Kulturhistorisk leksikon

Sjøbu (7)

  • Sjøhusmurane på øyane i Flora

    I samband med det rike sildefisket i Kinn Prestegjeld på 1800-talet, vart det bygt fleire hundre store salteri for å ta hand om all silda. Det måtte byggjast til dels store murar som fundament for alle salteria og sjøhusa. Murane vart for det meste bygd på øyane Batalden, Kinn, Nærøyane, Reksta og Skorpa, heilt vest i Flora kommune. Dei fleste av desse murane står framleis att som minnesmerke om dette rike sildefiske.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Flora
  • Notabua i Selvågane på Sandane

    Sandanebukta vert avgrensa mot sør av Selvågane. Her stikk ei fjelltunge ut i fjorden mot vest. På Klubben, den ytste pynten av berget, står Notabua. Ho vart sett opp i 1898 av eit notlag.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Gloppen
  • Notanaustet i Fresvik

    I Fresvik står eitt av dei få notanausta som er att i Indre Sogn. Det tilhøyrde Bøtun notlag og var i bruk til 1960-talet. I 2000 var det planar om å restaurera det.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Vik
  • Saltebuene - sjøhus flytta frå utværa

    Det er nok mange hus i skjergarden som har vore på flyttefot. Men ingen kan ha stått meir utsett og smakt meir av havsens salt enn nettopp saltebuene.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Solund
  • Nausta på Sølvberg og Bergset

    Gardane Bergset og Sølvberg ligg høgt over fjorden. Men òg for slike gardar var fjorden viktig. Dei hadde naustveg nedover dei bratte bakkane mot fjorden der det låg naust, bryggjer og båtstøer, sagbruk, og fleire husmannsplassar. I det siste er det lagt ned mykje arbeid for å ta vare på dette miljøet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Stryn
  • Prestegardsnaustet

    Prestegardsnaustet er ein av dei eldste bygningane på Aurlandsvangen, eit stort, romsleg naust med plass til fleire båtar. Det ligg i eit nærast urørt strandområde i sentrum.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Aurland
  • Sjøbu i Porten

    Ei stor, okermåla sjøbu under Buhammaren i Porten minner om stor aktivitet med oppkjøp og sal av laks på 1900-talet.

    Kommunar omtalt i artikkelen:

    • Hyllestad