Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Sjøhusmurane på øyane i Flora



I samband med det rike sildefisket i Kinn Prestegjeld på 1800-talet, vart det bygt fleire hundre store salteri for å ta hand om all silda. Det måtte byggjast til dels store murar som fundament for alle salteria og sjøhusa. Murane vart for det meste bygd på øyane Batalden, Kinn, Nærøyane, Reksta og Skorpa, heilt vest i Flora kommune. Dei fleste av desse murane står framleis att som minnesmerke om dette rike sildefiske.

Den gamle Lemkuhlbua i Batalden slik den truleg så ut. Bildet er foto-manipulert med utgangspunkt i eit foto som synte delar av bua i bakgrunnen. Lemkuhlbua bles ned under ein sørleg orkan i 1931.

Den gamle Lemkuhlbua i Batalden slik den truleg så ut. Bildet er foto-manipulert med utgangspunkt i eit foto som synte delar av bua i bakgrunnen. Lemkuhlbua bles ned under ein sørleg orkan i 1931.

Eigar: Ottar Stevnebø.

Datering: Ukjend.

Fotograf: Repro/manipulering: Trond Strømgren.

Tidleg sildefiske

Frå dei tidlegaste tider har fisken og livet i havet vore sjølve grunnlaget for busetjing i Noreg. Øyane utanfor Florø har truleg hatt busetjing i over 5000 år og fisket har til all tid vore viktig. Frå 1700-talet og framover bygde fjordabønder, frå stader som til dømes Eikefjord, Førde, Naustdal og Holmedal, seg fiskarhus eller sjøbuer på øyane og brukte desse under vintersildefisket. Fjordabøndene hadde eigne båtar og bruk, og kom seglande ut med mannskap frå heimbygda.

Bygging av salteri

I perioden 1808 til 1873 var det eit årvisst og rikt sildefiske i området ved øyane Batalden, Kinn, Nærøyane, Reksta og Skorpa. Etter kvart fekk vi ordtaket "dra til Kinn og bli rik".

Om lag 1850 auka mengda av sild og fangstane vart særs store. Det vart bygd store saltebuer, såkalla salteri, rundt om på øyane for å ta hand om all silda. Dei største salteria vart sett opp av handelsmenn frå Bergen, Stavanger og heilt sør til Egersund. Til dels store og omfattande sjømurar måtte lagast som fundament for desse bygningane.

Bygningane vart gjerne forsikra mot brann og dei gamle branntakstprotokollane gjev gode døme på storleik og korleis salteria var bygde. Dei største i Batalden var opptil 32 x 12 meter store, og på Skorpa var eit salteri heile 45 meter langt. Saltebuene var oppført som bindingsverksbygg, ifølge protkollane "af Stænderverk og forsynet med Bordklæding". Husa hadde teglstein eller never og torv på taket. Ofte hadde salteria også tilbygg i stenderverk.

Ved dei offisielle teljingane som var i 1862, var det registrert til saman 337 salteri på øyane Batalden, Kinn, Nærøyane, Reksta, Skorpa og ein del andre øyar. Sia sildefisket auka på utover 1860-åra, vart det bygt mange fleire salteri etter at desse teljingane vart utførde. Teljingane oppgjev 65 saltebuer i Batalden, men det er no registrert 120-130 sjøhusmurar berre i Batalden. Dersom dette forholdet er symptomatisk for dei andre øyane er det grunn til å tru at det til saman var godt over 600 salteri i området. I dag finst berre nokre få av desse gamle saltebuene att på øyane, men dei fleste sjømurane står framleis att.

Bruken av salteria

Fiskarane kom seglande eller roande med fangsten og silda vart teken inn i første høgda på buene. Det var vanlegvis ei eller to høgder og loft på buene. Etter ganing vart silda salta i tønner, og tønnene vart så lagra i andre høgda eller på eigne plattingar ute.

Salteria vart også delvis nytta til losji. På loftet, og også i det vesle rommet heilt oppunder mønet, vart arbeidsfolka innlosjerte. Det var både karar og kvinnfolk. Sildefisket gjekk føre seg i dei kaldaste vintermånadene januar og februar, og losjiromma på saltebuene var derfor utrusta med omnar. Frå branntakstprotokollane har vi følgjande: "På deler af loftet er aftømred 2 Værelser, der skilles ved paneling, i disse er anbragt 2 Døre og 2 fag Vindu, samt en Malmkogeovn, denne staar gjennom panelingen og tjener til at oppvarme begge Værelser. Over de her nævnte Værelser er afpanelet et Værelse, her er bestemt at anbringe Ovn". Merk plasseringa av omnen i skilleveggen. Under fisket var det dessutan samla så mykje folk på øyane at fiskarar og arbeidarar elles sov kor som helst det var tak over hovudet. Varmen heldt dei ved å liggje tett saman. I 1860 var det registrert tilsaman 13 000 fiskarar under Kinnafisket, men truleg var talet noko større.

Nedgangstider

Etter 1873 forsvann silda frå området, og dukka seinare berre sporadisk opp. Det var derfor ikkje lenger noko nytte å ha salteria ståande. Sia buene var enkelt konstruerte vart mange saltebuer tekne ned, ført med seglfarty til andre stader og sett opp der fisket gav grunnlag for vidare verksemd. Teglstein låg lause og var lett å ta av ved flytting.

Utover på 1900-talet stod det framleis mange sjøhus att. Dei vart nytta av lokalfolket i samand med virket på sjøen og til lagring av ymse reiskap, småbåtar og anna. Etter som åra gjekk, tok forfallet over på desse buene og med nokre unntak vart dei rive ned eller teke av stormen.

Ny aktivitet

På nokre murar kom det opp nye sjøhus. Med havet og sjøen som næraste nabo satsa framleis mange i øyane på fiskaryrket. Fiskarane hadde trong for sjøhus som var tilpassa sitt bruk. Dei fleste av desse nye sjøhusa vart bygde der fiskarane budde og der det var djupt nok til at større fiskebåtar kunne legge til. Var det trong for meir kaiplass framføre sjøhusa, vart det bygt nye kaier. Enkelte murar har også opp gjennom siste hundreåret vorte fylt opp med stein i samband med bygging av vegar eller kaier.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Direktøren for det civile Medicinalvæsen: Beretning om Sundhedstilstanden og Medicinalforholdene i Norge, div. årgangar 1895-1899. H. Aschehoug.
Færøyvik, Arne: Vårsildfisket i Kinn 1830-1870. Hovedoppgåve i Historie. Bergen 1983.
Holme, Jan: Telegrafsild og damp. Semesteroppgåve i lokalhistorie. Sogndal 1994.
Magazin for Lægevitenskaben 1857 og 1858. Kristiania.
Lensmannen i Kinn: Branntakstprotokoll 1864-1899.

PERMANENT IDENTIFIKATOR