuren under nordre delen av huset hadde rasa ut. Låven var ein ruin utan tak. Fjøstaket, med gavl mot dalen, heldt også på å ramle ned. Året etter vart det byrja dugnadsarbeid for å få sett i stand husa på garden. Prosjektet fekk økonomisk stønad frå Aurland kommune, fylkeskommunen, Oslo Energi og forsvaret, - pluss frå ein del einskildpersonar. I alt 20 frivillige personar sette i gang med restaureringsarbeidet. Sidan har dette arbeidet vore årvisst. Dei som er med på dugnadsarbeidet ser på dette som ferie. Fortidsminneforeningen har teke på seg ansvaret for restaureringa av dei gamle husa på garden slik at det verneverdige tunet på Sinjarheim er redda frå vidare forfall. I 1999 vart det gjort 26 vekesverk med dugnadsarbeid i Aurlandsdalen. Året før fekk dugnadsmiljøet her "Maihaugprisen" for innsatsen med restaureringa av Sinjarheim.

Stølsdrift og kulturlandskap

I 1992 kom Sogn jord- og hagebruksskule med i arbeidet på Sinjarheim. Landskapet rundt gardshusa var i ferd med å gro att med tyrihjelm, bjørk og or. For å halda landskapet ope vart det foreslått å nytta garden som støl. Frå 1993 har skulen nytta garden om lag tre veker om sommaren til øvingar i stølsdrift. Då vert tre mjølkekyr og 65 geiter mjølka på garden. Mjølka vert nytta til å laga kvit- og brunost som vert frakta ned til bygda med kløvhest.

Aurlandsdalen Kulturlandskap er eit samarbeidsforum mellom grunneigarane i Aurlandsdalen og dei som står bak dugnadsinnsatsen med bevaringarbeidet. Dette har vore eit avgjerande organ for at bevaringsarbeidet har lukkast. Det står føre dei viktige prioriteringane av oppgåver som må gjerast, gjer avtalar og syter for at dei aktivitetane som går føre seg i dalen vert samordna.
Eigar av garden Sinjarheim er Inge Olai Sønnerheim.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Gjerløw, Anna og Ohnstad, Anders: Ættebok for Aurland, band II. Aurland Sogelag. Bergen 1964.
Sogn jord- og hagebruksskule: http://www.sogn-j-h.vgs.no - Sinjarheim.
Velkomen til Aurland og Flåm: http://www.aurland.com - Sinjarheim.
Velkomen til Aurland og Flåm: http://www.aurland.com - Vassbygdi.
Aurland Naturverkstad: http://www.aurland-naturverkstad.no/ - Aurlandsdalen kulturlandskap.

PERMANENT IDENTIFIKATOR