Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Prestegardsnaustet



Prestegardsnaustet er ein av dei eldste bygningane på Aurlandsvangen, eit stort, romsleg naust med plass til fleire båtar. Det ligg i eit nærast urørt strandområde i sentrum.

Prestegardsnaustet i Skinnarviki i Aurland.

Prestegardsnaustet i Skinnarviki i Aurland.

Eigar: Aurland kulturkontor, fotosamlinga.

Datering: Ca. 1990.

Fotograf: Herleiv Alvheim.

Eit kulturminne

Prestegardsnaustet kan vera bygt så tidleg som på 1100-talet, då sjøen var hovudferdslevegen i tronge fjordar med bratte fjellsider. Presten nytta båt, og båten måtte takast vare på. Naustet ligg i Skinnarviki, nær den gamle prestegarden på Vangen. Kyrkja i Undredal, bygd i 1147, gjorde det nødvendig for presten å ta seg fram på sjøen. Truleg var der òg kyrkje i Flåm om lag på den tidi. Opplysningsvesenets Fond ved Kyrkjedepartementet eig naustet.

Restaurering og bruk

Prestegardsnaustet vart i kulturminneåret 1997 utpeika til Aurland sitt kulturminne. Naustet hadde i lengre tid vore i dårleg stand. Restaureringa vart gjort i åra 1998-2000, og naustet er på nytt ein del av ein heilskap i eit historisk strandmiljø på Aurlandsvangen.

Det "ledige" naustet har vore nytta av bygdefolk til ulike føremål gjennom mange år, m.a. til vinterlagring av båtar. Ved eit par høve har naustet dei siste åra vore nytta til bygging av Sognebåten. Prestegardsnaustet blir etter restaureringa nytta i samband med undervisning i naturlære av studentar ved Sogn Jord- og Hagebruksskule.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Ohnstad, Anders J.: Glimt frå aurlandssoga, bd. II. Aurland 1994.
Informasjon frå Anders J. Ohnstad.
Dokument og skriv frå Opplysningsvesenets Fond v/Kyrkjedepartementet.

PERMANENT IDENTIFIKATOR