Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Saltebuene - sjøhus flytta frå utværa



Det er nok mange hus i skjergarden som har vore på flyttefot. Men ingen kan ha stått meir utsett og smakt meir av havsens salt enn nettopp saltebuene.

Sjøhus i Steindalen, Solund. Sjøbua t. h. er bygd av eit tidlegare jaktenaust som stod i Rånøy. I midten eit båtnaust. Bua t. v. er ei saltebu frå Batalden. Bua er nokså brei og er delt på langs med ein svær bete i midten, med kraftige nedføringar. Heilvaksne krokar og kne som rekk heilt ned, støttar av under stavleger og takbjelkar. Bua er no borte.

Sjøhus i Steindalen, Solund. Sjøbua t. h. er bygd av eit tidlegare jaktenaust som stod i Rånøy. I midten eit båtnaust. Bua t. v. er ei saltebu frå Batalden. Bua er nokså brei og er delt på langs med ein svær bete i midten, med kraftige nedføringar. Heilvaksne krokar og kne som rekk heilt ned, støttar av under stavleger og takbjelkar. Bua er no borte.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 1985.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Saltebuer tett i tett

I sildeperioden som tok slutt kring 1870, hadde særleg områda frå Kinn til Selje gjennom åra rusta seg godt til å ta unna dei store sildemengdene. I 1860 var det 368 saltebuer mellom Selje og Bulandet. Berre på øya Kinn stod 49. På dei vesle Nærøyane rett utanfor stod 36!
Buene var av ulik storleik og standard. Somme var så svære at dei tok sine 1500 tønner. Ofte losjerte saltegjengen på loftet. Både private og firma åtte buer. Når krakket kom, var eigarane særs ille ute økonomisk. Husa stod vêrutsett, stundom på plassar ingen budde.

Ruin når silda svikta

Utan midlar til vedlikehald melde forfallet seg raskt. Mange hadde lånt og hamna i økonomisk ruin. Heldige var dei som fekk selje unna eit og anna hus.
Frå denne tida er det at så mange saltebuer finn vegen sørover. Kjøparane kunne sakte prute og få seg rimelege sjøhus, og det buer som kom til å stå ei stund. Særleg var golva og golvåsane så innsausa med lake og salt at ingen parasittar ville finne på å nærme seg treverket på generasjonar. Dessutan var materialane kraftige med solide, heilvaksne kne som låste bygningen for alle slags påkjenningar.

Solide, tenlege sjøhus

For fiskarane var desse husa ettertrakta. Dei tålte godt tyngda av garn og landnøter både til sommar- og vinterbruk. Med utoverbygt vindespel i ark, i gavlen eller på langsida, vart det lettare å handtere reiskapar og fangst.
Saltebuene var velbygde og hadde oftast doble vegger, ei glatt garnering innvendig som gjorde huset mykje lunare. Dei buene som vart kjøpte som dei stod, og oppattsette i same utforminga, kan ha denne garneringa intakt framleis. Til dømes er både sjøbua og naustet på Steinsundholmen bygde slik. Men nett desse husa var nok oppsette for ein salterifunksjon.

Frå Kinn og Batalden

Folk som ville setje seg opp sjøhus, kunne ikkje gjere bruk av altfor store saltebuer. Derfor vart dei største saltebygga nedtekne og selde ut att i smått. Kjøparen kunne då få med den material han trong og såg seg råd til. Så kunne han tilpasse bua til grunnen, med dører og eventuelt glas. Å bruke enkel yttervegg, med berre bordkledning, var vanleg.
Gamlekarane nemner oftast Kinn og Batalden når dei fortel kvar saltebua kjem frå. Men Saltskårbua skulle vere ei nedteken saltebu frå Kjempenes i Bulandet. Stølen og Tveranger har buer frå Kinn, Steindalen frå Batalden.

Saltebuene, særeigne hus

No har det vore drive sildesalting mange plassar i Solund også, både før og etter 1900- årsskiftet. Nokre salta den silda dei sjølve kasta. Dette var vanleg om somrane, men førekom og om vintrane. Oppkjøparane i Bergen sende flakeskuter med tønner og salt. Silda vart salta på land og så teken om bord. Likeins har atskillege mengder fisk hamna i tønner, frå ytst til inst gjennom åra. I bu, skjå og naust har kvinner og menn stått bøygde over laketønnene. Men med saltebuer meiner me sjøhus som er flytta inn frå saltehamnene på utøyar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Færøyvik, Bernhard, red: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane. Band 1. Bergen 1939.
Johansen, Karl Egil: Fiskarsoga for Sogn og Fjordane 1860 -1980.Universitetsforlaget. Oslo 1982.

PERMANENT IDENTIFIKATOR